Parti frå nedre Fatland, ein fin haustdag for fem år sidan.

Blogg historikk 2018 februar

Faksimile frå Haugesunds avis, av folk og ikkje minst oss ungane, som studerte flyvraket inne i skogen, i Søljeskar, 200 m nord for min eigen skog.

Broren i stampen, slik eg hugsar han. Illustrasjon: Adobe Stock.

Dag Jørund Lønning med ein neve mold. Foto: Christel Bachmann Barbo.

Flystyrten i Ådnavikjo

01.02.2018

På Facebook går det visst ein filmsnutt i desse dagar, om flyet som styrta sør på Halsnøy i 1954. Eg hugsar det, sjølv om eg berre var seks år den gongen.

 

Eg minnest at bror min og eg sat i stampen i stova. Der sat me sjølvsagt fordi det var laurdagskveld.

 

Pappa kom nett inn frå fjosen. Me høyrde ein flydur som nærma seg, og då spissa me alltid øyra, for dette var før fjernsynet si tid, så me måtte bruka dei underhaldningskanalane som baud seg. Og fly så langt utanfor allfarveg, var alltid ein av dei.

 

Brått gjekk duren over til nærmast eit brøl, og like brått så var det stopp. Då skjøna me alle at noko hadde skjedd. Me sprang ut, eg trur nesten at eg hadde kledd på meg då, eg hugsar det ikkje, men det var januar og bikkjekaldt, så det må eg ha gjort.

 

Men eg skal ikkje fortelja meir om mi eiga oppleving. Du kan heller lesa den skildringa som Kristian Hus gav i boka Halsnøy 2014, då han intervjua Stener Svalland.

 

Broren i stampen

03.02.2018

Frå Island kom det i dag ein ilpost som fortalde meg at dei gamle er framleis eldst. Det vil seia, dei hugsar dårlegast. Sjølv frå sine første barneår. Her er korleis han, som berre var vel to og eit halvt år gamal, hugsar flystyrten.

 

Hei!

 

Du byrjar visst å bli gamal når du trur at du var seks år i 1964. Eg er kanskje blitt endå eldre, for eg hugsar det viktigaste.

 

Denne laurdagskvelden i 1954 sat me i badestampen, ja, og då me höyrde den enorme flyduren rett over hustaket, var det ingenting som kunne stoppa oss. Me hoppa straks rett ut or stampen og pilte ut splitter nakne for sjå vidunderet. Rett etterpå kom braket.

 

Dagen etterpå stod me for det meste ute, for då var det det fullt av fly på himmelen som leita etter den ufundne flygaren.

 

Slik hugsar eg det.

 

Broren i stampen

 

 

PS. Eg har no retta årstalet til 1954 i forrige bloggpost, der eg altså hadde skrive 1964.

 

Mold er ikkje berre skit

04.02.2018

Det er lett å gå seg vill i gamle forestillingar. Som til dømes at mold er noko skit, som ein for all del må unngå.

 

Men dersom du møter opp i Rådhuset i Rosendal klokka 1900 i morgon måndag, trur eg at professor Dag Jørund Lønning kan få deg på andre tankar ganske kjapt.

 

Sidan eg har vakse opp på gard, og dessutan lese ein del faglitteratur, trudde eg at eg kunne litt om desse tinga. Men det var før eg hadde lese Jordboka, som Dag Jørund Lønning kom ut med i haust.

 

Då lærte eg nemleg at jorda under føtene våre er det viktigaste av alt. Og at eg sjølv kunne eigentleg ingen verdsens ting!

 

Professoren, som også er rektor for Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling på Bryne, kjem eigentleg frå Stord. Og sjølv om han er son til Potet-Per, og såleis kanskje har litt mold i blodet, er det ufattelege mengder kunnskap han har samla seg om emnet.

 

Og ikkje nok med det, det er kunnskap som kan revolusjonera både landbruket og klimakampen. Så dette må du ikkje gå glipp av.

 

Ta forresten med deg ein hundrelapp, for det kostar det å koma inn. Det kan kanskje vera den nyttigaste hundrelappen du har brukt i ditt liv.

 

Og kjøp gjerne Jordboka! Om du skulle tru noko anna, så kan eg forsikra at eg ikkje har provisjonsavtale på boka!

 

 

 

Huset ligg rett ved småbyen Årjäng, på ei flott tomt på over fem mål.

I går kveld var det stemningsfullt på leikeplassen på Fatland.

Yippeee, me fekk nett vår andre sølvmedalje på opningsdagen av OL, etter eit fantastisk løp av Marte!

Stort svensk hus til sals

06.02.2018

Det er langt å reisa frå Halsnøy til Harryland på Harrytur. Men dersom du flyttar over grensa, så er du midt i smørauga.

 

Alt er billegare i Sverige, veit du, ikkje minst bustader. Så når sonen min og kona har pussa opp eit ovstort hus, på ei ovstor tomt, rett over grensa, og vil selja dette, for mindre enn millionen, så må eg berre spreia bodskapen.

 

Les annonsen her.

 

Om nokon skulle finna fram ei våt fille og gi turløype-skiltet ein aldri så liten omgang, trur eg neppe dei vil bli straffa for det.

Ut på tur i snøen

12.02.2018

Etter eit par dagar med typisk vintervêr, det vil seia våte plussgrader, vakna me i dag til fem centimeter snø att. Og null vind.

 

Med dei flotte turløypene me har her på Fatland, innbyr det til å gi blaffen i både jobb og OL.

 

Det skal ikkje så mange millimetrane til før ungane finn fram skiene sine. Me ser rett som det er at dei går oppover grusvegen her, lenge før snøen har klart å dekka dei grå sandkorna.

 

Men hos dei minste er gleda ved å gå på ski, medan dei ser det eine snøfnugget etter det andre legg seg på bakken, det viktigaste. Irritasjon over grusa løypetrasé, dårleg glid eller feil val av smurning, eksisterer ikkje.

 

Dei gongane snøen legg seg med ti centimeter eller meir, kan me sjå kraftigare skispor innover skogsvegen. Inn til gapahuken. Eller til toppen av Gullhaug.

 

Då er det meir vaksne folk som er på ferde. Dei ser ikkje kombinasjonen av ski og grus som like ideell som ungane gjer det.

 

Gullhaugturen

22.02.2018

I dag tok eg fri ein time og gjekk på Gullhaug med kamera. Sjå galleriet nedst på sida.

Snøvinteren 2018

08.02.2018

Før i tida kalla me det gjerne for "snøvinter" viss det var store snømengder. No til dags kan me heller kalla det snøvinter viss me har fått sjå snø i løpet av vinteren. Så no er me inne i ein skikkeleg snøvinter, for me har sett snø minst to gonger.

 

Då eg rusla heim frå ein tur på skogen i går kveld i sekstida, var det stemningsfullt. Ikkje berre inne i skogen, der snøfjona dala lett som englar ned i skjul til jul. Men òg då eg kom ned gjennom Gilo og ned på hovudvegen.

 

På leikeplassen var det ingen å sjå, dei sat sikkert heime og såg på Barne-TV. Forresten, eg mimrar visst mykje for tida, det er vel ikkje noko som heiter Barne-TV lenger. No er det fjorten kanalar med barneprogram heile døgeret rundt, så det er vanskeleg å finna tid til aking og andre snørelaterte aktivitetar.

 

For meg var det eigentleg heilt ok at ingen var ute. Då fekk eg oppleva den roen eg var ute etter.

 

 

 

Framsida på nettsida hans, slik ho ser ut nett i dag. Med ord, bilete, lyd og video.

Skimt frå lokalmiljøet

14.02.2018

Kristian Hus er ingen gammal mann. Rett nok er det ikkje så mange år til han blir 80, men dåpsattesten fortel lite om kor gamle me er. Handlingane våre fortel mykje meir.

 

Og den nemnde ungdommen, som i si tid grunnla og bygde opp Kvinnheringen, held framleis koken. Han blir visst aldri lei av å formidla kunnskap om det lokalsamfunnet han lever i. Og som han openberrt er veldig glad i.

 

Dei siste åra har han laga to bøker om dei eldre sin situasjon i Kvinnherad. Og han held fram dette arbeidet gjennom nettsida SKIMTVIS.

 

Rett skal vera rett, SKIMTVIS tek for seg mykje meir enn eldresaker. Du får eit innblikk i mykje av det som rører seg i denne kommunen, gjerne gjennom intervju med folk du kjenner eller kjenner til.

 

Og endeleg har Kristian teke til vit og lagt frå seg den enorme nyhende-hungeren som han alltid har «lide» av. SKIMTVIS kjem ikkje med dagsaktuelle saker, og artiklane kjem ikkje så ofte. Men dei kjem. Og dei gir eit levande bilde av eit levande lokalsamfunn.

 

Dette er ei nettside som ikkje skal lesast kvar dag, berre ein gong innimellom. Nett i dag har eg til dømes lese 17. mai-appellen som Kristian heldt på Halsnøytunet i fjor. Den kan vera inspirasjon for deg òg, i tilfelle du skulle bli spurd om å halda appellen i år.

 

Nemnde eg forresten at han har hytte på Fatland?

 

Les skimtvis.net her.

 

Reklame-OL

10.02.2018

Reklame-TV er noko herk! La oss slå det fast først som sist. Eg forstår at reklamefinansierte kanalar må ha reklame, men for meg som sjåar er det pyton. Pyton pluss, faktisk.

 

Og då Marte Olsbu for ein halvtime sidan skaut fullt på siste skyting, ja, då valde Discovery å heller senda reklame!

 

Det aller beste er å betala for å sleppa å sjå reklame. Slik eg faktisk trudde at eg gjer, når eg i Get-abonnementet mitt for TV har alle dei tre OL-kanalane, som eg betaler for kvar einaste månad.

 

Men det ser ut som at dei vil ha i pose og sekk. Og treng dei pengar, så skal eg gjerne betala høgare månadsavgift, dersom eg berre kan bli kvitt den hersens reklamen.

 

Rett nok trykkjer eg automatisk på Mute-knappen, for å skru av lyden, når eg høyrer den skingrande reklamelyden. Men eg må samstundes snu meg vekk for å sleppa å sjå dei irriterande flimrande bilda.

 

Det er til å bli sprø av. Det gjeld forresten OL generelt. Heile døgeret skal du sitja framfor skjermen, har dei lagt opp til.

 

I slike høve plar eg ha NRK i ein sideskjerm på kontoret, slik at eg kan følgja med litt med det venstre auget når det er skiskyting eller hopping eller utfor. Resten er prioritert vekk, hundre prosent.

 

Men denne gongen går ikkje det, for det er ikkje NRK som sender, det er Discovery. På TV-Norge og Eurosport. Og då må du betala der også. For å få lov til å sjå reklame!

 

Eit lite tips til deg: Du kan abonnera på Eurosport på internett, der du får sjå alle sendingane direkte. Det kostar berre 99 kroner i månaden.

 

Men så er du så heldig at nett no har dei eit tilbod som gir deg første månaden gratis. Og du kan seia opp nett når du vil.

 

Tog du 'an?

 

 

Fint skal det vera utanfor døra på laurdag, for då fyller Tiril fire år!

Vårsola blenkjer i bakkane på Fatland

20.02.2018

Det er knallfint vêr om dagen, og Tiril starta opp med hagearbeidet i går. Ho er overtydd om at vatninga er viktigaste delen av jobben, så ho brukte lang tid på dette.

 

At det framleis er fare for frost, var ikkje eit tema då eg intervjua henne midt i travlaste økta.

 

Men kor glade blomane er i vatn poengterte ho mange gonger, og ho tok gjerne ein ny runde med kanna kvar gong ein turgåar kom forbi. Med tilhøyrande fagleg foredrag.

 

Det burde følgt med eit stort forstørrelsesglas som kunne hjelpa meg, både oppå og under bordet.

Har du høyrt noko så idiotisk?

25.02.2018

Hadde idioti vore vinterolympisk grein, så hadde høyreapparatet mitt teke gull! Det er ikkje laga for å hjelpa meg, men for å gjera audiografane si lommebok feitare.

 

Kva eg meiner med det? Jo, no skal du høyra ...

 

Ta først ein titt på dåsen til venstre. Den er glatt som ei barnerumpe og har fasong som gjer at han glir ut av lomma før du får sagt kake! Noko han sjølvsagt gjorde for meg på eit fly ein gong. Det kosta meg 9000 blanke kroner, pluss lang lang ventetid, å få tak i nytt apparat.

 

Så ser du på det vesle runde batteriet. Lurer du på kvifor det berre er eitt, når det er to høyreapparat, så er det fordi det andre har trilla på golvet. Og der legg det seg alltid den vegen som du ser her. Aldri opp ned, slik at eg kunne klara å få tak på det. Følgjeleg klarar eg aldri å få tak på det utan spesialreiskap, om eg i det heile klarar å finna det att.

 

Nett det skjedde i forgårs kveld, då eg var på fin gallafest hos klostervenene, der temaet for kvelden var Herskapelig. Eg stilte i smoking, flosshatt, kvite hanskar og stokk med sølvhandtak. Verdas mest herskapelege og elegante antrekk altså.

 

 

 

Men kor elegant trur du eg var då eg kraup på alle fire på golvet for å leita etter batteriet? Som eg sjølvsagt ikkje fann att, trass i at mange freista å hjelpa meg. Heldigvis sat det ein snill herskapeleg engel ved same bordet, og ho spanderte eit nytt batteri på meg.

 

Nett det same opplevde eg på frivilligfesten hos Dill i forrige veke. Midt under ein tale måtte eg ned og leita. Ikkje nett den måten eg aller helst ønskjer å visa meg fram på.

Kvifor eg absolutt må opna apparata kvar gong eg er i selskap, lurer du kanskje på?

 

Vel, i utgangspunktet så er ikkje det planlagt. Men når eg set apparata på meg, og slår dei på, så går det aldri meir enn fem minutt før det seier pling. Først i det høgre, og så i det venstre.

 

Pling tyder at no er det ikkje straum att, og det er såleis eit signal til meg om at no må eg finna fram nye batteri og skifta ut dei gamle. Og det er då spetakkelet startar. Kvar einaste gong.

 

 

Trur du eg er ferdig med sytinga mi no, så trur du jammen meg feil. Det verste står nemleg att.

 

For desse apparata får du berre tak i ved å venda deg til ein audiograf, som det heiter. Eller ein øre-nese-hals, som det òg heiter. Han har ein fin radio på pulten sin, som han skrur på til han høyrer ein som snakkar. Så spør han meg, som har fått høyreapparatet på, om korleis dette høyrest ut.

 

Og så skrur han meir, heilt til eg seier at kanskje var det best slik. Men kanskje ikkje. Eg veit ikkje heilt.

 

Då seier han at me prøver slik i ein månad. Deretter kjem du tilbake til meg, seier han, så skal eg skru litt meir på radioen og på apparatet ditt, og så kan du betala litt til meg att, og så prøver me ein månad til, før me skrur endå litt meir, og du betaler endå litt meir, og slik kan me halda det gåande. Seier han. Men kanskje med litt andre ord.

 

 

 

Javel, må nesten eg seia. Og tusen takk for at du bruker så mykje tid på meg! Noko han forsikrar meg om at han gjer med den største glede. Eg tvilar ikkje eitt sekund på nett det.

 

Og så kjem eg tilbake månaden etter og spanderer ein ny arbeidsdag til mange tusen kroner, pluss nokre hundrelappar til audiografen. Og så kan eg læra meg til å høyra korleis ein annan mann høyrest ut i radioen hans.

 

Alt dette er såre vel, sett frå audiografen og lommeboka hans si side. Men for meg som slutta å høyra på radio for tretti år sidan, er det av null interesse!

 

 

Nei, dette systemet kan berre fungera dersom eg sjølv får lov til å regulera apparatet, og det må eg kunna gjera når eg er midt oppe i ein problemsituasjon. Å sitja i eit roleg lokale og høyra på radio er ikkje problematisk, men å sitja saman med eit festglad gjeng som snakkar i munnen på kvarandre, er kjempeproblematisk.

 

Fastlegen min seier at eg burde ha ein app på telefonen, der eg kunne regulera apparatet. Og det ville forsåvidt vore eit steg på vegen, men det ser unekteleg litt rart ut om eg sit og tastar på harde livet, samstundes med at samtalepartneren min freistar å gi meg ei innføring i fjerdegradslikningar og integralar. Han kan rett og slett koma til å tru at eg er totalt uinteressert.

 

Så løysinga er kort og godt at eg må ha ein liten spesialtilpassa fjernkontroll, med berre tre knappar. Denne kan eg ha i lomma, slik at eg kan endra karakteristikkane til høyreapparatet berre ved å stikka handa ned i lomma og fikla litt. Tre knappar kan eg handtera i blinde.

 

 

Er det nokon som kan hjelpa meg med ei slik løysing? Det ville garantert bli eit feitt levebrød for vedkomande. Og det ville gi eit nytt liv til tusenvis av slike som meg.

 

Audiografane derimot, ville få ein langsam og smertefull død. På fattighuset.

 

 

 

 

Gullhaugturen

22.02.2018

Etter halvtanna år omtrent utan ei sol på himmelen, måtte eg i dag før lunsj beint fram forlata kontoret ein times tid.

 

Med kamera i hand tok eg fatt på klatreetappen til Gullhaug. Ikkje Mount Everest akkurat, som jo kan skryta av å vera rundt hundre gonger høgare over havet.

 

Men eg trur me kan nyta naturen og utsynet mykje betre frå Gullhaug. Og så langt har dessutan alle kome levande ned derifrå, noko Everest ikkje kan skryta på seg.

 

Ta deg ein titt gjennom galleriet til høgre. Skulle meirsmak vera det første ordet du tenkjer på, så er det berre å ta seg ein tur på Gullhaug. Men det må vera på ein fin solskinsdag!

Ingen stad er solnedgangen finare enn på Fatland!