AG Tre

Finn oss

Geografisk plassering

Kart

Alle gode ting er  AG Tre

Er du interessert i å vitja oss? Då må du fyrst finna fram landet som heiter Noreg eller Norway på globusen.

 

Deretter tek du ein titt på kartet til høgre og finn ut kvar Kvinnherad kommune finst i landet. Me held til på Halsnøy, lengst sør i denne kommunen.

 

For å koma til Kvinnherad kan du køyra frå kvar som helst i verda, til Odda i Hardanger. Der køyrer du så gjennom Folgefonn-tunnelen, altså under sjølvaste Folgefonna. Då er du i Kvinnherad.

 

Ta gjerne ein tur innom det vidgjetne baroniet i Rosendal på vegen til Halsnøy. Eller stogg på turistinformasjonskontoret på kaien i Rosendal, for kommunen vår har svært mykje interessant å by på.

 

 

Her på vakre Halsnøy (som i daglegtale berre vert kalla Perlo) held me altså til. Nærare bestemt på Fatland, lengst sør på øya.

 

Du treng ikkje ta ferje dersom du kjem gjennom Kvinnherad, for i 2008 fekk me den undersjøiske Halsnøytunnelen på 4,1 km.

 

Kjem du derimot frå vest, må du ta ferje frå Skjersholmane på Stord til Ranavik på Halsnøy. Ferja går vanlegvis med 45 min intervall, og ho tek ein god halvtime.

 

Frå sør kan du òg ta ferje frå Utbjoa til Sydnes. Der går ferjene noko sjeldnare. Sjekk tide.no for eksakte rutetider.

 

Du kan òg ta snøggbåt til Ranavik frå Bergen, Stavanger, Haugesund og Stord.

Vel framme på Fatland treng du strengt tatt ikkje noko kart for å finna oss. Men sidan me driv med kartkonstruksjon, og dessutan gjerne vil fortelja deg kva som finst på staden, har me laga eit kart over garden Fatland òg.

 

Du finn oss ved referansetalet 20 på kartet. Her ligg kontoret til Edb-konsulenten, med varemerket AG Tre. Her startar òg den flotte turlløypa til Såto, med utsikt over store delar av Sunnhordland.

 

Fatland ligg 2 km frå Sydnes ferjekai, 15 km frå Ranavik ferjekai, 15 minutt frå Husnes, 45 minutt frå Rosendal, 1,5 time frå Odda, og 7 timar frå Oslo.

 

Ta kontakt med Anna (tlf 99 24 25 36) eller Arne Gjerde (tlf 938 17 200) dersom du ikkje finn fram. Men dette gjer du gjerne i god tid på førehand uansett, for å sikra deg at du ikkje gjer bomtur!

 

Velkomen skal du vera!

 

 

 

Alle tre karta på denne sida kan du lasta ned som pdf-filer her:

 

Kvinnherad

Halsnøy

Fatland

 

 

 

Vil du vita litt om bustadfeltet som me har lagt ut her på Fatland, klikkar du her.

 

Du kan sjå panoramabilete over Fatland ved å klikka her.