
|
AG Tre |
|
Fatland bustadfelt |
|
Bygda vår er sikkert den einaste i landet som ikkje har noko offisielt namn. Lokalt seier me gjerne Strondo, fordi ho består av dei fire gardane Arnevik, Fatland, Kjeka og Sydnes, som alle ligg langsetter Sydnessundet, sør på Halsnøy i Kvinnherad kommune.
I denne samanhengen vil me kalla bygda for Fatland, sidan det er på Fatland det nye bustadfeltet vårt ligg (sjå nedafor).
Les meir om bygda vår her.
|
|
Me har utvikla vår eigen hustype, ut frå tankar om korleis me sjølve gjerne vil ha det når me vert gamle. Og ut frå røynsler me sjølv gjorde med småborn i huset for ein del år sidan.
Huset kan du få med to eller tre soverom. Alt er på eitt golv, slik at det er rullestolvenleg, barnevenleg, gåstolvenleg, osb.
Det har stor carport, som kan nyttast til hobbyrom, hagestove, lager, og mykje meir. Dessutan er det stor terrasse, som er delvis overbygd.
Les meir om huset vårt her. |
|
Bygda |
|
Huset |
|
Alle gode ting er AG Tre |
|
Kjøp nøkkelferdig hus! |
|
Feltet |
|
Fatland bustadfelt er eit regulert område med inntil 24 bustad-tomter. Desse vert tilrettelagde litt etter litt, etter som interessa gjer seg gjeldande.
Du kan kjøpa tomt i feltet, for å byggja sjølv. Eller du kan kjøpa eit ferdig hus (sjå til høgre).
Les meir om feltet vårt her. |
|
I Fatland bustadfelt har me til sals to nøkkelferdige og innflytningsklare hus av typen som er skildra ovafor.
Eine huset har to soverom og det andre har tre. Husa vert sjølvsagt selde kvar for seg, men eit tips kan vera at dei høver perfekt for to generasjonar som ynskjer å laga eit felles tun, men utan å bu i same huset.
Les meir om visning og eventuelt kjøp av nøkkelferdig hus her. Brosjyre/prospekt kan du lasta ned her. Sjå bilete frå huset her. |