Det gamle hovudhuset frå 1850 høver fint i Gamlatunet på Fatland.

Blogg historikk 2018 Desember

Det er  ikkje heilt ute av kurs å leggja ut bilde av ei gullnål i dag, på sjølvaste bryllaupsdagen vår.

Ikkje eingong kryssord og Mythos freista. Og alle vinane me kunne ha smakt, i dette fantastiske vindistriktet! Om eg berre hadde hatt pittelitt lyst på vin ...

 

Appelsinjuice vart ein ny favoritt. Og eg bestemte meg for å starta opp att fråhaldslaget som mormor hadde i si tid, berre eg kom meg heim att til Fatland!

 

 

Nei, det er ikkje sjølvaste julestjerna du ser over toppen på treet, der a jordmor-Matja bor. Det er berre kveldsmånen, som har plassert seg strategisk til for fotografen. Rett til venstre for Såto.

 

Tek du deg ein rusletur innover skogen på Fatland i fire-fem-tida no om dagen, så dukkar dette flotte juletreet opp, nett før du kjem til saga. Det er inga sak å gå kveldstur i vintermørkret no, med ein slik vegvisar på plass.

 

VIP-nåla mi

07.12.2018

I dag er ein stor dag i Fatland si historie. Spaden, eller rettare sagt, gravemaskinen, vart sett i jorda for det første busskuret på Strondo gjennom alle tider.

 

Det går nok kanskje litt tid før det blir ferdig, men me feirar dagen i dag. Og så kan me feira endå meir den dagen når det står klappa og klart til å takast i bruk.

 

Litt skryt må eg få lov å gi til vegvesenet. Det er berre vel eitt år sidan eg sende søknad om å få busskur på Fatland, og det tok berre ein god månad før dei kom på synfaring. Det var lutter velvilje umiddelbart, og sjølv om det var ei lang liste dei sette oss opp på, så har me i dag fått prova at dei set Fatland høgt.

 

Og det er noko dei har til felles med oss som bur her!

 

 

 

 

 

 

Sigvald har vore leiande mang ein gong, både i o-løypa og i tur-løypa. Her ligg han i tet under ein liten tur ut i bushen ved ei anna bursdagsfeiring på Fatland for nokre år sidan. Foto: Liv Keri.

Til lukke med dagen!

19.12.2018

I dag fyller ein av Fatlands store søner, Sigvald Robberstad, 75 år.

 

Han har vore ein svært nyttig mann for bygda vår. I mange år var han med og oppdrog ungane våre, gjennom jobben som lærar på Fatland skule.

 

I dei seinare åra kjenner me han best som eldsjel, både for Fatland Vassverk, for Halsnøy O-lag, og ikkje minst for å ha jobba fram alle turløypene her i bygda, og elles rundt på Halsnøy og Fjelbergøyane.

 

Tusen takk for innsatsen, Sigvald, og lukke til med dagen og det aktive pensjonistlivet vidare!

Både to- og firbeinte er alle like spente på kva som er inni pakkane på julekvelden. Men all verdas pakkar kan ikkje på nokon måte erstatta gleda over at alle er samla, rundt juletreet, rundt julebordet, og rundt i huset elles.

Jul i himmel og på jord

23.12.2018

Og det skjedde i de dager at det gikk ut

et bud fra keiser Augustus ...

 

Slik lyder starten av juleevangeliet, som framleis blir opplese i julehelga, over heile den kristne verda. Kjende og kjære ord. Jula er først og fremst vigd til det kjende og kjære. Det trygge. Alt blir snudd på hovudet dersom noko av dette brått manglar.

 

Jan Kvil har sendt meg ei lita julehistorie han har skrive. Denne flunkande nye historia kan stå her på bloggen min, nedanfor, som eit vakkert tillegg til det eldgamle tradisjonelle juleevangeliet. Og som eit apropos for dei som saknar noko eller nokon i denne jula.

 

God jul til alle saman!

 

 

 

Jul i himmel og på jord

 

Hun skulle gitt hva som helst for at alt bare kunne være som før.

 

– Hvordan har du det? Spør ofte folk hverandre.

– Som vanlig, sier de og ser litt mellomfornøyde ut.

 

Hun tenker: Folk vet ikke hvor heldige de er, når alt er som vanlig.

 

Et tynt snølag hadde lagt seg på bakken, men det var stjerneklart. Alle de tente gravlyktene ga et inntrykk av at det var stjerner både på himmel og på jord. Hun hadde også tent sin, og i skinnet fra den kunne hun lese hans navn på gravsteinen. Hun kjente tårene presse på da hun hvisket navnet hans. De andre hadde gått hjem. Hun ville stå litt lenger.

 

«Nå var den hellige time. Vi står i stjerneskinn og hører klokkene kime. Nå ringes julen inn.»

 

Den første jula uten han. Ingen jul var helt lik den andre, men noen brenner seg fast. Minnene om barndommens jul sammen med bestemor og bestefar. Den første jula med han og den sterke forelskelsen. Jul med barna og nå de siste årene med barnebarn. Det hadde vær den første jula hvor noen manglet. Bestemor, bestefar, mor og far. I kveld var følelsene sterkere enn noen sinne. Sorgen var stor, men den var også en påminnelse om at tiden nærmet seg den jula hvor noen skulle feire jul uten henne.

 

Hun tittet ned på graven. Det var bare et sted å minnes. Så nære man kunne komme på en måte. Hun visste at han ikke var der. Hun hadde holdt hånden hans i dødsøyeblikket og vært vitne til at sjelen forlot kroppen. Det var magisk på et vis. Hun løftet i stedet blikket mot stjernene. Kanskje var han på den andre siden. Den andre siden av stjernene og at de akkurat nå så på de samme stjerner fra hver sin side. Hun fant det meningsfullt å stå der og se på kveldshimmelen.  Som om mørket pakket henne inn i en slags trygghet. Dagslyset gjorde henne naken og ubeskyttet og nå følte hun at her i det ensomme mørket fant et slags fellesskap med menneskehjertene på den andre siden. Midt i uroen kjente hun en slags fred langt der ute i mørket et sted.

 

– Kommer du snart bestemor?

 

Framtiden ropte på henne i form av en snapchat. Samtidig svarte kveldshimmelen med et stjerneskudd. Som et slags tegn på at hun måtte videre. Det lå en trygghet i det også. En bekreftelse på et gjensidig savn, men at hun som var igjen på jorden måtte gå videre. Hennes livsoppgave var ennå ikke slutt. Hun skulle ennå dele ut kjærtegn og berøringer og hun hadde at ansvar for å gi barn og barnebarn gode minner.

 

Hun kjente en slags styrke. De andre bar også på en sorg. De hadde mistet en far og en bestefar. De trengte også trøst og hun var fremdeles eldst. Hun så plutselig verdien i alle de julekveldene hvor alt hadde vært på plass. De som ikke hadde brent seg fast fordi at de var helt vanlige. At den store lykken ligger i alt det vi tar som en selvfølge.

 

Hun gikk sakte hjemover og kjente for første gang dette året en slags julestemning. Hun tittet inn gjennom vinduene på tente og pyntede juletrær. Hun fornemmet lukten av stekt ribbe og lyden av sølvguttene som sang: «Deilig er jorden.»

 

Prektig er guds himmel, hvisket hun til seg selv.

 

Den uventede julestemningen forsterket følelsene. Med sorg i magen, glinser selv juleglansen i tårer.

 

Så gikk hun ut av evighetsrommet og inn i det korte øyeblikket som kalles livet.

 

Jan Kvil

 

Den lange ferien 6

09.12.2018

Då eg kom ut av sjukehuset på Rhodos, ville me berre heim. Med ein gong. Då forstod eg litt av korleis ungane har det på julafta.

 

Rett nok vart me innlosjerte på eit flott hotell som eg alltid har drøymt om å bu på, og dei stelte fantastisk godt med oss. Men me var ikkje i stand til å nyta noko lenger. Me måtte berre venta, til forsikringsselskapet ein dag fann det for godt å senda oss heimover.

 

Men! Eg fekk ei bok av ein god gresk venn. Og det medførte at eg brått fekk ein god norsk venn. Nemleg han som hadde skrive boka ...

--

Ein kveld Anna og eg rusla forbi restauranten Country Kitchen, som er driven av Yannis, ein god venn av oss, stakk eg hovudet inn og sa hei. Dei var ivrige opptekne med å sjå på fotballkamp, og me veksla nokre ord.

 

Så var det ein annan kar som også stakk hovudet inn og blanda seg litt i samtalen. Yannis sa at eg kunne snakka norsk til han, for han var også norsk. Me veksla nokre få ord, før eg måtte gå vidare.

 

 

Når me reiser heim att frå Rhodos, plar me alltid utveksla gåver med Yannis. Han får eitkvart norsk frå oss, og me får ei flaske gresk vin frå han.

 

Men denne gongen gav han meg ei norsk bok med tittelen 'I skyggen av stjernene'. Ein underfundig tittel, tenkte eg, og såg at ho var skriven av Jan Kvil. Det viste seg å vera den samme karen som stakk hovudet innom for å hjelpa meg med å kommentera den greske fotballkampen.

 

Han hadde gitt ei bok til Yannis, og så hadde han gitt ei ekstra, som Yannis kunne gi til ein god venn. Og denne vennen vart altså meg.

 

Noko eg var veldig glad for. Boka er nemleg fantastisk interessant å lesa. Eg kan tilrå boka til alle som har hatt det tungt i livet, av ein eller annan grunn. Pluss alle som har hatt det lett i livet, og som difor treng litt vaksenopplæring på korleis livet kan vera når det ikkje er lett.

 

I 2008 vart han skild og gjekk i bakken med ein skikkeleg smell. Det er den lange vegen ut av mørkret han har skrive om i boka, mellom mykje anna. Han fortel at for første gong i livet måtte han klara seg åleine, og han trudde at alt skulle ordna seg berre han fekk seg ny dame. Han prøvde seg også på nettdating, og etter kvart vart han fast skribent der, noko han fekk svært gode tilbakemeldingar på. Etter mange oppmodingar gjekk han så i gang med boka, trass i svært liten sjølvtillit.

 

 

Då eg kom heim, skreiv eg ein epost til denne fantastiske karen, som altså har lite tru på sin eigen kompetanse som forfattar, men som utleverer seg sjølv så enkelt og lettfatteleg. Ja, eg vil nesten seia, på ein uvanleg lærerik måte. Underfundig, humoristisk og blodig alvorleg, på samme tid. Og eg kjøpte fleire eksemplar av boka.

 

Etterpå har me halde kontakten, og blitt gode venner. Gjennom epost.

 

Ei setning frå ein av epostane hans er slik: "Det er for øvrig interessant hvordan livet består av små berøringer. Vi berører og blir berørt. Det blir til slutt meningen med livet vårt. I dette tilfellet ser man hvordan et tilfeldig møte på en sydentur kan føre til noe mer enn bare ett øyeblikk. Kanskje det er en mening med det meste."

 

For litt sidan sende han meg ei vakker julehistorie, den vil eg leggja ut her i bloggen. Men ikkje radt enno, for det er enno ikkje jul. Ikkje heime hos meg. I butikkane, ja, men det er ikkje skikkeleg jul det du finn der.

 

Og denne historia til Jan høyrer heime i samband med den skikkelege jula!

 

 

 

PS. Skulle du ha lyst til å kjøpa boka hans, kan du senda ein epost til jakvil@online.no. Og du finn han på Facebook, der han er ganske aktiv, med mange venner. Og her kan du lesa ein god presentasjon av mannen og boka hans.

 

PS2. På Facebook må du gjerne leita opp innlegget 'Villmarkens sønn'. Det har han til og med fått ei hyggeleg tilbakemelding på frå redaktøren i Dagbladet!

Fjerde søndag i advent vart det ferdige resultatet tappa på flaskene, lukka med gullforgylt kork, og påført etikett med det prangande namnet Gullhaug-likør, produsert på Chateau Fatland.

 

Tiril, snart fem år, viser stolt fram kvaliteten på bæra då dei vart hausta i sommar. Nedste foto: Hildegunn Ruud.

 

PostNedOgNord

27.12.2018

Det var eit uvanleg godt bjørnebærår på Gullhaug denne sommaren. I siste liten fekk eg plukka ei bøtte full, som eg laga eksklusiv Gullhaug-likør av.

 

Eksklusiv kan me vel berre kalla han av den eine grunn at eg aldri hadde gjort noko sånt før. Men resultatet vart framifrå.

 

Tanken var at det skulle bli ein skvett til kvar av vennene mine. Men då tenkte eg ikkje over kor mange venner eg faktisk har, så det er berre nokre få som har fått smaka denne gongen. Resten får håpa på neste år.

 

Tappa likøren på fine småflasker, skulle eg. Flaskene bestilte eg i god tid før jul, frå www.emballasjebutikken.no. Og derifrå vart dei ekspederte umiddelbart.

 

Men så var det dette hersens problemvesenet som heiter PostNord. Dei har tydelegvis ikkje merka av Fatland på globusen sin, så då eg omsider fekk melding om henting, så fekk eg beskjed om å henta  hos Coop Extra på Heiane!

 

Heiane er altså utleveringsstaden for oss på Fatland, for sendingar som kjem med PostNord. Men servicen stoppar ikkje der. Nei, du kan gå inn på nettsida deira og bestilla vidaresending.

 

Noko eg gjorde. Det tok ei veke ekstra. Og det kosta 59 kroner ekstra å få varene utlevert på Spar Sæbøvik, som faktisk er PostNord sin nærmaste utleveringsstad.

 

Skikkeleg god forretningsidé dei har. Å senda varene til feil adresse, og så ta betaling for å retta opp feilen sin!

 

Kveldsmånen og Morgonstjerna

17.12.2018

I dag er det berre ei veke att til jul, og somme av dykk ventar spent på korleis Julius skal feira eittårsdagen sin. Julius er altså den digre kalven som vart fødd på julafta i fjor (sjå januar-bloggen i år).

 

Den triste julebodskapen er at Julius, som vel var eit problembarn frå starten av, måtte naudslaktast nyleg. Nett slik mora måtte det etter fødselen i fjor.

 

Men den glade bodskapen i Etne i år er at på sjølvaste Lucia-dagen vart det fødd ein ny kalv. Den vart òg oppkalla spontant etter fødselsdagen sin, nemleg Lucifer.

 

Du stussar kanskje over namnet, fordi i kristen tradisjon er Lucifer eit "kjælenamn" på djevelen. Men i andre kulturar tyder det Morgonstjerna, som er det som gjeld her.

 

Hadde Morgonstjerna klart å venta ei veke til før ho kom, kunne ho ha heitt Julestjerna!

I desse dagar fer julenissen rundt og kikkar inn vindauga for å finna ut kor snill du er.

Jul igjen

21.12.2018

Nå er det jul igjen,

og nå er det jul igjen,

og jula varer helt til påske!

 

Ja, slik song dei før i tida. Då byrja jula på julafta presis klokka fem, med at kykjeklokkene ringde jula inn, og deretter song Sølvguttene på radioen. Tidlegare på dagen hadde me vaska alle golv, bore inn ved, sett opp fugleband, pynta juletreet, og plassert pakkar under treet.

 

Etter Sølvguttene var det julemat, og gang rundt juletreet, og utdeling av pakkar. Og dette heldt gjerne fram både første og andre juledag. Bortsett frå at me fekk ikkje fleire pakkar, men me kosa oss gløgg i hel med dei me hadde fått på julekvelden. Me hadde ikkje lov å gå på besøk til andre på førstedag, den dagen var heilag og reservert for den aller næraste familien.

 

Så gjekk det i eitt utover, gjennom romjula og nyttårshelga, og endå lenger, med julefestar i skulehus og bedehus, og juleselskap rundt i dei tusen heimar. Eigentleg var jula slutt på trettande dag, altså 6. januar, men i praksis varte ho mykje lenger.

 

Heime hos oss hugsar eg at me hadde juleselskap heilt fram mot slutten av januar, der slekt og venner var inviterte. For at alle skulle få koma, måtte me ha fleire selskap.

 

Og for at alle julekakene skulle bli oppetne, måtte me òg ha mange selskap. Og andre familiar hadde sjølvsagt sine selskap, der me vart inviterte, så jula var lang og heftig. Det var mykje lått og moro, og alle gamle juleleikar vart haldne i hevd, av gjester i alle aldrar.

 

 

Etter kvart som me kom opp i ungdomsåra, vart det meir slutt med desse selskapa, berre juletrefestane har langt på veg halde stand fram til i dag.

 

Men om det vart slutt på selskapa, vart det baka nesten like mykje som før. Heldigvis. Ikkje alle desse tørre kjeksa var like populære, men for eigen del så sette eg umåteleg pris på mamma sine kokosmakroner. Kvar laurdagsnatt når eg kom heim frå festleg samver med venner, gjekk eg rett inn i kakerommet og forsynte meg grovt med kokosmakroner. Dette skjedde ikkje berre fram til påske, men så lenge lageret rakk. Og det var store kakeboksar den gongen. Og mange.

 

 

Så på ein måte så varte jula frå klokka fem på julafta, og til langt over påske.

 

Den gongen. Men ikkje i dag. I dag byrjar jula i august, når Nidar presenterer julemarsipanen sin. I september er det andre som melder seg på med sine juleprodukt. Og i oktober set Zelveste Jostein fram nissane i butikken sin. Tidleg i november byrjar så folk å ha julebord, med ribbe, lutefisk og pinnekjøt.

 

Så når desember kjem, vert juletrea pynta snarare enn svint, og resten av jula vart feira med brask og bram. Ikkje i "de tusen hjem", slik som før i tida. Men i dei tusen shoppingsenter.

 

Etter kvart kjem me så fram til julaftan. Men då er mange stup trøytte og gørr leie av heile jula. Så i praksis sluttar gjerne jula av av den dagen. Presis klokka fem. Då syng framleis Sølvguttene, den dag i dag, men no syng dei jula ut, i staden for inn.

 

 

Handelsstanden, som er vår tids forkynnarar, har predika det moderne juleevangeliet i fleire månader, så dei er også trøytte. Dei får to dagar til å kvila ut på, før dei må i gang med bytehandelen i romjula.

 

Nei, jula varer ikkje lenger "helt til påske". Går utviklinga vidare slik ho har gjort i det siste, er det neimen ikkje lenge til me kan syngja at "jula varer helt fra påske"!

 

 

 

 

 

 

 

 

Det er ikkje alle som får ein vin oppkalla etter seg, slik eg har vore så heldig å få. Og dersom eg får bestemma menyen i kveld på nyårsafta, så blir han om lag som på bildet. Vinen kjem frå Rioja, og Gran Reserva av denne er det verkeleg klasse over. Kvar isen kjem frå, kan eg ikkje hugsa, men kvaliteten var fenomenal der òg.

Godt nytt år!

31.12.2018

Jule- og nyårshelga er alltid travlaste tida på året for meg. Då må eg gjerne stå på dag og natt, for andre januar er det full fart hos kundane mine. Har eg ikkje då gjort jobben skikkeleg, blir det kjeft å få. Og kven likar vel å få kjeft som start på det nye året?

 

Nett no passerer klokka fire på nyårsafta, og då er det tid for å gå heim og feira litt saman med familien. Berre nokre timar, for i morgon tidleg er det på'an igjen.

 

Eg vil avslutta året med å takka for gode opplevingar i 2018, og ønskja alle ei fin feiring! For det nye året vil eg bringa vidare ei helsing eg nett fekk frå ein god venn:

 

La oss saman prøva å gjera 2019 til det beste året i livet vårt, utan kiv og misnøye, men med respekt og vørdnad for kvarandre!

 

www.ag3.no
ARNE.GJERDE@N-LT.NO
Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik

© Det er lov å sitera frå denne nettsida
ved å referera til www.ag3.no.
Meir omfattande bruk må avtalast skriftleg.
Elles gjeld Lov om opphavsrett til åndsverk.

Utsikt utover Klosterfjorden ein vinterdag.