
|
AG Tre |
|
Trelast |
|
Me har utstyr for å skjera tømmer 700 mm i diameter, og inntil 7 m lengde.
Me har tørke som kan gjera rått virke høvlingstørt på ei veke.
Me har høvelmaskinar som høvlar 4-sidig opptil 180 mm og 2-sidig opptil 500 mm.
Me har mykje anna utstyr som kan hjelpa oss til å laga nett den trelasta som du treng til eit spesielt føremål, og som du ikkje får på eit vanleg trelastlager.
Og ikkje minst så har me eigen skog, der me kan plukka ut nett dei dimensjonane som høver for deg.
Prisen vert sjølvsagt vanlegvis høgare enn på standard trelast, men kvaliteten skal vera i samsvar med avtale.
Ein del dimensjonar har me på lager, men du må normalt rekna med noko leveringstid.
Ta kontakt med Arne Gjerde (tlf 938 17 200, epost arne.gjerde@n-lt.no) og spør om me ikkje kan hjelpa deg! |
|
Panel |
|
Spesial trelast |
|
Alle gode ting er AG Tre |
|
Spesialiteten vår er innvendig rundtømmerpanel i gran og furu.
Hjå andre leverandørar får du denne panelen gjerne opptil 27 mm tjukk. Me lagar han på heile 34 mm, noko som gjev rundare profil. Dette skapar eit inntrykk av at veggen er tømra av heilt tømmer (sjå bilete nedafor).
Me lagar òg flattømmerpanel. Den er 20 mm tjukk og ser ut som flat tømre, med eit lite hakk mellom stokkane.
Panelen kan nyttast trekvit, eller du kan måla, beisa eller olja han. For båe paneltypane gjeld at dei har ei effektiv breidde på 158 mm etter at borda er fuga saman.
NB! Me lagar ikkje faspanel og andre vanlege billegpanel. Dei kjøper du heller på eit ordinært trelastutsal!
Frå tid til anna lagar me òg innvendig og utvendig villmarkspanel, i ymsande dimensjonar. Ta kontakt.
Prisane nedafor er ajour pr 15.06.2010. |

|
Rundtømmer-panelen får du med lite kvist (over) eller mykje kvist (under), alt etter kva du ynskjer. |
|
Profilen på rundtømmer-panelen er 34mm tjukk.
|
|
Dei tre øvste bileta syner gran-panel, som er kvit i fargen.
Furu-panelen til høgre har derimot meir liv på grunn av al-veden.
|
|
Prisar innvendig panel pr 15.06.2010 (pr m ekskl mva) |
|
|
Rundtømmerpanel 1. sort |
39,00 |
|
Flattømmerpanel 1. sort |
32,00 |