Det gamle hovudhuset frå 1850 høver fint i Gamlatunet på Fatland.

Blogg historikk 2018 Mars

Dette byrjar å bli eit kjent og kjært syn for alle halsnøybuar. Kjært, kanskje mest for dei som har el-bil. Men heller ikkje dei som hugsar dei endelause ferjekøane ønskjer seg tilbake dit.

Fatlandsbuen Sverre overrekkjer her på vegner av Fjelberg kraftlag kake til mannskapet på siste ferjeturen over sundet. Foto: Lars Magne Sjo.

Kommunale representantar under opninga var sjølvsagt Synnøve ordførar og Synnøve varaordførar, høvesvis Solbakken (t.v.) og Handeland. Foto: Lars Magne Sjo.

Halsnøytunnelen er forsyne meg ti år!

07.03.2018

I morgon, torsdag 8. mars, er det nøyaktig 10 år sidan Halsnøytunnelen vart opna. Då håpar eg at einkvan vil spandera kake på meg. Og på alle andre som tykkjer at dette må feirast.

 

Den gongen redigerte eg ei populær nettside som heitte Halsnøyveven, og her kan du lesa kva eg skreiv der:

 

No er det kvelden før kvelden, og folk i hopetal førebur seg på feiring, fest og fyrverkeri! Me snakka nett med ein forretningskar i Bergen, og han visste godt kva som skulle skje her nede.

 

I går snakka me med ein kompis og kunde på Sunnmøre, han fyller 50 år i desse dagar. Sidan etternamnet hans er Feiring, burde me vel absolutt ha invitert han til Basarholmen for å feira saman med oss.

 

Gløym iallfall ikkje å stryka flagget i dag, slik at det er klart til i morgon tidleg. Og stryk gjerne paraplyen med det same.

 

Til lukke med tunnelen, og lukke til med feiringa!

 

 

Ein storstila trafikkaksjon var det også, med bilde av "alle" som bur på øya, med helsing om at me har ikkje råd til å missa ein einaste ein. Foto: Lars Magne Sjo.

Den nye tidsrekninga

11.03.2018

Når Halsnøytunnelen var opna måtte me jo starta med ei ny tidsrekning her på øya. Iallfall var det det eg føreslo på Halsnøyveven den gongen.

 

Om det er mange som har følgt oppmodinga veit eg ikkje. Men her kan du iallfall lesa kva som vart skrive dagen etter opninga:

 

 

Lurte du på kva som kom til å stå på dagteljaren vår under Halsnøyaktuelt i dag? No når det ikkje er fleire dagar å telja ned til tunnelopninga?

 

I så fall er me litt vonbrotne over deg, for det står sjølvsagt ”DAG 1”. Den nye tidsrekninga på Halsnøy starta i går, og me må fylgja det opp ei stund framover, dette at me no går inn i ei ny tid.

 

Ikkje berre fordi det er så kjekt å telja, meir fordi me vonar og trur at tunnelen vil føra til endringar for oss. Då er det naturleg å ha eit dagnummer å referera til.

 

Til dømes kan Sverre Bjørnevik markera dag nr 10 med å dela ut gratis brus og bollar til alle som har kome gjennom tunnelen den dagen.

 

Og dag nr 100 kan Audun Tvedten markera med å la Magnar Johnsen grilla både kotelettar og forbipasserande lokalpolitikarar. Dersom Magnar og Audun er på talefot den dagen, vel og merkja.

 

Når det gjeld den enormt store dagen i går, må me få skryta litt av dekninga til nettavisene innsida.no og Kvinnheringen. Fyrstnemnde har òg eit videoinnslag, som du kan sjå her.

 

Derimot så hadde Grenda ingen ting, men me trur at dei kjem mykje sterkare att i papirutgåva. Nettavis har ikkje akkurat vore satsingsområde for dei.

 

Regionsavisene Sunnhordland og Haugesunds Avis sine nettaviser nøler me derimot ikkje med å gje det glatte lag. Dei fortener kort og godt ikkje å ha ein einaste lesar på Perlo!

 

Når kanskje så mange som 1500 menneske trassar kuling og regn, med hagl i bygene, for å markera at ein ny tidsalder startar, ikkje berre for oss 2000 her på øya, men mange andre i distriktet, ja, då burde dette vera ei av dei viktigaste hendingane deira òg. Iallfall for mars månad sin del.

 

HA har heller valt å ta ein rask tur utom nòva i arabarbyen, for å ta bilete av 39 personar på kvinnedagen/kvelden. Då slapp dei unna haglbygene.

 

Men så har dei jo òg så treffande sagt det tidlegare:

 

”Tunnelen som ingen vil HA

 

Me ventar framleis på ei paddeflat orsaking. Det gjer sikkert dei andre 1499 som var til stades i går òg.

 

 

 

 

 

Kan Sebastian klara å overgå denne, mon tru? Legg merke til speilbildet av fotografen til venstre.

Kakemonsen Napoleon

23.03.2018

 

 

Napoleon er kjend som ein stor hærførar og ein framifrå bakar. Kakene hans smakar nett like godt i dag som under den franske revolusjonen.

 

Om han nokon gong har vore i Las Palmas er heller tvilsamt. Han tilbrakte vel alderdommen på ei anna og endå rolegare sydhavsøy.

 

Men me nordmenn reiser gjerne til Las Palmas når me dreg på åra, og der fann eg nett dette enorme eksemplaret av kaka hans.

 

Her har Sebastian noko å strekkja seg etter.

 

 

 

 

 

 

 

Til lukke med dagen!

08.03.2018

 

Ja, slik var overskrifta i dag for 10 år sidan. Og me kan vel bruka den i dag òg, og seia: Til lukke med tiårsdagen!

 

På Halsnøyveven måtte eg ha to innlegg denne dagen, eitt før og eitt etter opningsseremonien. Det første kan du lesa her:

 

 

Første SMS med gratulasjonar fekk me i halvsju-tida i dag. Kvar og ein av oss bør senda minst fem slike helsingar i dag.

 

Dessutan er gjesteboka vår ein fin stad for utflytta halsnøybuar, kvinnheringar utafor Halsnøy, og alle andre som tykkjer at me alle er heldige i dag, å senda sine lukkeynskje.

 

Om ikkje for noko anna, så iallfall for å demonstrera litt mot Haugesunds Avis, og overskrifta deira: ”Tunnelen som ingen vil ha!” Me fekk nett ei påminning frå Thailand om denne overskrifta, så ho har nok vekt oppsikt der nede òg.

 

Men no må me koma oss ut dørene, for dagen i dag vert travel. Først skal me vera med og syngja saman med Strupebandet under Halsnøybåten-framsyninga klokka 1100. Deretter er det jo opningsseremoni, og så går det slag i slag. Du får hiva deg rundt og bli med, du òg.

 

 

 

 

Dette er ikkje Metusalem, men ein konkurrent som heiter Olav Thon, som førebels berre er 94 år. Visste du at det er meir enn éin likskap mellom han og julenissen? Foto: Har stole bildet på internett ein stad.

Ønskjeliste til 70-årsdagen min

15.03.2018

Datoen kan eigentleg vera hemmeleg, men ikkje årstida. Eg blir 70 år ein gong til våren. Eit skremmande høgt tal, tykkjer mange, men då gjeld det å tenkja positivt. Somme er nemleg 80, andre 90, og Metusalem vart nærare tusen år gamal.

 

Her kan du lesa ønskjelista mi til den store dagen:

 

 

Eg ønskjer meg berre ein einaste ting til den store dagen min, nemleg ei slik raud strikkehue som Olav Thon har. Eg håpar inderleg at ei strikkeglad dame  kan skaffa meg den. (Menn kan også søke!)

 

Olav er 94 år, og still going very strong. Han arbeider kvar dag, er full av energi, blid som ein fisk, og snill som julenissen. Eg er overtydd om at dette har noko med den raude hua å gjera.

 

Ja, kva er likskapane mellom Olav og julenissen? Raud hue er ein ting. At dei tilsynelatande lever evig er ein annan. Rungande latter, sjølvsagt. Og fulle av energi er dei. Og så gir dei bort det meste av det dei har produsert gjennom året.

 

Det vil seia, vonde tunger vil gjerne ha det til at når Olav gir den enorme formua si til ei stifting som skal driva med forskning, så har han ein baktanke. Men vonde tunger skal ein sjølvsagt aldri høyra på.

 

Ulikskapar finst det sjølvsagt også, nissen manglar grøn tversoversløyfe, og Olav manglar skjegg. Men dette kjem nok til å ordna seg.

 

Kvifor eg vil ha ei slik hue?

 

Jo, fordi eg kjenner meg slapp og litt lealaus og ganske motlaus for tida. Energifattig, er ordet. Då kunne eg trenga ein slik oppstivar som denne hua tydelegvis er. Like god som styrkedråpane til Obelix og Asterix. Minst.

 

Skulle eg få fleire huer, så gjer det ingen ting. Eg kjem til å slita ut mange før eg blir 94 år!

 

 

 

 

 

 

 

 

Restane av ein prosesjon på palmelaurdagskvelden, på Solkysten i Spania, mens dei er på heimveg.

Påskefeiring i Sydenland

30.03.2018

 

 

Her i landet reiser folk til fjells i påskehelga, med appelsinar og øl i ryggsekken. I katolske land feirar dei meir etter religiøse tradisjonar. Og slikt er mykje meir pompøst og symboltyngd enn me er vane med i våre protestantiske krinsar.

 

Palmesøndag var dagen då Jesus reid inn i Jerusalem, sitjande på eit esel, medan folket la palmegreiner i vegen framom. Dette er bakgrunnen for prosesjonen som dei har i katolske land på denne dagen kvart år.

 

Anna og eg var i den vesle turistbyen Nerja i Andalucia denne helga, og sidan eg gjerne ville ha nokre gode bilde, studerte eg nøye programmet for dagen, for å finna den beste plassen å stilla oss opp.

 

Prosesjonen skulle gå frå ein plaza oppe i byen, gjennom eit par spesifiserte gater, for å enda opp ved kyrkja nede i sentrum. Eg fann ein perfekt plass, der eg kunne stiga opp ein meter frå gateplan. Bedre stilling kunne ikkje ein fotograf ønskja. Det var berre å venta på toget.

 

Som aldri kom. Det var nesten som me skulle stå på Ski stasjon i Akershus. Der har det visst òg skjedd altfor ofte dei siste åra. At toget aldri kom.

 

Me rusla då ned til kyrkja, og der var dei iallfall i full gang inne. Så toget har nok teke ein snarveg, kanskje på grunn av litt regn i lufta. Eller kanskje det var "buss for tog" her òg, nett slik det gjerne er i Akershus?

 

Difor er dette bildet av gjengen på heimveg frå kvelden før, det einaste bildet eg har av noko som liknar på prosesjon.

 

 

 

 

 

 

 

 

Tunnelen som ingen vil ha!

09.03.2018

I går, på sjølvaste kvinnedagen, hadde altså Halsnøytunnelen bursdag!

 

Etter at det heile var over, gjekk eg heim, vrengde av meg dei våte kleda, og skreiv dette på Halsnøyveven:

 

 

Me har nett kome oss i hus og fått vrengt av oss alt det våte tøyet. Etter å ha gått i folketog frå Sæbøvik til Tofte, stått ute i stiv vind av ein eller annan styrke, og regn direkte frå slusene til ... me hadde nær sagt Fjelberg kraftlag. Med issen så kald som sjølvaste Nordpolen.

 

Og likevel så har det vore ein strålande dag. Ikkje på grunn av veret. Ikkje på grunn av at me fraus. Ikkje fordi mykje av programmet under opningsseremonien på Tofte vart sterkt redusert kvalitetsmessig under dei rådande tilhøva.

 

Nei, det var på grunn av alle dei vaiande flagga overalt. Og på grunn av alle smilande andlet kvar du enn snudde deg. Og ikkje minst på grunn av den enorme folkemengda. Me anar ikkje kor mange det var, for me såg ikkje folket for berre ... folk.

 

Ja, me er faktisk hoppande glade for at veret var så ufyseleg som det var. For no kunne me verkeleg få sjå kor sterkt engasjementet er mellom folk. Kor mykje dei har gledd seg til denne dagen, og kor sterkt samhaldet er når alt kjem til alt. Til sist.

 

Dagen har vorte samanlikna med syttande mai. Det er ei god likning på mange måtar. Ikkje berre fordi me gjekk i tog, med vaiande flagg og feiande hornmusikk.

 

Kanskje meir fordi det er ein fridomsdag. No kan me køyra kvar me vil i nesten heile verda, utan å løysa så mykje som ein einaste ferjebillett.

 

Så dette var eigentleg mykje større enn den største syttande mai. For me kan aldri hugsa at tårene har pressa seg fram når me gjekk i tog på nasjonaldagen.

 

Me må likevel ikkje gløyma at det var varmt og godt inne i samfunnshuset, då Johannes'en hadde historietime for ein fullsett sal, med framsyning av den nye fullskala Halsnøybåten. Men den type referat overlet me til dei nettsidene som driv med nyhende.

 

For no må me skyssa heim barneborna våre, som har vore her sidan i går. Dei bur på Husnes.

 

Kva tid ferja går, seier du?

 

Pøh!

 

Talaren fekk visst alle regndropane, medan hjelparen stod tørt og godt. Foto: Lars Magne Sjo.

Tunneltankar

19.03.2018

Me kan vel ikkje leggja tunneljubileet heilt bakom oss enno. Ei lita veke etter at tunnelen var opna for ti år sidan, hadde eg nokre filosoferande ord på Halsnøyveven.

 

Rart å tenkja på tunnelen etter ti år, men jammen er det rart å lesa litt på Halsnøyveven òg etter gammalt, og tenkja på nytt gjennom det som eg tenkte den gongen.

 

Les innlegget her:

 

 

Oppstyret har lagt seg etter tunnelopninga, og kvardagen har innhenta oss att. Kanskje er det litt tidleg å oppsummera korleis livet har vorte etter tunnelen, men ein liten peikepinn har me likevel fått. Dessutan er det lov å gjera seg tankar om korleis det vil verta vidare framover.

 

Det fyrste som slår oss er at trafikken ikkje har auka utover mot Ranavik. Dette trudde me heller ikkje at han kom til å gjera i serleg grad. Rett nok er det ei trafikksvak tid enno, men forretningsfolk på Sæbøvik seier at dei ikkje merkar annan skilnad enn at det no kjem nokre få fleire vogntog.

 

Og vogntoga klarar seg bra, ser det ut for. Så lenge dei køyrer forsiktig, går det godt. Og det tek likevel berre eit par minutt ekstra.

 

Mange fastlendingar er nok i det heile forundra over kor kort tid dei bruker på å køyra til Ranavik. All førehandsskrivinga om dei endelause strekningane dei måtte køyra over denne svære Halsnøya, burde me vel ta som ein kompliment. Men no finn dei ut kva for ei lita filleøy det er snakk om. Dei er på Ranavik på under eit kvarter frå Husnes.

 

Det var nok delte meiningar om kva løysing som burde veljast for å få trafikken tryggast mogleg ned til Sæbøvik frå Tofte. Sjølv har me, etter å ha sett korleis det verkar i praksis, vorte overtydde om at den løysinga vegvesenet har valt, er svært god.

 

Fartsgrensa, fartsdumpane, den ekstra vegbreidda ein oppnådde ved asfalteringa, og ikkje minst den kvite åtvarande streken, med den illevarslande lyden. Alt dette er med på å få bilistane til å oppføra seg. Dei som bur langs vegen seier at trafikken flyt mykje finare no enn før. Men naturlegvis ser me alle fram til at ei permanent trafikkløysing skal koma på plass snarast råd.

 

Uansett, tunnelen er komen for å bli. Me vil vona at alle nyttar han for det han er verdt, til felles nytte og glede.

 

Og hugs: Tunnelen er alltid i rute!

 

www.ag3.no
ARNE.GJERDE@N-LT.NO
Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik

© Det er lov å sitera frå denne nettsida
ved å referera til www.ag3.no.
Meir omfattande bruk må avtalast skriftleg.
Elles gjeld Lov om opphavsrett til åndsverk.

Utsikt utover Klosterfjorden ein vinterdag.