Det gamle hovudhuset frå 1850 høver fint i Gamlatunet på Fatland.

Blogg historikk 2018 Juli

Dette bildet av sjøbua til Pederen er måla av Inga Juel Koløy, etter eit foto av Audun Sydnes. Eg kjøpte det av Inga på ein marknad på samfunnshuset.  Som du ser så var det råd å krypa og vassa under huset, og på det viset laga me oss vår eigen inngang til paradiset.

Stubbane etter granskogen grånar, mens andre yngre og meir fargerike krefter tek over.

Anna har kledd seg i ein farge som matchar både geiteramsen og det mjuke fine graset rundt benkene på Gullhaug.

Sjøbua i Havnen

04.07.2018

Litt mimring er lov i min alder. Og no i desse fantastiske sommardagane fer jo då tankane lett ned til Havnen, der me bada og leika då me var ungar.

 

Pederen, alias Peder Svalland, hadde denne flotte sjøbua ståande der. Og det mest spennande på heile jorda var å få utforska alt som var der inne.

 

Det var berre eitt problem: Me hadde ikkje lov å vera der når ikkje Pederen var der sjølv. Men me fann råd.

 

 

Me var jo høgt og lågt heile tida, difor var me også under sjøbua. Der fann me eit litt laust golvbord som me lirka til sides. På den måten kom me oss inn, sjølv om inngangsdøra var låst.

 

Og eg overdriv ikkje når eg hugsar dette huset som eit paradis. Sjølv var eg av dei kreative som måtte prøva alt. Og det var berre mogleg når Pederen ikkje var her sjølv, han var nemleg redd for sakene sine.

 

Det var tre etasjar, og dei to øvste hadde mange rom. Kvart av romma var som eit eige miniparadis, der det var verkty, utstyr og diverse som hadde samla seg opp gjennom åra. Det var absolutt alt som ein oppfinnsam gutalarv kunne ønskja seg å fikla med.

 

For dette var snekkerverkstaden til Pederen. Mellom anna. Og den hemmelege jordbærstaden min. Og somme andre sin.

 

I dag er sjøbua borte, etter at ho stod til nedfalls i mange år. Trist at eit så flott hus ikkje er her lenger, men gode minne sprengjer på.

 

 

 

 

 

 

På bærtur

08.07.2018

Det er ikkje det kjekkaste å gå og vassa rundt i nye hogstfelt. Men er dei tre år gamle, slik som her på nordsida av Gullhaug, er det noko heilt anna.

 

No om dagen blømer geiteramsen på sitt finaste. Samstundes kan du eta deg mett på ville bringebær. Og det florerer med bjørnebær òg, sjølv om me kanskje må venta ein månad før dei er mogne.

 

Meditasjon i det fri

12.07.2018

Det er vel litt agurk-stil over denne bloggen nett no, men sidan agurk er ei av favorittgrønsakene mine for tida, skulle det høva godt.

 

Gullhaug er verdas beste plass for stille meditasjon, og både Anna og eg er oppom kvar einaste dag. Her kan du drøyma deg vekk. Til Sydens sol og varme, til dømes. Eller berre til Sydnes' sol og varme, for den del.

 

 

Dette bildet av idylliske Grønestøl (øvst) tok eg frå Gullhaug på morgonkvisten i dag.

Fårup Sommerland er kåra til Europas nest beste sommarpark. Minigolf er berre éin av mange hundre aktivitetar.

Lurer du på kva sort du skal velja å ha oppi glaset i morgon? Vel, her studerer Per i Frigiliana og eg på kva type glas me skal velja. Innhaldet er hipp som happ når det berre er varmt nok i vêret. Foto: Kristian Hus.

Grønestøl

19.07.2018

Har du ikkje lese siste nummeret av vekebladet Hjemmet, så må du få tak i det med ein gong!

 

For der står det ein fantastisk flott reportasje om Ingrid og Thomas, og vesle Vincent, som har flytta frå millionbyen Stockholm. Til ein litt mindre plass. Med berre 15 innbyggjarar. Nemleg garden Grønestøl på Fjelbergøy.

 

Og dei stortrivst!

 

 

Golføya

23.07.2018

Ei øy får ofte identiteten sin ut frå kva som er den lokale hovudaktiviteten.

 

Golføya. Eg snakkar ikkje om Halsnøy, for den heiter Basarholmen. Basert på det som øya er mest kjend for, iallfall i visse krinsar.

 

Nei, denne golføya er heilt ny, og ho finst midt inne i det store Fårup Sommerland, som ligg i Nord-Jylland. For dei som interesserer seg for slikt, er det berre å ta turen over frå Kristiansand.

 

Trur du forresten at Basarholmen kan bli til Golføya? At einkvan av bøndene på Halsnøy seier at, nei, no orkar eg ikkje meir av denne tørken. Eg vil ikkje driva med kyr lenger, det blir ikkje nok fôr i år, så eg må slakta ned.

 

Kva skal eg så satsa på til neste år? Jo, golf skal visst vera ei stor vekstnæring!

 

Den som lever får heilt sikkert ikkje sjå ...

 

 

Costa del Fatland

26.07.2018

Sjekk denne vêrmeldinga for Fatland for i morgon fredag! Kven i alle dagar er så ville at dei vurderer å reisa til Syden i desse dagar?

 

Når det er meldt 32 grader etter lunsj, kunne nesten eg òg faktisk klart å tenkja tanken på å rusla ned i Fatlandshavnen og hoppa på sjøen. Men truleg orkar eg ikkje å gå heim att etterpå. Å ta heilt fri frå jobben det skal eg iallfall vurdera.

 

Du som er yngre og sprekare får heller stå for badinga, så får me gamlingane i staden finna oss ein litt skuggefull plass heime. Kanskje med noko kjølig oppi eit pittelite glas, kven veit.

 

Når eg tenkjer meg om, får me visst besøk av ein framståande vinekspert i morgon. Eg satsar på at eksperten finn den beste løysinga for dagen og kvelden.

 

 

 

Tequila Sunrise er den velkomstdrinken eg gjerne lagar til snille menn. Men eg må nok opp nokre hakk dersom sjølvaste Fantomet kjem på besøk!

Innsendaren har rett i at det finst mykje styggare syn rundt om. Men dette er likevel ei påminning til meg om at det har ikkje gått altfor fort framover med denne rundkjøringa. Skeia i andre handa, blir visst oppskrifta MI framover. Foto: Kristian Hus.

Etterlysing

29.07.2018

Eg er på jakt etter ein snill mann. Ein som eg gjerne vil spandera kaffi og konjakk på. Ikkje ein kven som helst mann. Ein heilt spesiell kar må dette vera.

 

Men eg anar ikkje kva han heiter, eller kvar han bur. Berre at han er uendeleg snill av seg. Og at han fortener å bli sett skikkeleg pris på. Spesielt av meg.

 

Det var ein gong for mange år sidan det hende, på flyplassen på Helganes. Mannen forsvann like fort som han dukka opp, difor denne etterlysinga.

 

Kona og eg kom frå Syden ein tidleg laurdag morgon, og eg stod i kø framfor skranken i avgangshallen for å henta ein bilnøkkel. Brått kom ein mann halsande og stilte seg opp bakom meg. Eg såg korleis han trippa, så eg sa at han kunne gå føre meg i køen, sidan det såg ut som at han hadde det brennande travelt.

 

Han takka veldig for denne generøse handlinga, og då han fekk forklart ærendet sitt til dama bakom skranken, med bedande blikk, fekk eg med meg at han skulle ut på tur med ein gjeng, og flyet venta visst berre på han nett no. Men så var det slik at han hadde putta ei flaske konjakk i ryggsekken, og det ville dei ikkje ha noko av i sikkerhetskontrollen. Så han hadde bryskt blitt avvist der, og no sette han si lit til at dama her kunne hjelpa han.

 

Det kunne ho naturlegvis ikkje, og no fekk han beskjed om at flyet ikkje venta lenger. Han såg seg rådvill omkring, så snudde han hundreogåtti grader, såg meg inn i auga, og sa: Versågod! Brått stod eg att med ei flaske edel konjakk i nevane.

 

Han var borte så svint at eg fekk ikkje sagt takk ein gong, langt mindre kake. Kanskje var det Ånden som går, sjølvaste Fantomet? Han har det visst med å forsvinna på den måten.

 

Eg tok vare på flaska i fleire veker, men for at ikkje innhaldet skulle bli bederva, må eg vedgå at eg spanderte det på min vennegjeng, sidan han ikkje fekk høve til å spandera på sin.

 

Dette er kanskje ti år sidan, men eg har tenkt mange gonger at denne snille mannen må eg ein dag få gjort opp med.

 

For det skal løna seg å vera snill. Det veit eg alt om, det var nett difor det var meg han gav flaska til. Eg var nemleg snill og let han gå føre meg i køen!

 

 

 

 

Dagens rundkjøring

31.07.2018

Det er kjekt å sjå at såpass mange les bloggen min, som inneheld mine personlege betraktningar om eitt og hitt.

 

Sidan det er fleire som lurer på om dei kan få publisera noko på min blogg, får du her ei lita forklaring på kvifor det er slik det er.

 

Ein blogg er altså ikkje ein stad lesarane kan senda inn sitt stoff og få det publisert, det er skribenten sitt eige forum.

 

Mange bloggar let likevel lesarane få lov til å koma med kommentarar til bloggpostane, i eige kommentarfelt under. Det gjer ikkje eg.

 

Dels fordi eg hatar nett-troll, som garantert ville ha innfunne seg fort. Og dels fordi eg ikkje skal bruka mykje tid på bloggen. Med kommentarfelt går det alltid ein del tid, både til å svara på det som måtte koma, og ikkje minst på å luka ut det som ikkje høver. Altså det som kjem frå nett-trolla.

 

 

Likevel kan det finnast unnatak frå regelen, særleg dersom innspelet inneber ein snev av skryt, hehe. Som i går, då denne kom frå Kristian i Kjekavikjo:

 

Ikkje alle rundkøyringar i Kvinnherad blir like godt stelte. Snarare tvert imot, det gror over av gras og ulike planter fleire stader og det er ein fare for trafikken. Men på Fatland, som har berre éi rundkøyring, er det oversiktleg og trafikksikkert. Den eine rotplanta som veks der pyntar berre opp.

 

 

Det er sjølvsagt lov å senda meg meiningar om ting eg har skrive, eller tips, eller tekstar. Men eg vil sjølv stå fritt til å vurdera kor vidt dei har noko i bloggen min å gjera.

 

Kort og godt fordi bloggen skal gi uttrykk for mine tankar om tilhøve som eg sjølv måtte ha eitt eller anna forhold til. Det er det som er blogg.

 

Visste du forresten kva ordet blogg kjem av? Det er ei forkorting for WebLog.

 

Epost-adressa mi er ARNE.GJERDE@N-LT.NO.

 

www.ag3.no
ARNE.GJERDE@N-LT.NO
Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik

© Det er lov å sitera frå denne nettsida
ved å referera til www.ag3.no.
Meir omfattande bruk må avtalast skriftleg.
Elles gjeld Lov om opphavsrett til åndsverk.

Utsikt utover Klosterfjorden ein vinterdag.