Det gamle hovudhuset frå 1850 høver fint i Gamlatunet på Fatland.

Blogg historikk 2018 Juni

Feiringa starta i klosteret, der gjengen følgjer interessert med på Per Ove sine historiske utgreiingar. Og den karen kan verkeleg lokalhistoria si.

Etterpå var det fantastisk lunsj, levert av Dill, og servert i idylliske Sjøvangevågen. Og til slutt festmiddag på Rosendal Fjordhotel.

Kan det vera snakk om ein krysning mellom snigel og edderkopp? Klikk på bildet, så får du sjå videoen.

Adonis er 30 år!

03.06.2018

I går feira me heile dagen at det i desse dagar er 30 år sidan Adonis AS vart fødd.

 

Med rundt 30 gjester frå inn- og utland, gjekk det slag i slag. Først med sightseeing og diverse program rundt på Halsnøy, og seinare i Rosendal, med festmiddag og også der med mange programpostar.

 

Dei tilreisande fekk sjå kommunen vår i all sin sommarlege prakt, i eit jubileum som vil bli hugsa i lang tid framover.

 

For eigen del så figurerer eg i dag berre som sjuande far i huset, sidan det no eingong var eg som starta Adonis-eventyret. Men eg er umåteleg takksam for at eg fekk lov til å delta på dette mimreshowet.

 

Eigentleg starta vel eventyret allereie i 1979 for min del, det var då eg laga det første programmet i Adonis-serien. Utover åttitalet vart det mange, og det var ei eventyrleg tid, det mest spennande tiåret i heile livet mitt. Og eg sat personleg med rettane til programma.

 

Adonis AS vart etablert i 1988, og der inviterte eg Bente og Per Ove Kviteberg til å vera med. Nokon måtte ta seg av å byggja og driva sjølve firmaet og prosessen ut mot marknaden, sjølv hadde eg meir enn nok med programvara.

 

I 1996 selde eg så programrettane til Adonis AS, og i 1997 møtte eg sjølv veggen, som følgje av altfor mykje hardt arbeid gjennom altfor mange år. Då var det godt at det sat kompetente folk som kunne overta.

 

Folk flest, inkludert meg sjølv, trudde at Adonis var ferdig når ikkje eg kunne vera med lenger. Men heldigvis tok me alle feil. Etter nokre månader med krisehandtering, var firmaet på banen att. Sterkare enn nokon gong. Det viste seg atter ein gong at ingen er uunnværlege.

 

 

 

 

 

I dag, dagen etter jubileet, har eg filosofert litt over nett dette som skjedde i 1997. Og konklusjonen er at eg burde ha stilt med ein eigen programpost i går kveld. Der skulle eg ha delt ut tre gullmedaljar, med teksten "Keep Adonis Alive Championship 1997" inngravert.

 

Den eine skulle gått til Per Ove, som tok ansvar for situasjonen då eg sjølv svikta. Han påla meg to månaders sjukmelding omgåande, og tok full kontroll over situasjonen. Og eg som aldri hadde våga å sjukmelda meg ein einaste dag tidlegare! Dei to månadene vart etter kvart til to år, før eg var nokolunde arbeidsklar att.

 

Dei to andre skulle gått til dei to dugande programutviklarane Alf Inge Lindtner og Hailin Chen. Dei var tilsett relativt nyleg den gongen, og dei er framleis sentrale i firmaet. Dei tok over den oppgåva som brått vart for stor for meg sjølv. Og måten dei har vidareutvikla produktet vårt på, tek eg verkeleg av meg hatten for!

 

 

Så når einskilde no og då poengterer at utan Arne Gjerde så hadde det ikkje vore noko Adonis, så er sjølvsagt det rett. Men det er lite vesentleg i dag. Eg høyrer til i eit anna århundre, på linje med Abraham og Napoleon og andre som har markert seg i si tid.

 

Det er nemleg dei tre nemnde gullmedaljørane som skal ha all æra for at Adonis eksisterer i dag!

 

Og sjølvsagt alle dei som har kome til etterpå, og som har gitt sitt solide bidrag til at det under festen i går kveld kunne opplysast at no var nett den største kontrakten i firmaet si historie i hamn! Hurra!

 

Personleg har eg ikkje hatt mitt daglege arbeid i firmaet etter kollapsen. Men eg har vore med som eigar og styremedlem. I fjor sa eg likevel frå meg styrevervet, og eg kjem til å selja eigarposten. Alder og helsesituasjon gjer sitt.

 

Men det er ein fantastisk gjeng på 43 personar som i dag driv denne verksemda, med kundar over heile verda, likevel framleis med hovudkontoret på Halsnøy. Eg er stolt over det dei får til, og eg gler meg til det som skal koma.

 

For nett no verkar dei uovervinnelege!

 

 

Himmelske sniglar

07.06.2018

Trudde du at sniglane kjem til verda nede i jorda? Tru om att, for eg har bevis på at dei kjem dalande ned frå himmelen.

 

Ja, du kan berre le deg ferdig. Men så kan du klikka deg inn på denne bloggposten og lesa om desse himmelvesena. Som ikkje nett liknar englar, vengjer har dei heller ikkje.

 

Men eit mysterium er det iallfall.

 

Dette skjedde i juni for to år sidan. Eg tok ein liten titt ut kontorvindauget, og brått trudde eg ikkje mine eigne augo.

 

Midt i lause lufta stod det nemleg ein velvaksen brunsnigel!

 

Eg såg etter kvart at han hang etter ein tråd, som ei anna vevkjerring. Og at han var på veg ned. Ned mot dei fristande hageblomane.

 

For meg sjølv kunne det vera fristande å finna hagla og skyta han ned. Men eg tok heller kameraet og filma han.

 

Episoden har nok helst ei naturleg forklaring, utan at eg undersøkte dette der og då. Men dette skjedde ein liten meter utanfor vindauget, så det er meir sannsynleg at han kom frå taket enn at han var send frå himmelen.

 

Det er nemleg torvtak på dette vesle kontorbygget mitt. Så eit langt strå eller ei lita buske har nok vakse seg utover eit stykke, og så har han krope ut dit. Og så har han vore for feig til å berre hoppa i det.

 

Men korleis han, eller mora hans, har kome seg opp på taket, og kva dei hadde der å gjera, kan vel uansett få hanga i lufta, for å seia det slik.

 

 

 

 

 

Vestlandsmeisteren frå Fatland til venstre, i triveleg passiar etter fantomløpet. Årstalet hugsar eg ikkje, men kanskje han gjer det sjølv? Utklippet er frå Stavanger Aftenblad.

Ovanfor ser du Ole, som var den som hadde ansvaret for å senda løparane ut i skogen. Til høgre tek Sigvald seg av elektronikken i målområdet. Det vart litt trafikk i rundkjøringa ei lita stund.

Halsnøy - o-sportens mekka

10.06.2018

Ja, slik var det før i tida. Halsnøy var godt representert i o-løypene rundt i distriktet. Ein gong på åttitalet var me over hundre registrerte o-løparar her på øya.

 

Og somme hevda seg godt i større selskap. Broder Torvald vart til dømes vestlandsmeister eit år, og var litt inne i landslagsdiskusjonen faktisk. Men han ville ikkje satsa så mykje som trongst.

 

Eg trur beintfram han var litt lat ...

 

 

Det siste vil han sikkert protestera heftig på, men det er iallfall sant at treningsnarkomane Jan Fjærestad, som var jamaldring og nokolunde jamgod den gongen, seinare tok sølvmedalje i verdsmeisterskapen. Men då hadde Torvald lagt opp.

 

Kanskje er ikkje eg den rette forresten, til å snakka om andre latsabbar. Torvald sprang nemleg fire-fem gonger fortare enn meg, som stort sett deltok i C-klassen, og konkurrerte mot Henning Haga frå Trio. Det var visst koffert-løparar dei kalla slike som Henning og meg, kva no det skulle tyda.

 

 

Det er mange år sidan sist det vart arrangert o-løp på Halsnøy. Men faktisk skal det no lagast til nytt løp att. Ikkje berre av nostalgiske grunnar, trur eg.

 

Løpet skal gå her på Fatland tysdag om to dagar, altså om ettermiddagen den 12. juni. Frammøte er oppe ved Raualøo (mot Gullhaug) klokka 1700, og så varer det eit par timar.

 

Skulle du ha lyst til å prøva deg i o-løypa, anten du er gammal avdanka ringrev, eller du aldri har sett eit o-flagg før, er det berre å møta opp.

 

O-løp og mimring

12.06.2018

Nett no i kveld går det føre seg o-løp på Fatland, og i skrivande stund er det enno nokre løparar att ute i dei tre løypene.

 

Det er veldig mange år sidan sist det var eit såkalla Sunnhordlandsløp på Halsnøy i det heile, og endå lenger sidan det var på Fatland. Men Vestlandsmeisterskapen gjekk faktisk her i 1995, og då var det fleire hundre deltakarar.

 

I kveld var det berre rundt 20 sprekingar som stilte til start. Det er ikkje som før i tida altså, men o-sporten har ikkje den same vinden i segla i dag.

 

Stord Turn & Idrettslag har det meste som er av o-miljø i Sunnhordland for tida, følgjeleg var det derifrå løparane kom i kveld.

 

Hadde ikkje desse forbaska akilleshælane mine vore så ugreie for tida, så skulle eg jammen prøvt meg sjølv. Det er heldigvis godt å ha noko å skulda på.

 

 

Her er gjengen (minus meg og ein til) samla utanfor gamlestova hos Ståle, på garden Kjærland i Uskedalen.

Dei som kjenner meg vil vel rista på hovudet av mottoet på russekortet mitt, men faktisk var eg litt lat den gongen. Det har eg teke att i rik mon seinare.

Russetur til Halsnøy

19.06.2018

Då eg gjekk på gymnaset i 1967 var det mest vanleg å leggja russeturen til København. Vårt kull gjekk eit steg lengre og reiste ned gjennom Tyskland. At nokon er så avanserte at dei reiser heilt til Halsnøy, finst det ikkje mange døme på.

 

Likevel var det på ein måte det som skjedde no i helga. Saman med Ståle Eik frå Uskedalen, som var klassekamerat med meg på Bryne den gongen, inviterte eg russen frå 1967 hit til Halsnøy. For å visa dei den vakre øya mi og den nydelege dalen til Ståle.

 

22 av dei stilte opp, og det er inga overdriving å seia at dei vart imponerte av det dei opplevde her. Alt skrytet dei la att etter seg kan ikkje tolkast annleis.

 

 

Me losjerte dei inn på folkehøgskulen, i avdelingane Midtbu og Storebu. Og me fylte kjøleskapa med mat, så ingen skulle svelta. Og så fekk alle utlevert boka "Halsnøy 2014", med signaturen til alle deltakarane på.

 

Så la me ut på tur rundt Halsnøy fredag etter lunsj, for å visa dei alt det fantastiske me har her. Sjølv om vêret stort sett var fint under opplegget elles desse dagane, så hølja det ned eit par timar på nett denne turen rundt på Perlo, som me kallar øya vår til dagleg. Men me fekk vist dei det store veggmåleriet i Høylandsbygd, på heile 18 x 80 meter! Det skal vera eitt av verdas største.

 

Etter ein liten tur på Gullhaug, for å sjå den vakre utsikta over Sunnhordlandsbassenget, enda me opp i hagen vår på Fatland, og der var det godprat, moro og underhaldning, kombinert med nydeleg tapas frå Dill.

 

 

 

 

 

 

 

Laurdagen kom sola for fullt, og då leigde me turbuss som tok oss innover i kommunen. Me viste dei Husnes, Sunde, Uskedalen (sjølvsagt), Omvikdalen, og Rosendal. Utsøkt lunsj fekk me hos Brødskreppa i Omvikdalen, der mange kjøpte godsaker med seg heim.

 

Det gjorde dei forresten òg på garden Friheim øvst i Uskedalen, der dei kjøpte spekemat som var laga på garden. Dei store, bratte fjella rundt Ulvanåso, med alle klatrerutene, kom tett på og var eigna til å imponera den mest kresne.

 

I Rosendal kunne me nok brukt ein dag åleine, så tida vart for knapp. Me måtte difor droppa både Baroniet, Steinparken, Vangssago, Galleri G Guddal, og den gamle steinkyrkja, og så konsentrerte me oss heller om Folgefonnsenteret.

 

Tilbake på folkehøgskulen stod middagslur på programmet, me er jo syttiåringar heile bunten. Deretter var det middag frå Dill, til festduka bord i matsalen. Her var det talar og godprat i fleng, og alle storkoste seg, med mimrefaktor som ingen kunne hugsa maken til.

 

 

 

I fjor var me heile 118 samla på Bryne, til 50-årsjubileum, av opphaveleg rundt 160 russ. Då vart det på ein måte avgjort at det vert for lenge å venta ti år til neste jubileum, for då vil det vera for få att som har helse til å koma.

 

Difor var årets treff eit initiativ til heller å ha årlege treff rundt om på stader der einkvan av oss bur i dag, slik at me kan læra kvarandre å kjenna skikkeleg att, ettersom me har forandra oss ein liten smule sidan 1967. Dei aller fleste er pensjonistar som har god tid til slik reising om sommaren.

 

Det vart avgjort samrøystes at neste år skal me samlast i Bø i Telemark. Då vil det truleg vera mange fleire enn i år, dels fordi dei skal få vita tidspunktet i svært god tid, og dels fordi dei som var med i år skryter uhemma av kor kjekt dette var. I år vart det for kort varsel for mange, slik at dei allereie var opptekne denne helga.

 

Eg er beint fram byrja å gle meg til juni neste år!

 

 

 

 

Det var stor stas for dei heldige som fekk vera med i jonsokbryllaupet. Sjølv var eg så heldig at eg fekk ein klem av sjefshulder Åshild Ulstrup.

Huldrefestivalen

26.06.2018

Me har nett lagt bakom oss jonsokafta, og då var det feiring mange stader. Også i båthamna her i bygda, den som heiter Arnavik båthamn.

 

Men det var endå større feiring på den tid desse bilda var tekne, truleg rundt 1993. Då var eg sjølv skutelaus skipsreiar, følgjeleg måtte eg vera med i båtlaget. Og var eg først med i båtlaget, ja, då var eg sjølvsagt med i styret. Og var eg med i styret, så måtte eg naturlegvis vera konferansier.

 

Me hadde jonsokbryllaup, og me hadde kapproing der Sildakongen og Magnar Reigstad rodde ein av båtane.

 

Og sidan me var så offensive og kalla dette for Huldrefestivalen, så måtte me jo invitera sjølvaste sjefshuldera, Åshild Ulstrup, til å halda tale.

 

 

Programmet var spekka, og det var vel mellom to og tre hundre som møtte opp. Altså to-tre gonger fleire enn det som bur i bygda.

 

Sildakongen var invitert til både å underhalda litt, å vera med på kapproing, og å selja 'saltkvess og anna snop frå havet', som han gjerne pla seia.

 

Han og Magnar var altså i same båt denne gongen, og dei vann faktisk kapproinga. Eg delte ut kvar si gullmedalje til dei, medaljar som eg sjølv hadde vunne i klubbmeisterskap i bordtennis og orientering. Det spela inga rolle kva som stod på dei, berre dei var av gull.

 

Sildakongen fekk ei medalje meir i samlinga si, men Magnar var veldig kry, for han hadde aldri vunne ei medalje før. Sa han, men det er ikkje heilt sant, for han fekk iallfall medalje i den store Nato-meisterskapen i skyting.

 

Åshild Ulstrup hadde skrive bok om huldrer, som ho var generelt veldig oppteken av. Difor måtte ho vera med, og ho sette definitivt spiss på arrangementet.

 

Ungane fekk ein huldredrikk, som Magne hadde miksa til. Den vart brukt kvart år, og oppskrifta var veldig hemmeleg. Men at pæresider og valmuefrø var viktige ingrediensar, er bombesikkert. Og drikken var populær, med dei svarte frøa i den gulgrøne drikken, såg han verkeleg trolsk ut.

 

Og ja, me hadde laga eigne T-skjorter, med illustrasjon av Halsnøy-huldera, laga av sjølvaste Lars Slettebø. Undertittelen var 'Bli bergteken på Halsnøy'.

 

Ja, det var tider!

 

Og skulle eg ovanfor ha kome i skade for å blanda saman hendingar frå fleire av desse arrangementa våre, så er det eitt av dei privilegium me syttiåringar faktisk har!

 

www.ag3.no
ARNE.GJERDE@N-LT.NO
Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik

© Det er lov å sitera frå denne nettsida
ved å referera til www.ag3.no.
Meir omfattande bruk må avtalast skriftleg.
Elles gjeld Lov om opphavsrett til åndsverk.

Utsikt utover Klosterfjorden ein vinterdag.