Det gamle hovudhuset frå 1850 høver fint i Gamlatunet på Fatland.

Blogg historikk 2018 April

Å banna i kyrkja skal ikkje vera så bra, så her legg dei opp til at ein heller skal gjera det på utsida.

Kjekavatnet i dag, med stort isflak, og sjølvsagt Såto. Foto: Kristian Hus.

Manuelt reskontrosystem på ein polsk restaurant i Spania.

Langs kyrkjeveg(g)en

01.04.2018

Denne spanjolen risikerer å pådra seg mykje vreide frå forbipasserande. Rett nok tykkjer folk det er flott at han målar kyrkja så ho blir fin til påske, men sperringar og varselskilt finst ikkje.

 

Sidan det i denne gata vrimlar med folk heile dagen, er det slett ikkje umogleg at dei får seg eit strøk med kvitmåling undervegs.

 

Då bildet vart teke var heile kyrkjeveggen ferdig måla, av eit team på rundt fire målarar. Denne karen skulle berre pussa litt nedst nede mot gateplanet. Veggen er om lag dobbelt så lang som bildet viser.

 

Bildet vart teke mens det var nokolunde folketomt, men når det er fullt i gata så går dei ganske tett inn mot veggen.

 

Men pytt pytt, litt måling på kleda gjer ikkje noko her, som det ligg tett med klebutikkar på begge sider. Kanskje er det desse butikkane som sponsar målinga, for alt eg veit?

 

 

 

Indian Winter

03.04.2018

 

I dag kom vinteren tilbake. Uttrykket Indian Summer blir gjerne brukt om ein sommar som kjem tilbake utpå hausten, så du skjønar sikkert overskrifta.

 

Kristian har teke seg ein liten tur i snøvêret, og ein rusletur utan fotoapparat er heilt utenkjeleg for den karen. Nedanfor ser du Kjekavikjo av i dag, ved same fotografen.

 

I min barndom og tidlege ungdom var slike store isflak som flaut på vatnet, utruleg spennande. Av omsyn til born av i dag, med litt større varsemd omkring slike tilhøve, skal eg ikkje fortelja så mykje meir. Berre at det var kjekt, så lenge det ikkje gjekk ut over helsa.

 

 

 

 

 

 

System kan vera så mangt

05.04.2018

I desse dagar er me mange næringsdrivande som tek eit ekstratak for å få rekneskapen til å stemma, slik at me kan skriva under med ære og samvit på dei årlege papira.

 

Og reskontroen må vera i orden, slik at kundar og leverandørar sine rekneskapar stemmer overeins med vår eigen.

 

Etter eit heilt liv med dataprogram på hjernen, har eg no i meir tilårskomen alder fått sansen for andre og mindre dataorienterte løysingar. Difor nyttar eg meg sjølv også ofte av den type løysing som dette polske ekteparet har lagt opp til.

 

 Ja, mange vil nok vera forundra over kor mange område det er, der eg vel vekk dataløysingar til fordel for manuelle og halvmanuelle ordningar.

 

 

Eit lite apropos når det gjeld alder: For få minutt sidan tikka det inn ein epost til meg, frå Kvinnherad Næringsservice. Det var invitasjon til eit kurs med tittelen 'Lindrende behandling i livets sluttfase'.

 

Deprimerande å få slikt nett i dag, forresten, på sjølvaste syttiårsdagen min! Eg får vel berre pakka saman sakene mine og levera testamentet til advokaten. Men ikkje nett i dag.

 

Som Stanley Jakobsen song i si tid: I morgon, i morgon, men ikkje i dag!

 

 

 

Wrap med lammerestar på Fatland.

Tusen millionar takk til May-May som strikka den fine hua! No kan eg endeleg gå på byen saman med Olav Thon utan å skjemmast. Foto: Kristian Hus.

Desse to prakteksemplara av handmåla slikeslips, kjøpte i Covent Garden i London, brukar eg berre ved heilt spesielle høve.

Nam lam

10.04.2018

Påskelam er tradisjon i mange heimar.

 

Sjølv abonnerer me på eit økologisk lam, som har gått og traska i Malmangernuten. Før jul får me det levert på døra, ferdig oppdelt, og med mykje godt pinnekjøt som me kosar oss med gjennom jule- og nyårshelga.

 

Men til påske må dei to lammelåra til pers. Det er ei av dei store gledene ved påska for min del. Med rosmarin og kvitløk, og alt anna smakfullt som høyrer til.

 

Restane kan du forresten nytta til å laga ein minst like god middag på andre påskedag. Som her med wrap og massevis av gode og sunne grønsaker.

 

 

Men ikkje alle er like glade i lam. Eg hugsar ein gong at me i Adonis AS fekk besøk frå Singapore av ein kar som faktisk heitte Lam til etternamn.

 

Me tok han med oss og viste han rundt i dette, for han, rare landskapet vårt. Det enda med ein lunsj på Rosendal Fjordhotel, der han vart sitjande mellom to av tenåringsjentene våre.

 

Undervegs registrerte eg ein samtale dei to jentene hadde seg i mellom:

 

- Likar du lam?

- Uffnei, eg kan ikkje fordra lam!

 

Eg kryssa fingrane for at han ikkje forstod eit einaste ord norsk.

 

Tusen takk!

20.04.2018

No har eg endeleg fått unna den lenge frykta syttiårsdagen min, og eg vil nytta høvet til å takka for alle gratulasjonar, helsingar, gåver og besøk!

 

Som tidlegare kunngjort ønskte eg meg berre ei einaste gåve, nemleg ei slik raud hue som Olav Thon har. Og jammen meg så dukka ikkje hua opp i posten, eit par dagar før dagen!

 

Gåver er eit problem for meg. Både å gi og å få. Men nokre gåver er mindre problematiske enn andre.

 

Å gi noko som mottakaren ikkje har bruk for, berre for å gi noko, har aldri vore mi greie. Det er meiningslaus sløsing med ressursar.

 

Derimot gir det meir meining dersom ein gir noko som kan opplevast av mottakaren, i løpet av eit avgrensa tidsrom. Slike ting samlar seg ikkje opp og blir til kjempeproblem i etterkant.

 

Døme på slike gåver er vin, konjakk, blomar, mat, barnepass, blåtur eller annan tur, konsertbillettar, og slike ting. Og ikkje minst gåvekort i fornuftige butikkar.

 

Dei tre første typane eg nett nemnde, fekk eg ein heil del av til dagen min. Og alt dette sette eg veldig pris på. Ting som samlar seg opp i skuffer og skap derimot, fekk eg ikkje i det heile.

 

Bortsett frå den nemnde hua. Den skal få heidersplassen i skapet!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Slipstvang

22.04.2018

I vårt hus blir det praktisert ein slipstvang litt utanom det vanlege. Ordet har fleire tydingar i mitt vokabular.

 

I ungdomen hata eg å gå med slips, det kjendest som ei tvangstrøye.

 

Seinare tvinga eg meg til å gå med slips.

 

Og i dag har eg ein uimotståeleg tvangstanke når eg er utanlands: Eg må berre kjøpa meg nokre nye slips!

 

Av og til gir eg bort slips, og av og til loddar eg dei ut. Men i samlinga mi ligg der likevel rundt femti slips til eikvar tid.

 

Du vil kanskje seia at denne slipsfobien min rimar dårleg med det eg skreiv i forrige post, om at eg ikkje ser med blide auge på ting som samlar seg opp. Men nett dette eine svake punktet må eg kanskje få lov til å ha. Berre for å prova at eg er berre eit vanleg menneske eg òg. Unnataket som stadfestar regelen altså.

 

Nett no er eg på jakt etter eit par slike slips som Donald Trump har, eit einsfarga raudt og eit einsfarga blått. Desse er vanskelege å få tak i, så kanskje eg bør senda han ein epost og spørja kva for ein netthandel han kjøper dei frå.

 

Slips er ikkje berre slips. Som du ser av bildeteksten så er det somme som livnærer seg på å måla slips for hand.

 

Damene som står i Covent Garden's Apple Market i London og sel silkeslips, gjer det på den måten. Og du treng ikkje reisa heilt dit for å kjøpa slipsa deira. Dei har nettsider som du finn her og her.

 

Slipsa er ikkje så dyre som du trur, dei kostar berre 275 kroner. Det er ingen grunn for deg og meg å ta opp konkurransen.

 

 

Finn fem fei... eh ... finn noko som ikkje er heilt A4 på dette komlefatet.

Fatland vil heretter vera i stand til å handtera ein svært stor trafikkauke.

Komla på Dill

27.04.2018

 

I går var det komletorsdag. På Dill.

 

Eg går på Dill kvar torsdag når eg har tid. For å treffa komlegjengen. Og for å eta verdas beste komle.

 

Men i går fekk eg ein porsjon litt utanom det vanlege.

 

Det har seg slik at eg er ikkje så veldig glad i kokt kålrabi. Når ho er rå, smakar ho fantastisk, og eg vart faktisk oppfostra på rå kålrabi. Mamma kalla denne grønnsaka for "Nordens appelsin", fordi det var ei viktig C-vitamin-kjelde den gongen.

 

Dill-jentene veit at til komla vil eg heller ha gulrøter enn kålrabi. Får dei som er på kjøkenet beskjed om "ein komla utan kålrabi", så veit dei kven som er komen til gards.

 

Då eg bestilte i går, sa eg visst noko sånt som "minimalt med kålrabi". Dei tok meg forsåvidt på ordet, men den vesle kålrabia eg fekk, hadde ein fasong som ingen komlekjøpar i heile verda har fått tidlegare.

 

Eg kan gladeleg vedgå at eg er veldig glad i Dill-jentene. Og eg er innbilsk nok til å tru at denne vesle gesten frå deira side, var eit aldri så lite teikn på at det er gjensidig.

 

Nokon som røystar imot?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Rundkjøringa på Fatland

30.04.2018

 

Alle viktige stader har ei rundkjøring. Og berre éi.

 

Eg kan nemna i fleng Rhodos City. Og Halsnøy. Og no Fatland. Alle har berre éi rundkjøring. Ryddig og greitt. Ikkje eit konglomerat av kryss og rundingar som ingen finn ut av.

 

Men kvifor på Fatland?

 

Tja, det er ikkje godt å seia. Eller rettare, eg veit ikkje om du skal få vita alt med ein gong.

 

Rundkjøringa ligg litt oppe i skogkanten, så ingen kan sjå ho frå hovudvegen. Det kan sjølvsagt vera med på å avgrensa trafikken noko.

 

Men det går fem vegar ut frå dette punktet, og den eine fører til Gullhaug. Og ein annan til Såto. Så om det ikkje kjem køar med bilar oppover, så kjem det gjerne rekkjer av turgåarar forbi no om våren.

 

Og er du forviten på kva som meir skal koma her, så må du beint fram ta beina fatt og sjå om det skjer noko meir med rundkjøringa. Roma vart som kjent ikkje bygd på ein dag, men byen vart bygd til slutt.

 

Hugsar eg forresten rett når eg meiner at Roma den gongen berre hadde éi rundkjøring? Den heitte sikkert Cæsarplassen eller noko sånt.

 

Mon tru kva denne tilsvarande plassen på Fatland kjem til å heita?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

www.ag3.no
ARNE.GJERDE@N-LT.NO
Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik

© Det er lov å sitera frå denne nettsida
ved å referera til www.ag3.no.
Meir omfattande bruk må avtalast skriftleg.
Elles gjeld Lov om opphavsrett til åndsverk.

Utsikt utover Klosterfjorden ein vinterdag.