Det gamle hovudhuset frå 1850 høver fint i Gamlatunet på Fatland.

Blogg historikk 2018 August

I skrivande stund kom dette bildet frå skogen deisande inn på telefonen min. Det finst visst sorten i år òg, trass i tørre tider. Foto: Anna Gjerde.

Tytebæret oppå tuva

09.08.2018

Tytebæret opp på Tuva

Voks utav ei liti Von.

Skogen med si grøne Huva

Fostrar mang ein raudleitt Son.

 

Eingong seint om Hausten

Lagde liten Svein til Bærskogs ut:

"Raudt eg lyser," Bæret sagde,

"kom åt meg, du Vesle-Gut.

 

Her ifrå du meg må taka;

Mogi Bær er utan Ro.

Mal meg sundt, at du kan smaka

Svaledrykken av mitt Blod!

 

Mognar du, so vil du beda

Just den same Bøn, som eg.

Mogen Mann det mest må gleda,

Bort for Folk å gjeva seg.

 

Aasmund Olavson Vinje (1858)

 

Tytebær er noko av det beste eg veit. Før i tida hende det at eg laga fløytekake, og då brukte eg helst tytebær i fyllet.

 

Det smaka himmelsk, særleg dersom kaka vart servert på toppen av Såto. Ikkje det minste rart det, sidan Såto jo er rimeleg nær himmelen.

 

Somme andre likte òg denne smaken, men mange tykte det vart litt i skarpaste laget. Det gjorde meg ingen ting, for då vart det berre meir kake på meg!

 

 

 

 

 

 

 

Dei lagar ikkje desse på Bjellands Fabrik No. 13 på Sæbøvik lenger. Framleis blir brislingen fanga i våre farvatn, men no vert han send til Polen i nedfrosen stand, pakka, og send tilbake til Spar-butikken på Sæbøvik.

Lunsjen min

11.08.2018

Eg et sardiner til lunsj. Kvar dag. Med olivenolje. Ein heil boks. Det smakar godt, og det er helsebot. Berre makrell skal visstnok vera betre kjelde til Omega-3.

 

Merket må vera King Oscar. Og datoen bør helst vera utgått for minst ti år sidan.

 

Nokre dagar vekslar eg med røykt laks og kokt egg. Men laks inneheld visst meir gift enn Omega-3, seier dei.

 

 

Eg høyrer til brisling-generasjonen. Dei unge høyrer visstnok til dessert-generasjonen. Skilnaden er stor.

 

Då me vaks opp var hermetisk brisling det beste du kunne få. Kortreist og kaloririk. Fanga i fjordane våre, og hermetisert i dei same fjordane, i Bjelland sine fabrikkar.

 

Me ungane fann ofte sardinøskjer liggjande i stranda. Vanlegvis var dei nok kasta fordi det var hol på dei, og i den tid var det å hiva boss på sjøen heilt ok. Då var dei kvitt det for godt. Iallfall dei som kasta boksane.

 

Men så rak dei sjølvsagt inn i stranda ein stad. Og der stod me og tok i mot. Opna og åt. Heilt bederva kan dei ikkje ha vore, for ein god del av oss lever enno.

 

 

King Oscar har alltid vore dei beste sardinene, saman med Ingri. Sistnemnde blir ikkje laga lenger, men King Oscar vert framleis laga av firmaet King Oscar AS i Bergen.

 

Ikkje på Sæbøvik lenger, heller ikkje i andre av fjordane våre. Men i Polen. Og då er sjølvsagt ikkje kvaliteten i nærleiken av det han ein gong var, då fersk vare vart hermetisert ganske omgåande.

 

 

For fire år sidan tykte eg kvaliteten var blitt så dårleg at eg skreiv til King Oscar AS og klaga. Eg et sardinene dykkar kvar einaste dag, skreiv eg, men no er dei blitt så dårlege at eg må sjå meg om etter eit anna merke.

 

I svaret orsaka dei at eg ikkje var nøgd, noko dei ikkje heilt kunne forstå. Men for å blidgjera meg, sende dei meg ein kasse med hauggamle sardiner, som eg skulle få som plaster på såret. Desse kunne dei ikkje selja, skreiv dei, fordi dei var feilstempla.

 

Men desse antikvariske sardinene er dei absolutt beste eg nokon gong i mi levetid har smakt! Datostempelet sa at dei måtte etast seinast i 2002, og dette var i 2014.

 

Det var heilt sikkert noko anna enn feilstempling som var grunnen til at desse ikkje vart selde på vanleg måte. Kvaliteten var så høg at dei tok heller vare på sardinene, for å gi dei til misnøgde kundar, og kanskje til framståande gjester.

 

Eg sende eit fint takkebrev tilbake, og var samd i at desse var feilstempla. Det burde ikkje ha stått "Best før 2002", det burde ha stått "Best etter 2002"!

 

 

 

 

 

 

 

 

Steike fine tytebær i år, ville vel Hildegunn Moltubakk ha sagt. Foto øvst: Anna Gjerde. På myra under var det eg fann det fantastisk spennande nokre år etter flystyrten.

Om små og store bruer

15.08.2018

I dag vakna me opp til det grufulle nyhendet om vegbrua høgt oppe i lufta i Italia, der så langt 42 menneske er funne omkomne etter at brua kollapsa.

 

I går gjekk Anna over denne vesle brua rett nedanfor Ådnaviksvatnet, då ho var på tytebærslang i naboskogen. Definitivt mindre sjanse for totalkollaps her.

 

 

Og medan me snakkar om kollaps oppe i lufta: I forgårs gjekk eg sjølv over denne steinbrua, i eit anna ærend. Nemleg for å finna staden der småflyet krasja i 1954, då eg var knappe seks år gamal.

 

Medan eg gjekk slik, kom eg brått til å hugsa noko eg fann i skogen, nett her, kanskje var eg blitt tolv år gamal då. Og dette var òg noko som hadde dala ned frå eit fly ...

 

Eg hadde faktisk gløymt det heilt ut. Men då eg passerte denne myra, nett på sørsida av den vesle steinbrua ved Ådnaviksvatnet, stod det brått klårt framfor meg att.

 

 

For det var her eg fann ein liten orange ballong. Han hadde kollapsa oppe i lufta, nett slik som brua i Italia, men med noko mindre dramatisk utfall.

 

For meg den gongen, for nesten seksti år sidan, var dette noko av det mest spennande eg hadde opplevt her i denne vesle bortgøymde bygda. Me hadde ikkje vegsamband med resten av øya ein gong på den tid.

 

 

Lurer du på kva i all verda som kunne vera så spennande med ein fillete sundriven ballong?

 

Vel, det var nok ikkje sjølve ballongen. Heller det brevet som var festa til ballongen.

 

Det var skrive på engelsk, av sjølvaste RAF. Altså Royal Air Force, det britiske flyvåpenet. Eg hugsar ikkje så mykje i dag av kva som stod der, det var eitt eller anna dei forska på. Og dei bad om at eg sende melding til dei, så skulle eg visst få premie.

 

Sjølvsagt skreiv eg brev. Og venta i spenning på denne premien.

 

Eg ventar vel i grunnen enno på den ...

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Denne fine hagen bakom førtiåringen eig me nok ikkje lenger. Men kontoret heilt i bakgrunnen av bildet er framleis mitt, og der sit eg nett no og skriv i bloggen min ...

Hurra for den som fyller ...

18.08.2018

Førti år, nærare bestemt. På dagen i dag.

 

Nei, det er ikkje meg sjølv eg snakkar om. Diverre. Men derimot huset, som me flytta inn i den 18. august 1978. Oppe i Gilo.

 

Rett nok så flytta me ut derifrå for nokre månader sidan, men det må feirast likevel.

 

Og så kom det store nyhende frå Etne i dag. Ikkje berre om Julius. Difor dobbelt kalas i kveld. Med fin XO. Både her og der. Men ikkje i Ølensvåg.

 

 

Det var stor stas den augustdagen då me kunne flytta inn i flunkande nytt hus. Då var alt klappa og klart for at Håkon kunne bli fødd, noko som skjedde ein god månad seinare.

 

Arvid Hvidevoll med far og bror, hadde sprengt ut tomta hausten før. Sjølv gjorde eg muring og støyping gjennom vinteren, til dels i tett snødrev. Og Bjarne Matre, saman med Arne Ragnar Johnsen og Ole Johan Johnsen, bygde huset.

 

Materialane skar pappa og eg på saga vår, frå eit 36 år gamalt granfelt oppi Høgåsen. Det var god vokster der oppe, så me hadde ikkje problem med å skaffa alle dimensjonane som trongst.

 

 

I dag er det tid for å reflektera over desse førti åra. Det har vore ein fantastisk plass å bu. Det tykkjer Hildegunn òg, elles hadde ho vel ikkje vilja overta huset, slik ho no har gjort, saman med Fabian, og vesle store Tiril på fire år.

 

Når eg tenkjer tilbake til starten, så får eg beint fram lyst til å gå i gang og byggja meg nytt hus att. Men denne gongen skal me ikkje satsa på å ha den lengste trappa på øya, på 35 trinn!

 

 

Etne, ja. Kalven Julius veks seg større og større, og det er berre å sjå fram til den dagen han skal slaktast. Han vil ha positiv påverknad på lommeboka.

 

Det som likevel var det store nyhendet i dag derifrå, var at Høgsterett har forkasta anken som Berge Sag & Trelast AS hadde mot dommen i Lagmannsretten.

 

Dei best orienterte veit at nemnde firma på rimeleg freidig vis har freista få hand om hyttetomtene i Etnefjellet. Firmaet vann saka i Tingretten, men tapte i Lagmannsretten. Så no kan alle grunneigarane på Kaldheim feira til den lyse morgon.

 

Og me feirer så gjerne med dei!

 

Hipphipp hurra!!!!

 

 

 

 

 

 

 

 

Bilen er litt skiten i dag, men ho har lova å gjera han gullande rein før du kjem og hentar han.

Treng du ny bil?

20.08.2018

Ny og ny, fru Blom. Han er vel strengt tatt ti år gamal. Men god som ny likevel.

 

Full service og EU-godkjenning så seint som i juni. Og berre kjørt 78 000 korte kilometrar. Då er 55 000 kroner for reine spottprisen å rekna.

 

Det er Anna som skal byrja å kjøra elektrisk frå no av. Etter å ha blånekta i ti år, fordi ho ville vera med og betala ned tunnelen.

 

Suzuki Swift heiter han, 2008-modell, med 91 ganske spreke hestar. Lettkjørt til tusen. Vinterhjul er med. Og tilhengarfestet er verdt 15 tusen åleine, seier dei.

 

Er du rask, kan du overta han før han blir annonsert skikkeleg. For då blir det kø!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bakstussen av medaljen kan vera vel så synleg som framstussen av og til. Foto: Privat.

Generaltabben

22.08.2018

Endeleg har nokon klart å setja Kvinnherad på verdenskartet. Men det måtte ein MDG-ar til for å klara det!

 

Heretter må vel Kvinnherad koma på alle globusar som vert selde rundt om i verda.

 

Men no er tabbekvoten er oppbrukt. Eg snakkar ikkje om Svein Ingvald Opdal sin, men min eigen tabbekvote.

 

 

Svein har sikkert òg ein tabbekvote, men eg kan ikkje sjå at han har brukt noko av den i herverande samanheng.

 

Eigentleg burde eg vera tilhengjar av alt som heiter cruise og cruiseskip og cruisepassasjerar, sidan eg allereie på åttitalet starta med å laga dataprogram for den bransjen. Eit program som seinare har blitt vidareutvikla, og som Adonis AS i dag har stor suksess med. Men i rein solidaritet med Svein, og med komande generasjonar, kjem eg no til å selja alle aksjane eg har i firmaet.

 

Dei mest politisk interesserte veit kanskje at det var eg som var innvald i kommunestyret for MDG denne perioden, men at eg etter kvart søkte fritak. Og då overtok Svein rolla. Ei rolle han har klart å gjera mykje ut av, og no har han altså sett standarden for den komande valkampen.

 

Somme kjem forresten med spørsmål til meg om ikkje eg òg skal la meg avbilda, slik Svein har gjort. Men dei som kjenner meg veit at eg kopierer ingen. Eg må finna på noko mykje meir spektakulært, noko som set Svein fullstendig i skuggen. Det er dette spørsmålet som held meg vaken om nettene. Tips vert mottekne med takk og skrapelodd.

 

Eg håpar som sagt at tabbekvoten min er oppbrukt, elles så endar det vel med at eg tek tabben på meg sjølv.

 

Generaltabben min?

 

Jo, det var sjølvsagt at eg søkte fritak frå kommunestyret, og overlet jobben til Svein. Eg burde ha halde på taburetten min så lenge eg kunne.

 

For då var det nemleg eg som i dag kunne ha vist heila revo te heila vero!

 

 

 

Linkar:

https://www.h-avis.no/landet-rundt/nyheter/nyhet/mdg-politikaren-71-fekk-nok-stilte-splitter-naken-i-protest-mot-cruiseskipnaringa/s/5-62-664491

 

https://www.dagbladet.no/nyheter/mdg-politikerens-nakne-protest-mot-cruiseskipene/70083730

 

Det har elles stått om stuntet til Svein i ei mengd aviser, både i innland og utland.

 

 

 

Bildet har ikkje meir med denne saka å gjera enn å fortelja at me har hatt ein flott sommar, og at djupdykk i blomsterbedet òg er eit alternativ. Desse fata har det forresten vore whisky i ein gong i tida, for å snakka meir seriøst om djupdykk.

Perfekt ramme for presentasjonen. Her har Tjerand vore mange gonger.

Gullparken er ein viktig del av Fatlandsprosjektet. Dette fantastiske utsiktspunktet som heiter Gullhaug, blir liggjande sentralt i parken.

Djupdykk

24.08.2018

Kva var det som var generaltabben? Kva var det store nyhendet frå Etne?

 

Slike spørsmål får eg på gata eller i telefonen. Då er det tydeleg at lesaren ikkje har klikka på bloggposten min for å lesa resten.

 

Så no har eg lagt inn tips om det nedst i dei postane der du kan finna meir tekst ved å klikka. Større bilde får du uansett når du klikkar.

 

 

 

 

Tjerand Aske

27.08.2018

I forgårs laurdag hadde Kristian Hus boklansering i Sjøstova i Fjelberg, med heile 60 frammøtte.

 

Det var boka hans om Tjerand Aske som stod i fokus, ei bok han har kalla Den sindige villmannen.

 

Me som er litt oppi åra hugsar godt Tjerand, og grytidleg i går søndag morgon, måtte eg beint fram setja meg ned og lesa dei første femti sidene. Det var ei hugnadsstund.

 

Resten las eg på ettermiddagen same dagen. Og eg som aldri orkar lesa meir enn tre sider om gongen i ei bok!

 

Kakene i Sjøstovo gjekk unna, eg hadde nær sagt som varmt kveitebrød. Det håpar eg bøkene vil gjera òg.

 

Les meir om boka på www.skimtvis.net. Eller spring rett til butikken eller bokhandlaren. Løp og kjøp!

 

 

 

 

Video om Fatland

29.08.2018

I det stille, gjennom mange år, har eg jobba med eit konsept som heiter Fatlandsprosjektet. Dette har eg hatt planar om å gjennomføra som pensjonist.

 

I dag er eg pensjonist, iallfall aldersmessig, så no er tida overmogen for å starta opp. Men no er ikkje kreftene dei same som før, så eg vil trenga hjelp frå mange dersom prosjektet skal bli ein realitet.

 

For å få tak i interesserte, har me laga til ein video om Fatland og prosjektet. Den kan du sjå i kapitlet Fatlandsprosjektet til høgre, ved å klikka på eit av dei tre bilda.

 

 

 

 

 

www.ag3.no
ARNE.GJERDE@N-LT.NO
Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik

© Det er lov å sitera frå denne nettsida
ved å referera til www.ag3.no.
Meir omfattande bruk må avtalast skriftleg.
Elles gjeld Lov om opphavsrett til åndsverk.

Utsikt utover Klosterfjorden ein vinterdag.