Det gamle hovudhuset frå 1850 høver fint i Gamlatunet på Fatland.

Blogg historikk 2018 November

Jordvern er viktig, men nett i dette høvet må nokre kvadratmeter med svart fin matjord vika for borna sin tryggleik, som er endå viktigare.

Kanskje eg skal gjera som denne karen på Nesttun når eg blir pensjonist?

 

Dette er ikkje ei potet, men ei slags frukt som veks i Middelhavsområdet. Dei gamle små grå er ikkje i farten i stand til å hugsa namnet, men eg trur det byrjar på H. På fatet ser du resultatet etter at det er kokt i to-tre timar. Smaken er god, og mykje kraftigare enn våre heimlege syltetøy. Men diverre fekk eg ikkje dette på sjukehuset.

Fatland busstasjon

05.11.2018

I dag er ein stor dag i Fatland si historie. Spaden, eller rettare sagt, gravemaskinen, vart sett i jorda for det første busskuret på Strondo gjennom alle tider.

 

Det går nok kanskje litt tid før det blir ferdig, men me feirar dagen i dag. Og så kan me feira endå meir den dagen når det står klappa og klart til å takast i bruk.

 

Litt skryt må eg få lov å gi til vegvesenet. Det er berre vel eitt år sidan eg sende søknad om å få busskur på Fatland, og det tok berre ein god månad før dei kom på synfaring. Det var lutter velvilje umiddelbart, og sjølv om det var ei lang liste dei sette oss opp på, så har me i dag fått prova at dei set Fatland høgt.

 

Og det er noko dei har til felles med oss som bur her!

 

 

 

 

 

 

Pensjonistjobben

08.11.2018

Det går vel knapt ein dag utan at nokon spør meg om eg er blitt pensjonist. Somme er forundra når dei forstår at eg er i jobb framleis. Andre gir meir uttrykk for at dei ville vore forundra om eg faktisk hadde trekt meg ut av arbeidslivet, dei ser ikkje det for seg, sidan eg alltid har jobba hardt.

 

Men av og til seier eg at det er vel snart på tide å tenkja tanken, og då spør dei gjerne kva eg vil bruka tida til då? Svaret er oftast at då må eg finna meg ein ny jobb.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Den lange ferien 5

11.11.2018

Maten på sjukehuset i Hellas, er det mange som lurer på, korleis var den?

 

Vel, to gonger fekk eg noko som var godt, resten var dårleg. Veldig dårleg. Eg håpar inderleg at me ikkje har så dårleg mat her heime. Men det veit eg lite om, for det er 51 år sidan sist eg var innlagd på sjukehus. Den gongen meiner eg å hugsa at maten var god.

 

Eller kanskje det berre var at eg ikkje var så bortskjemd som eg er i dag?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Skulle eg nokon gong i livet ha sagt noko ufordelaktig om vegvesenet, så tek eg her og no tilbake kvart einaste ord! Plasseringa av busskuret er forresten genial, du kan stå på Gullhaug (bak til høgre) og nyta synet!

Om Bustefaen kom frå Fana, veit eg ikkje, men det gjer iallfall Fanaosten, som nett vart kåra til verdas beste ost. Noko som Fanaposten i forrige veke visste å dra PR-messig nytte av. Nett denne dagen var eg på eit venterom på Nesttun, der eg nytta høvet til å knipsa.

Det er i området bakom Englafjell, som du her ser frå Gullhaug, at Fjelberg kraftlag er med og produserer straum, gjennom aksjeposten dei har i SKL.

Hurraaaaa!

14.11.2018

- No er busskuret på plass. Og no reiser eg frå deg. Hada!

 

Dette var Anna sine ord i dag klokka kvart på åtte, eg hadde visst forsove meg. Og eg som ikkje har fått stroke flagga og smokingen, langt mindre fått kaka i omnen, eller kjøpt inn champagne. Vegvesenet sine fantastiske folk var borte som svisker, så me får ta feiringa att litt seinare.

 

PS. Eg trur ikkje Anna reiste sin veg for godt. Ein reiser berre ikkje bort frå ei bygd som har fått seg nytt busskur!

 

 

 

 

 

 

 

Bustefaen

18.11.2018

Då eg gjekk på gymnaset på Bryne for eit halvt hundre år sidan, fekk me ein gong besøk av den kontroversielle redaktøren av bladet §100, Toralv Fanebust. Han var mest kjend for at han kritiserte sterkt riksadvokaten for grovt angiveri til nazistane under krigen, noko som medførte at han måtte sitja 9 månader i fengsel.

 

Hos oss skulle han halda foredrag, og då han kom, tok han meg og kameratane mine i handa, og presenterte seg slik:

 

- Eg heiter Fanebust, men kall meg berre for Bustefaen, for det gjer alle andre.

 

 

 

 

 

 

 

 

Kraftmillionane. Mine?

29.11.2018

Veit du kvifor det heiter Fjelberg kraftlag, og ikkje Fjelberg e-verk? Det er fordi det er så mange gode kraftsalver å høyra kvar gong dei har møte!

 

Og møte skal dei ha neste torsdag. Men eg skal ikkje gå dit, for eg er ikkje i kranglemodus for tida. Eg kan rett og slett altfor få kraftuttrykk.

 

Likevel har eg nokre filosofiske tankar om bruk og overforbruk av pengar og anna ...

 

310 millionar, sa du?

Det er sjølvsagt Fjelberg kraftlag eg har i tankane. Ikkje skal eg ha noka meining om det juridiske. Om selskapet skal organiserast slik eller slik, om det er BKK eller HK som skal overta linjenettet, eller om alt skal vera som før. Heller ikkje om kva som måtte vera lovleg eller ikkje. Eg er ikkje i kranglemodus for tida, så eg kjem heller ikkje til å møta opp på torsdag.

 

Nei, det er faktisk kva som skal skje med alle desse pengane, dersom heile pakka blir seld, eg har nokre tankar om. Dei går meir på moral enn på jus, og ofte er dette gjerne to stikk motsette aspekt.

 

Du eig ikkje skogen din

Som skogeigar vart eg allereie som liten gut lært opp til at skogen er ikkje noko du eig, det er noko du forvaltar på vegner av alle generasjonar, først og fremst dei komande.

 

Du må syta for planting og stell, slik at aldersfordelinga blir jamn, for at det i all framtid skal kunna haustast utan at produksjonsevna blir redusert. Du må òg syta for at det finst ein del naturskog, slik at dyrelivet får utfalda seg, pluss at menneska får ein variert natur for sine opplevingar.

 

Skulle ein skogeigar finna på å hogga all skogen «sin», for å tena mest mogleg pengar til si eiga lommebok, vil det vera grovt brot på skoglova. Og skulle han i tillegg med overlegg øydeleggja all ny tilvekst, for at det ikkje skal bli noko att til komande generasjonar, ville han få nokre år i fengsel attpå.

 

Slik må det vera, fordi me har alle eit ansvar for å leggja til rette for våre eigne barneborn, og deira barneborn, og slektene vidare. Skogen er ein stor og viktig ressurs, som er fornybar, men berre i den grad me ikkje tek ut meir til oss sjølve enn det som tolest.

 

Berekraftig ressursforvaltning

Dette vert kalla berekraftig forvaltning, og det gjeld også for alle andre ressursar som menneska er avhengige av. Somme ressursar er evigvarande, andre er fornybare, og atter andre er det berre ei avgrensa mengde av på jorda.

 

Vassdrag og fossar er ein ressurs som kan vera evigvarande, dersom me forvaltar han rett. Det meste er i dag utbygd til å gi oss rein energi, medan resten bør takast vare på til friluftsliv og annan bruk.

 

Skal ressursbruken vår vera berekraftig, er det berre ei viss mengd me kan bruka kvart år, elles vil me stela frå dei som kjem etter oss. Dei me sjølve har sett inn i denne verda. Og fram til 1970 heldt me oss innanfor denne ramma.

 

Jordas overforbruksdag

Men nett dette året var første gong me brukte meir enn den tildelte kvoten. I 2005 hadde me brukt opp årskvoten allereie i slutten av oktober, og i år faktisk allereie 1. august! Denne datoen, når me har brukt opp vår eigen kvote, vert kalla for jordas overforbruksdag. Resten av året må me stela ressursar frå våre eigne etterkomarar, for å kunna halda fram med overforbruket vårt.

 

Somme seier det litt svakare, nemleg at me låner frå etterkomarane, men det blir heilt feil. For å kunna kalla det eit lån, må me for det første ha fått ei tilsegn frå långivarane, og det har dei aldri fått høve til å gi oss. For det andre så må det liggja føre ein tilbakebetalingsplan, men eg har aldri høyrt om nokon som har planar om å betala tilbake, tvert om.

 

Så overforbruket vårt, som me konsekvent aukar for kvart år, er ein tragedie for dei som skal prøva å rydda opp etter oss. Det er moralsk forkasteleg det me driv på med, men juridisk er det stort sett heilt ok, for lovene er det jo me sjølve som vedtek.

 

Særleg har dei blåblå politikarane eit nokså tydeleg mål om å forbruka så mykje som råd før me går i grava, men dei raude har ikkje fram til i dag vore så mykje betre.

 

Det er difor eg sjølv heile livet har rekna meg som grøn, for det er den fargen som syner solidaritet med komande slekter. Likevel er eg sjølv og alle grøne ein del av overforbrukssamfunnet i dag, sidan det er slik systemet fungerer. Men me vil svært gjerne ha ei endring på dette, fordi det altså er umoralsk slik me driv på.

 

Fossekrafta tilhøyrer alle generasjonane

Kva har så alt dette å gjera med dei 310 millionane i Fjelberg kraftlag? Vel, skogen er ein ressurs som må forvaltast gjennom generasjonar, det same er fossar og fossekraft.

 

Foreldra mine var med og starta kraftlaget, året før eg vart fødd, til liks med mange andre i lokalsamfunnet. Dei kjøpte aksjar for å få det opp og stå, og desse overdrog dei seinare til meg. Min plan var å overdra aksjane vidare til mine etterkomarar, fordi dei representerte ein stor verdi. Ikkje for ihendehavaren, men for generasjonane. I lokalsamfunnet. Vasskrafta er evigvarande, og ho er ein lokal ressurs.

 

Kraftlaget øydela denne arverekkefølgja, ved at dei for nokre år sidan kjøpte ut alle aksjar for ein slikk og ingenting. Ein verdi som altså i dag viser seg å liggja på svimlande 310 millionar. Dette er greitt nok, gjort er gjort. Og kanskje er det rett å selja det heile for denne høge summen, eg har ikkje store motførestillingar mot det heller, dersom pengane blir forvalta rett.

 

Umoralsk haldning

Det som gjer meg uroleg er den haldninga som ser ut til å gjelda mellom folk, nemleg at dette er våre pengar, som me har rett til å gjera med nett som me vil. Og det eg trur folk flest vil, er faktisk å auka forbruket sitt endå meir. Ei kort stund. Til pengane er borte.

 

Pengar som altså etter mitt syn høyrer til generasjonane etter oss. Skapt av generasjonane før oss. Men ikkje av oss. Dei to generasjonane som me representerer i dag har truleg forbrukt meir av jordas ressursar enn alle tidlegare generasjonar til saman!

 

Ja, eg høyrer røystene frå mange, som seier at dei har tiltru til at folk kan ta vare på desse pengane på ein respektfull måte.

 

Tullprat, spør du meg. Det er ingen ting i tida vår som tilseier at folk flest tenkjer slik. Nokre set gjerne av pengar til ungane, og overlet såleis til dei å bruka dei opp. Andre har kanskje kome i økonomisk skårfeste, og vil ha desperat trong for pengane for å koma i rute att. Og desse har eg verkeleg omsut for, dei burde me finna ei løysing for.

 

Men dei fleste vil anten kjøpa seg ny flott bil, båt eller hytte. Eller dei er kanskje leie av det kjøkenet dei kjøpte for ti år sidan, så dei kastar det og kjøper nytt. Andre vil gjerne seia at me droppar den nøkterne turen til Danmark i år, no inviterer me heile storfamilien med oss på tre-vekers tur til Australia, for der har me aldri vore. Heller ikkje naboen har vore så langt av garde, noko som visstnok skal vera eit viktig konkurransemoment.

 

Ja, eg veit at eg provoserer. Men tenk likevel gjennom om dette er rett bruk av pengane. Som altså er betaling for ei vare som ikkje er vår.

 

Lågare nettleige er bra

Sjølv vil eg som sagt ikkje leggja meg borti kva som skjer med kraftlaget. At me kan få lågare nettleige, er naturlegvis ein fordel for alle, og det går ikkje ut over komande slekter. Men å likvidera dei lokale verdiane, for å dela ut pengane til oss, det er ganske uetisk. For det er ikkje våre pengar, slik eg ser det.

 

Så dersom det endar med ei slik likvidering, så tek eg sjølvsagt mot dei pengane som kjem. Men eg har ikkje samvit til å bruka dei på meg sjølv. Eg vil setja dei inn i eit berekraftig prosjekt som kjem etterslekta til gode. Eg håpar det er andre òg som vil tenkja slik.

 

No synest eg allereie eg høyrer enkelte som ymtar om at det er lett for Arne å meina dette, han som er hundtjukk i pengar frå før. Svært mange trur nemleg dette, men eg har faktisk ei gjeld på mange millionar.

 

Likevel søv eg godt om natta. Og skulle eg no og då likevel liggja vaken, så tenkjer eg mykje mindre på den gjelda eg har til banken enn på den gjelda eg har opparbeidd til etterkomarane.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

www.ag3.no
ARNE.GJERDE@N-LT.NO
Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik

© Det er lov å sitera frå denne nettsida
ved å referera til www.ag3.no.
Meir omfattande bruk må avtalast skriftleg.
Elles gjeld Lov om opphavsrett til åndsverk.

Utsikt utover Klosterfjorden ein vinterdag.