Det gamle hovudhuset frå 1850 høver fint i Gamlatunet på Fatland.

Blogg historikk 2018 Oktober

Øyvind, som jo nærmast har blitt autodidakt arkeolog gjennom jobben sin som vaktmeister på Halsnøy kloster, fann utruleg mykje spennande å studera på Rhodos, ei øy som jo er kjend for alle oldtidsminna sine. Dette treet kunne for så vidt like gjerne ha stått i klosterhagen heime.

Før og etter nesten-banesåret. Det ser unekteleg mykje tryggare ut med sokkar. Men ein anelse mindre sexy kanskje.

 

Leggen vart svær som ein furulegg, etter at basseluskane sette i gang med svineriet sitt der den store raude flekken er. Foto: Anna Gjerde.

Den lange ferien 1

24.10.2018

No er det visst ein heil månad sidan sist eg var inne og blogga, noko som har sine grunnar. Men somme masar om at no er det på tide å koma i gang att. Sjølv om dei seier at det siste bildet eg la inn for så vidt har høvt for heile månaden sidan.

 

Ei av forklaringane på pausen er at ferien på Rhodos, som var tenkt å vara ei veke, vart på nesten tre veker før me var heime att. Dette som følgje av sjukehusopphald der nede.

 

Eigentleg hadde eg tenkt å gå forbi dette i det stille, men sidan fleire ønskjer å få vita meir om kva som der hende, og om korleis eg opplevde dette totalt sett, vil eg laga ein heil liten serie om Den lange ferien. Ein tittel som kanskje er ørlite inspirert av tittelen på den første boka eg skreiv, nemleg Det lange huset.

 

 

 

 

 

Slik såg rommet mitt ut, senga mi er den som ser minst oppreidd ut. Og utsikta innover ferieøya var upåklageleg, når eg kom såpass til hektene at eg kunne kreka meg bort til vinduet.

 

Den lange ferien 4

31.10.2018

På akutten var det tre alvorlege legar som stod over meg og diskuterte. Og dissekerte, hadde eg nesten sagt. For meg høyrdest det ut som at det var måla på kista mi som var temaet. Men heilt stø i gresk er eg ikkje, så eg kan ha teke feil.

 

Så kalla dei til seg overlegen, ei flott dame med mykje autoritet, som rundt på huset vart kalla The Big Lady. Ho skulle altså avgjera lagnaden til Mr. Bigfoot Senior. Dei første to dagaene gjekk det i tablettar, sprøyter og intravenøst heile tida. Men ladyen var flink, så eg vart utskriven etter fire dagar.

 

Dei lokale vinprodusentane og bareigarane sende meg helsingar og håpa eg vart frisk snarast. Naturleg nok, dei tapte jo store pengar på at eg låg der med alkholforbod og ikkje kunne smaka vin. Eg sende takkehelsingar tilbake og forsikra dei om at pencilvin var eit himla godt alternativ.

 

 

 

 

 

 

Den lange ferien 2

26.10.2018

Er du dame? Og er du i tillegg ei av dei som ler av mannfolk som går med sokkar i sandalane? Eg har aldri forstått kvifor det skal vera så sexy å gå rundt med gnagsår, så eg brukte alltid sokkar.

 

Før. Men så vart eg så inderleg lei av denne hånlege latteren at eg slutta med sokkane. Det skulle straffa seg ein dag, nett under denne lange ferien.

 

Det hadde seg slik at Øyvind og eg gjekk inn på ein flåterestaurant som heiter Kon Tiki. Der kjøpte me kvar vår meksikanske øl, type Corona, 0,33 liter.

 

Då me reiste oss att for å gå vidare på byturen vår, var eg uheldig og sparka borti ein stålkant, som skar seg inn under eine tåa. Der vart det eit sår. Nesten eit banesår. Men meir om det i neste bolkjen.

 

Hadde eg hatt sokkar i sandalane så hadde ikkje dette skjedd. Så for ettertida så gir eg blaffen i å sjå sexy ut når eg er på ferie. Og kvinnfolka kan le så mykje dei berre vil.

 

Ein god latter forlengjer livet, heiter det forresten. Kanskje det er difor kvinnfolka lever lenger enn det sterke kjønn?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Den lange ferien 3

29.10.2018

Banesåret, ja. Det gjorde frykteleg vondt i tåa, men eg brydde meg ikkje om det. For eg hadde ferie, og då skulle eg ikkje ha på meg sokkar i sandalane, det var jo damer til stades. Og plaster på såret ville jo få meg til å sjå direkte usexy ut.

 

Eg går alltid til legen med ein gong, men denne gongen ville eg ikkje at ein lege skulle øydeleggja ferien min. Så eg øydela han like godt sjølv.

 

 

For dagen etter trakka me rundt i i byen, 14 000 skritt, sa Borgny, som har topp moderne skritt-teljar i lomma si. Under spaserturen har nokre utspekulerte basseluskar sett sitt snitt til å krypa inn i såret. Dagen deretter att var det full fyr i leiren.

 

Men eg venta endå ein dag med å gå til legen, då kunne eg ikkje lenger gå på foten. Han var svær som ein elefantlegg, og han sa au berre du såg på han. Au-tomatisk! Og det spreidde seg oppover i kroppen, veldig fort.

 

Då måtte eg berre koma meg til lege. Han såg på såret under tåa, der det ikkje var teikn til infeksjon. Men det var der basseluskane hadde kome inn, sa han, og så hadde dei starta å gjera ugagn lengre oppe.

 

Han reinsa, sydde, og plastra såret godt. Så heiv han meg oppi ein rullestol, og inn i ein ambulanse, med Anna på slep som assistent og betre halvdel. Blålysa på, og full fart til akutten på Euro Medica sitt internasjonale sjukehus.

 

 

Kvifor så mykje styr for eit lite sår, tenkte eg. Mest truleg fordi infeksjonen utvikla seg så fort, og fordi legen ikkje visste kva for ein bakterie det var. Han sa berre at det var ein veldig alvorleg infeksjon.

 

Men det har òg slått meg at dei kanskje gjer litt ekstra ut av det når du held deg til eit velrenommert norsk forsikringsselskap. Det var nemleg slik, både hos legane, sjukehuset og hotella våre, at dei gjekk nærmast opp i stram givakt då dei høyrde namnet Gjensidige.

 

Så kanskje gjorde dei meir vesen av såret mitt enn det var grunn til? Berre for å hala ut nokre fleire kroner frå Gjensidige? Eller kanskje var dette faktisk den skumlaste basselusken dei visste om?

 

Ikkje veit eg, for informasjon var ikkje det dei strøydde mest om seg med. Legar generelt er òg meir arrogante og autoritære enn me er vane med her heime.

 

 

By the way, då denne første legen undersøkte meg, opplevde eg for første gong på dei 44 åra Anna og eg har vore gifte, at ho eksploderte. Ho fauk opp frå stolen og skjelte han ut, og sa at han fekk ikkje lov å trakassera og plaga meg!

 

På norsk! Både denne greske legen og eg berre stod og måpte. Han forstod jo like lite norsk som ho forstod gresk. Eg måtte forklara han at ho hadde vondt av meg, og at det var difor ho reagerte slik.

 

Men ho hadde rett. Denne høgst uventa reaksjonen hennar kom då han i ein ganske brysk tone spurde kvifor eg ikkje hadde gått til lege før. Eit spørsmål eg hadde svara han inngåande på to gonger før!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

www.ag3.no
ARNE.GJERDE@N-LT.NO
Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik

© Det er lov å sitera frå denne nettsida
ved å referera til www.ag3.no.
Meir omfattande bruk må avtalast skriftleg.
Elles gjeld Lov om opphavsrett til åndsverk.

Utsikt utover Klosterfjorden ein vinterdag.