AG Tre

Informasjon

Kart

Informasjonstavler

Alle gode ting er  AG Tre

På bestilling lagar me informasjonstavler av typen du ser ovafor. Kan monterast på betongfundament (t.v.) eller direkte på tørt fjell (t.h.).

 

Laga av olja gran, der søylene er beisa. Torvtak. Plass til lampe, klokke el.l. til å henga under taket.

 

Tre sider med tre store plakattavler, t.d. for informasjon på fleire språk.

 

Over tavlene kan det monterast stadnamnskilt og vegvisarar (t.v.). Desse kan leverast av oss.

 

Informasjonstavla vert levert komplett, men utan montering, og utan torv til taket.

På bestilling kan me laga ymse typar kart. Nedafor nemner me nokre av dei vanlegaste.

 

 

Turløype

 

Kart som er plasserte ved starten av alle turløypene, dessutan på strategiske stader rundt i løypa. Kartet syner kvar du er no, korleis løypa går, kvar du får informasjon undervegs, og kanskje kvar det finst kulturminne, utsiktspunkt og andre interessante detaljar.

 

Last ned døme Sydnessåta ...

 

 

Turkart

 

Eit turkart dekkar gjerne eit større område og fortel litt grovt om kva som finst av turløyper, attraksjonar, servicetilbod, kulturtilbod, o.a. innafor dette området.

 

Slike kart vert oftast selde til turistar og fastbuande. Firma og private kjøper dei også for å gje dei til gjester som skal vera på staden ei viss tid. Kan gjerne finansierast med annonsar på framsida og/eller baksida.

 

Sidan desse karta skal kosta pengar for brukaren, legg me ikkje ut noko døme her.

 

 

Oversiktskart

 

Kan anten vera eit kart med lite informasjon, som er tenkt å gje eit grovt overblikk over eit litt større område (sjå døme Kvinnherad og Halsnøy).

 

Eller det kan vera eit svært detaljert kart over eit lite område, til dømes med mange stadnamn og andre detaljar (sjå døme Fatland).

 

Klikk her for å sjå

dei tre nemnde døma ...

 

 

Sykkel-, bil- og båtkart

 

Kart som syner vegar, stiar, båthamner, badeplassar, fiskeplassar, overnatting, servicetilbod, attraksjonar, etc. Er på A4-format, med all informasjon på framsida, slik at det er lett å bruka for ein syklist.

 

Sjå døme Halsnøy ...

 

 

Sentrumskart

 

Kart som syner gater, bygningar, idrettsbanar, parkar, etc i eit sentrumsområde.

Sett gjennom

Argus sine augo

 

Kjøp boka Sett gjennom Argus sine augo av Arne Gjerde. Røff sunnhordlandshumor, illustrert av Trygve Hansen.

 

Les meir ...

 

Det lange huset

 

Boka Det lange huset var fyrste boka Arne Gjerde skreiv. Undertittelen er Gründerens memoarer.

 

Les meir ...

 

Bøker