Det gamle hovudhuset frå 1850 høver fint i Gamlatunet på Fatland.

Blogg historikk 2018 Januar

Julius på julekvelden, fotografert av ei framleis skjelven jordmor. Foto: Gerd Kaldheim.

Gråe, men koselege julemus. Foto: Anonym.

Nissen spreier juleglede. Og litt vin! Illustrasjon: Adobe Stock.

Julekvelden i stallen

25.12.2017

Det var i stallen det skjedde. På julaftan. For over to tusen år sidan. Det store. Det fantastiske. Som vismennene kom langveges frå for å sjå. Nemleg at jesusbarnet vart fødd.

 

Og det var i stallen det skjedde i gårkveld. På julaftan. Med fødsel. Fantastisk denne gongen òg, om enn på ein litt annan måte. Stort var det iallfall, til gagns. Også her kom det ein vismann innom, Dyrlegen var det visst dei kalla han.

 

Det er slik hos oss at annakvar jul kjem born og barneborn heim til Fatland og vitjar Anna og meg i herberget. Ikkje for å skriva seg i manntalet vårt, for der har dei skrive seg inn ein gong for alle. Men kort og godt for å feira jul.

 

Dette var ikkje eit slikt år, så det som skjedde denne gongen, medan Peder var landshøvding i Kvinnherad, var at me valde å forlata herberget og heller reisa inn til Etne, der Anna kjem frå. Sjølv trong eg så absolutt eit par dagar fri, for å slappa av og samla krefter, og Anna reiser meir enn gjerne til barndomsheimen sin.

 

Me gjorde oss klare for å feira saman med søster, storebror og veslebror. Som forresten ikkje er meir vesle enn at han har passert femti. Pluss ein nabogut, som elskar å feira jul saman med oss.

 

Det vil seia, storebror skulle eigentleg reisa til dama si i Ryfylke utpå julaftan, men han måtte berre syta for å få unna ein fødsel i fjøset først. Kua var diger, og tipsa gjekk på om det skulle bli tvillingar, eller kanskje til og med trillingar.

 

Timane gjekk, og storebror venta framleis. Noko den siste ferja over Jøsenfjorden ikkje gjorde. Han måtte difor satsa på å feira jul med oss. Ikkje i Betleheim, men på Kaldheim.

 

Det som skulle bli ei koseleg julefeiring, enda opp med at me to langvegsfarande vart sitjande i stova, saman med naboguten, og venta i spenning på den glade bodskapen frå stallen. Me kosa oss det beste me kunne med den fantastiske sylteskinka som vismannen visstnok hadde laga.

 

Men kvelden vart lang for naboguten, som streid hardt. Rett som det var gjekk han bort og studerte haugen med pakkar. Han hadde lyst, men han proklamerte med jernfast vilje at han skulle klara å venta.

 

Til slutt frekventerte han gåvehaugen så ofte at me berre måtte la han få lov til å opna eit par. Då var han nøgd og sa han skulle klara å venta resten. Me sette han likevel til å dela rundt pakkane, slik at dei var klare til opning når fjøsfolket endeleg kom inn.

 

Det gjorde dei til slutt, men då var klokka blitt halv elleve!

 

Det vart berre éin kalv. Men for ein kalv! Han vog heile 69 kilo, nesten dobbelt så mykje som ein vanleg kalv!

 

Det var knapt så det var plass til han i krubba. Dei stakkars tre fjøsfolka var heilt utslitne, det same var kua, og kalven hadde heller ikkje streva så mykje før, i heile sitt korte liv.

 

Ein svært spesiell julekveld vart det. Om det er den mest spesielle eg har vore med på, skal vera usagt. Kanskje kjem det andre julekveldar fram i minnet etter kvart.

 

Om det står bra til med mor og barn?

 

Vel, kalven, som naturleg nok heiter Julius, har det bra. Men mora var så utmatta at det ikkje var råd å berga henne. Ho måtte naudslaktast i dag.

 

Romjulsdikt

27.12.2017

Eg er ingen diktar, det må me slå fast først som sist. Iallfall var eg ikkje det i ungdommen, eg klarte ikkje å få to linjer til å rima om du løfta meg opp etter beina. Eller iallfall ikkje då.

 

Men sidan eg alltid har hatt for vane å prøva på noko som eg aldri har prøvt på før, kom den dagen eg måtte prøva å skriva dikt. Seinare har det blitt ein vane.

 

Det vil seia, Henrik Ibsen og Arild Stubhaug og slike, dei får framleis lov til å dominera øvste hylle i biblioteket, eg skal ikkje utfordra dei. Men nede ved golvet der rular Arne!

 

Det er mest i festlege høve, til dømes når einkvan fyller år, at eg tvingar ånda over meg, slik at eg kan få skrive ned eit poetisk helsing. Anten blir det sendt på SMS, eller på epost, eller opplese av forfattaren sjølv dersom han er så heldig å vera invitert. Kvaliteten er variabel, som dagsforma.

 

Det hender at andre sender små dikt til meg òg. Som i dag, då eg fekk eit lite rim frå ei som hadde motteke julebrev frå Anna og meg, og som tykte ho måtte takka for dette. Diktet var ikkje nett nokon hyllest til meteorologar og vergudar, ho klaga på både gråver og gråe mus. Og bildet ho la ved skulle nok vera prov på at iallfall det siste var tilfelle.

 

Så nett no har eg sendt dette vesle romjulsdiktet til henne, ho vil forresten gjerne vera anonym:

 

Nei, skulle du høyra på slikt,

Ho svarar med rimord og dikt,

Om lur… eh … julemus, meir spesifikt,

Med fingrar som neppe har gikt.

 

Me har vel gått oppad i vikt

av ribbe og øl/akevitt,

så no må me bli ganske strikt

for å avfleska kroppen litt kvikt

 

Me slepp ikkje unna den kuren,

så ikkje still ved klagemuren.

Det meiner den’ her trubaduren,

som helsar til Sjo og Skaaluren.

 

Men snart er det nyttår, og då får me sanna,

at atter ein gong må me fylla opp kanna.

Då skålar me, heilt ifrå Sjo til Havanna!

Godt nyttår, det ønskjer me!

Arne og Anna.

 

Dagens Julius

08.01.2018

 

Du hugsar kanskje den ovstore stutkalven Julius som vart fødd på julekvelden?

 

Her kan du sjå korleis han ser ut eit par veker etter fødselen. I fin form, og ikkje nett nokon smågut.

 

Dei siste meldingane frå Kaldheim går ut på at Julius, med personnummer 0358, har det berre bra.

 

Han er så smått byrja eta kraftfor og silofor. Me får håpa han ikkje et altfor mykje om gongen, for med det solide utgangspunktet han hadde så kan han bli kjønnsmoden lenge før tida.

 

 

 

Godt nytt år!

31.12.2017

I samband med at me i kveld jumpar over til 2018, vil eg gjerne avslutta med ei lita solskinshistorie frå slutten av året som gjekk.

 

Det er nemleg ikkje berre på Nordpolen dei har ein snill nisse som yter god service til jul. Også på Karmøypolet kan du finna han.

 

Det hadde seg slik at siste veka før jul ville eg påskjøna ein venn på Karmøy med ein kasse vin av god kvalitet, for tenester han hadde utført for meg gjennom året. Men med berre nokre dagar att til jul var eigentleg gode råd dyre, vinane òg forresten.

 

Ikkje hadde eg tid til å reisa ut til han, så eg gjekk inn på vinmonopolet dott enno for å bestilla dei edle dråpane. Eg kryssa av for den eine edlare enn den andre, medan smaksløkane gjekk berserk i munnen.

 

Betalte gjorde eg òg, og vart glad over tilbakemeldinga om at han skulle få sms om å henta ein pakke på polet på Oasen. Og eg sende sjølv melding til han om at han kom til å få ei hyggeleg melding, ikkje frå Nordpolnissen, men frå Karmøypolnissen.

 

Han klarte sjølvsagt ikkje venta på melding frå nissen, det hadde sikkert ikkje eg gjort heller, så han stakk innom på Oasen tidleg neste dag og spurde om det var ein pakke til han. Der kunne dei ikkje finna nokon ordre, så han lurte på om eg hadde lurt han.

 

Eg sende då epost til kundesenteret på Vinmonopolet sentralt og spurde kva dette var for noko. Dei fann ut at eg hadde ikkje avslutta ordren skikkeleg, men dette skulle dei ordna. Og 31 minutt etterpå var ordren utført, presangen var pakka, og vennen min kunne stikka innom att og henta.

 

Mildt sagt overraska, er ei altfor svak nemning på det eg følte då eg såg den fantastiske kundeservicen. Rett nok har eg mål om 1 time som maksimal responstid til mine eigne kundar, men at eit stort konsern, midt i julerushet, og med sentralt kundesenter, skulle klara noko slikt hadde eg aldri trudd.

 

Julenissen kunne ikkje gjort det betre! Hurra for polnissane på Oasen! Og på kundesenteret!

 

 

 

Julius (til venstre) veks og trivest. I bakgrunnen kan du skimta jordmora. Foto: Anders Vetrhus.

Endre under familiekonserten i kyrkja i Egilstaðir på Island, for seks år sidan.

Til minne om Endre

18.01.2018

 

I dag har me følgt nevøen min, Endre Gjerde, til grava. Godt over to hundre møtte opp i Eid kyrkje for å ta farvel, og heile 110 fann plass i grendahuset på Fatland etterpå, der det var så stappfullt at somme måtte snu i døra. Ein gripande og verdig seremoni var det begge plassar.

 

Ved fleire høve har eg kalla Endre for verdas snillaste mann, og det rører ved mange kjensler når ein slik kar forlet oss i ein alder av berre 40 år.

 

Som ein nær nabo skreiv til meg då han fekk vita at Endre var død:

 

- Det er dei beste som døyr. Endre var nok for god for denne verda.

 

Han var ei uroleg sjel som streva heile tida etter å finna den rette balansen i livet. Ein balanse han kunne leva med, og som omgivnadene kunne leva med, det var han oppteken av. Han var mindre sosial dei seinare åra, for han ville ikkje belemra andre med sine personlege problem.

 

Trass i at han heldt seg mykje for seg sjølv, likte han godt å bli invitert i selskap rundt i den store familien vår. Ikkje alltid var han i form til å koma, men familien var svært viktig for Endre. Det understreka han titt og ofte.

 

Han var eit naturbarn, som gjekk lange daglege turar, uansett ver og vind. Og han var ein tenkjar, som filosoferte mykje meir enn folk flest. Ein klok mann, kan ein trygt seia. Søskena hans fortel at Endre var førebildet, og dei såg veldig opp til han.

 

Endre har endeleg fått den roen som han søkte i livet. Det er ei trøyst midt oppi sorga.

 

Me vil aldri koma til å gløyma deg, Endre!

 

 

 

 

Englane på peishylla. Kamelen har teke nissen sin plass, det høver mykje betre.

Englane og kamelen

23.01.2018

 

Plar du pynta med både nissar og englar til jul? Det gjer eg òg. Men er du ein slik ein som blandar saman desse to fantastisk koselege vesena? I ei smørje? Då må du skjerpa deg til neste år!

 

Både nissar og englar høyrer jula til. Det er ikkje slik som mange meinte før, at dei kristne pynta med englar, og heidningane med nissar. Begge har sin rettmessige plass hos alle.

 

Men du må aldri finna på å blanda dei. På det området er eg skikkeleg stabukk! På det området òg, vil sikkert Anna seia.

 

Hos oss er det nissar i massevis utanfor ytterdøra, kanskje innanfor med. Men i stova der rår englane. Nokre smånissar oppi blomsterpottene kanskje, men plassert i god avstand frå englane.

 

Det er alltid min jobb å stella med englar og nissar. Til gjengjeld så slepp eg å baka. Og i år skulle alt skje i nytt hus, så gamle vanar galdt ikkje lenger.

 

Ein stor gullforgylt kamel med ryttar stod strategisk til midt på peishylla, og rundt kamelen var plassert nokre forgylte musikkinstrument, deriblant ei harpe. Meir perfekt stad å plassera ein skokk med englar kunne eg ikkje drøyma om.

 

Det heile var gjort på tre minutt. Pluss ein halvtime til å beundra verket.

 

 

 

 

www.ag3.no
ARNE.GJERDE@N-LT.NO
Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik

© Det er lov å sitera frå denne nettsida
ved å referera til www.ag3.no.
Meir omfattande bruk må avtalast skriftleg.
Elles gjeld Lov om opphavsrett til åndsverk.

Utsikt utover Klosterfjorden ein vinterdag.