Det gamle hovudhuset frå 1850 høver fint i Gamlatunet på Fatland.

Blogg historikk 2018 Mai

Frå stovevinduet har eg panoramautsikt mot Borgundnuten. Og månen. Som trillar nedover nuten.

No er Kvæfjordkaka forbigått av kaka på bildet, så ho må nok skifta namn endå ein gong, denne gongen til Verdens nestbeste.

Ragnvald Vaage var favorittforfattaren min då eg var gutunge. Eller skjetongje, som Gaute Lund ville ha sagt det.

Full som ei alke

03.05.2018

Då eg søndag morgon stod opp i femtida og kikka ut, såg eg denne fullmånen. Eg fekk så vidt trive tak i fotoapparatet, før han forsvann ned bakom Borgundnuten.

 

Mange seier dei har problem med å sova når det er fullmåne, men slik er det ikkje med meg. Einskilde dagar er derimot så flotte no om våren at det gjeld å koma seg på banen før vêret skiftar att.

 

Men kor kjem alka inn i bildet?

 

Nei, ho høyrer strengt tatt ikkje heime i denne samanhengen. Eg måtte berre finna ein tittel til bildet av fullmånen. Han er jo full, på sin eigen sjarmerande måte.

 

Han ser beint fram sexy ut. Men det kan eg vel ikkje skriva, for då kjem Metoo-gjengen rennande.

 

Har du lurt på kva uttrykket 'full som ei alke' kjem av? Kan det ha noko med 'alkohol' å gjera?

 

Det har det naturlegvis, når det gjeld årsaka til at nokon er full som ei alke. Men sjølve opphavet til uttrykket kjem faktisk frå den vaggande måten alkene tek seg fram på. Det kan gjerne minna om ein full mann. Eller ei full dame, for den del.

 

 

 

 

Bestens beste

06.05.2018

 

Alle kjenner den kaka som heiter Verdens beste. Eller Kvæfjordkake, som er det eigentlege namnet.

 

Men sidan det er verdas beste kake, så har ho fått dette enkle beskrivande namnet her sørpå.

 

Kaka på bildet kan likna. Og namnet Bestens beste kan òg likna. Men denne heilt nyoppfunne kaka er faktisk endå betre enn Verdens beste!

 

Så kva for ei kake er det då som er verdas beste i dag?

 

Kaka oppstod for første gong i historia no nyleg, då eg sjølv hadde stor dag. Og Verdens beste er mi yndlingskake, dersom bakaren ikkje gjer henne altfor søt. På Dill kan dei denne kunsten.

 

Men frå barnebarna mine fekk eg denne litt spesielle varianten, som dei altså kalla Bestens beste. Og gjestene som dukka opp på dagen var frå seg av begeistring for nyoppfinninga.

 

Skilnaden er kort og godt at det er blanda inn nokre av mine favorittmatvarer, som speltmjøl, valnøtter, og slikt. Og for ikkje å gløyma kakao i botnen.

 

Mmmm, nydeleg! Det mangla eigentleg berre sardiner og røykelaks frå favorittmenyen min, men det hadde kanskje blitt for mykje av det gode.

 

 

Lesehesten Arne

08.05.2018

Overskrifta er ironisk meint. Men i dag tidleg gjorde eg noko som eg ikkje har gjort på sikkert tretti år: Eg las ferdig ei bok av skjønnlitterær karakter!

 

Og ikkje nok med det, eg starta på ei ny, ei eg fekk til bursdagen nyleg. Bokmerket fekk eg forresten òg til bursdagen, frå Ayla fire år.

 

På Fatland skule hadde me eit rikhaldig bibliotek, med barnebøker i mange kategoriar. For meg var det berre to av dei som talde: indianarbøker, og Ragnvald Vaage.

 

Og den beste boka denne uvanleg gode forfattaren frå Sunde skreiv, var Gutane på Tedneholmen. Den måtte eg låna fleire gonger, og no etter at eg vart vaksen og vel så det, måtte eg beint fram kjøpa boka. Den har difor fått sin velfortente plass i bokhylla på Fatland.

 

Denne boka eg held på med no, heiter altså Heng i og ro! Dette er ei samling av forteljingar av umiskjenneleg Ragnvald Vaage-stil og -kvalitet, som har stått i diverse julehefte opp gjennom åra.

 

Boka kan gjerne lesast av vaksne, ikkje minst av slike som meg, som er på veg mot barndommen att.

 

 

 

 

Når me ikkje lenger orkar å springa rundt og veifta, hengjer me like godt flagget på veggen. Og i dag har me råd til meir enn eitt!

Du lurer sikkert på kvifor eg oppsøkte Rhodos i desse dagar, under heitebølgja her heime? Eit godt svar finst nok diverre ikkje.

Yr melder gin og bitter i morgon for desse timane.

Hurrraaaaaa!

17.05.2018

Kvar syttande mai tenkjer eg tilbake på åra i barndomen. Kor kjekt det var då, å springa rundt og veifta med flagget og ropa hurra.

 

Ikkje sei at det er fordi eg held på å bli gammal, eg har faktisk tenkt slik kvart einaste år i lang tid. Det er heller noko med det å ta vare på dei beste minna gjennom livet.

 

Då me var ungar tenkte me lite på 1814, og årsaka til feiringa. Den gav me vel ein god nasjonaldag i, for å vera ærlege, det var innhaldet i sjølve dagen som talde. For oss. Der og då.

 

Eg hugsar godt eit år Åsmund sykla sørover bygda på føremiddagen, som postmann. Dressen var på, det same var sløyfa, og postsekken på ryggen, og han ropa høgt hurra så det ljoma i bergjom! Det skulle sjølvsagt vore filma.

 

Seinare på dagen var han på plass ved skulen i ei ny rolle, som handelsmann. Med varer som is, brus og kjeks, som det heldigvis ikkje var rasjonering på lenger. Sikkert ikkje verdas mest høvelege kost før me skulle konkurrera på sekstimeteren og sekkeløp og slikt, men det viktigaste var å delta.

 

Det er ikkje å ta for mykje i når eg herved utnemner Åsmund til den aller viktigaste personen i bygda på denne høgtidelege dagen! Kanskje læraren, onkel Lars, kunne konkurrera om tittelen, men ingen andre.

 

Til lukke med dagen, alle saman!

 

OL-floka

28.05.2018

Då eg i forrige veke var på Rhodos nokre dagar, viste termometeret 37 grader ein av dagane. Det kan skimtast i venstre kant av skjermen på bildet.

 

Men det verste var at då eg stakk innom den norske baren litt seinare, spela dei OL-floka frå Lillehammer 1994. For full musikk!

 

OL på Lillehammer var lagt opp til å vera ein folkefest, der alle nordmenn skulle få høve til å vera med. Og det var noko me heiv oss på her på Fatland.

 

Heile familien Gjerde traska i veg rundt i denne vesle innlandsbyen, og me fekk med oss både skihopping og skiskyting. Og ikkje minst 33 kuldegrader!

 

Det var då OL-floka vart komponert. Denne fengjande melodien vart spela over høgtalarane, med oppmoding til publikum om kollektivt å slå floke, for å halda oppe både varmen og moralen.

 

Men frå 33 graders kulde til 37 graders varme er det unekteleg eit stort sprang. Heile 70 grader faktisk! Ei grad for kvart år eg har levd, for å setja det inn i eit håplaust irrelevant perspektiv.

 

Bareigaren heiter forresten Arkimedes, så han burde ha greie på tal. Så kvifor han sette på OL-floka denne heite kvelden, kan få lov å vera ei gåte. Eller eit mysterium.

 

Eller kanskje det er så enkelt som at han hadde fått solstikk?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sommar og sol!

29.05.2018

I morgon onsdag er det meldt 32 grader på Fatland. Det kan eg ikkje hugsa har skjedd tidlegare i heile mitt sytti år lange liv!

 

Ja, ikkje ein gong i juni eller juli trur eg det har skjedd. Og no skjer det altså i mai!

 

Verda står neppe til påske denne gongen. Men heldigvis er det lenge til påske!

 

Eg må nok av stad til kramkaren og kjøpa inn Bitter Lemon. Og til den andre kramkaren for å handla Gordon's Dry Gin.

 

For litt hugsar eg frå ungdomen endå. Det viktigaste minnet nett i dag er at gin og bitter var den drinken som smaka best når det var kvelande varmt.

 

Eigentleg var det noko eg las i ei bok. Om ein sjømann som var i fjerne orienten, og som ikkje heldt ut varmen på annan måte. Enn med gin og bitter. Så eg freista det den gongen, og fann oppskrifta svært virkningsfull.

 

I dag får du ikkje kjøpt denne drinken i barane rundt om, det går berre i Gin Tonic no. Det smakar forsåvidt greitt nok det òg, men du blir litt sur i magen av det. Bitter Lemon er ein tanke søtare, så skilnaden er himmelvid. Berre det er varmt nok i vêret.

 

Eg prøvde forresten oppskrifta att i går kveld, då det òg var temmeleg varmt, etter at gradestokken hadde tøtsja 30 grader. Og det fungerte framleis.

 

Så no veit du kva du har å gjera i morgon frå klokka 13 til 19, når det i følgje bildet skal vera 30 grader eller meir. Ingen verdsens ting skal du altså gjera, bortsett frå å testa nemnde oppskrift. Blandingsforholdet avgjer du sjølv.

 

 

 

Bilde frå tribuneplassen vår på Lillehammer i 1994, der me var vitne til tvekampen mellom Jens Weissflog og Espen Bredesen.

Denne plakaten er no oppslått på Fatland.

Bergen er varmast!

30.05.2018

Inntil i går hadde Oslo og Bergen heilt identisk varmerekord for mai, nemleg 29,8 grader. Så i dag stod kampen om den nye rekorden.

 

Rett før klokka 1300 slo Bergen til med heile 31,2 grader! Og det før Oslo hadde fått kneka svevnen skikkeleg or auga.

 

OL-floka frå Lillehammer, som eg skreiv om for to dagar sidan, går sikkert sin sigersgang over hansabyen i dag.

 

At bygda Etne, der Anna kjem frå, vart sett på kartet for alvor i dag, med sin norgesrekord på heile 32,7 grader, gjer dagen komplett for oss vestlendingar.

 

Det skal likevel seiast at Oslo kom sterkt på ettermiddagen, så den nye rekorden der vart på 31,1 grader. Men likevel slått av Bergen denne gongen.

 

Du visste kanskje ikkje at Bergen er den byen i Noreg som har minst nedbør i mai månad?

 

Svært lite nedbør er det i år også, men ingen rekord. Det sytte regnbyene på Kristi himmelfartsdag for.

 

 

Very Warm for May

31.05.2018

Overskrifta er tittelen på ein musikal av Jerome Kern, som hadde premiere på Broadway i 1939. Tittelen kan vel best omsetjast som Svært varmt til å vera mai.

 

I ungdomen var eg veldig oppteken av musikalar, spesielt dei som gjekk på Broadway. Ein av dei absolutte favorittsongane mine er henta frå nett denne musikalen, som det av naturlege, og etter kvart livsfarlege, grunnar passar å nemna i desse dagar.

 

Det livsfarlege er sjølvsagt at denne varmen, som òg ser ut til å vara langt inn i juni, gjer at faren for skogbrann er overhengjande. Skulle nokon finna på å tenna ei fyrstikk i min skog, så har eg verdas beste advokatar til å ta dei med.

 

Totalforbodet gjeld òg i gapahuken.

 

Folk forstår sikkert no alvoret når det gjeld brannfaren, så la oss heller dvela litt ved musikalen.

 

Den fantastisk flotte melodien som eg siktar til, heiter All the things you are.

 

Det finst massevis av gode innspelingar av denne, i ulike musikkformer, ikkje minst jazz. Vil du høyra om lag korleis originalen er, kan du på youtube.com leita opp Laura Osnes, som framfører songen nydeleg.

 

Med eit slikt etternamn, skulle ein tru at ho var frå Etne, bygda der Anna kjem frå. Bygda som nett har sett noregsrekord i varme. For mai. Nett slik Laura syng om.

 

Og kanskje er ikkje det feil at ho kjem frå Etne, for med litt googling finn eg ut at far hennar slektar frå Noreg. Dette utklippet frå ethnicelebs.com fortel slik:

 

"Laura’s paternal grandfather was Russell Ellsworth Osnes. His parents were John T. Osnes and Barbara Pederson (the daughter of Hans Matthias Pederson/Pedersen and Jacobia Olene Hansine Sackerson/Zachariasdatter). John was born in Iowa, to parents from Norway. Barbara was also born in Iowa, to Norwegian parents."

 

Elles har Tony Martin ei fantastisk framføring, det same kan seiast om Mario Lanza, Jack Jones og Placido Domingo. Og sjølvsagt har Frank Sinatra sin versjon.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

www.ag3.no
ARNE.GJERDE@N-LT.NO
Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik

© Det er lov å sitera frå denne nettsida
ved å referera til www.ag3.no.
Meir omfattande bruk må avtalast skriftleg.
Elles gjeld Lov om opphavsrett til åndsverk.

Utsikt utover Klosterfjorden ein vinterdag.