Det gamle hovudhuset frå 1850 høver fint i Gamlatunet på Fatland.

Blogg historikk 2018 September

For to veker sidan var druene knallgrøne, sjølv etter denne flotte sommaren. Men nedst kan du sjå at dei no byrjar å få aldri så lite farge.

Det næraste huset var hovudhuset på bnr 3, det som Ingemund har i dag, med den gamle løa til høgre. Huset i midten bak er hovudhuset på bnr 1, det som Cato har i dag, og med den tilhøyrande løa til venstre. Begge løene er rivne for lenge sidan.

 

Huset i midten hadde vore skulehus, og lengst bak til venstre står skulehuset, som i 1955 vart bedehus. Løa heilt til høgre bak var riven før mi tid, det same med det gamle skulehuset i midten. Foto: Ukjend.

 

Sjurastemmen var ei tjørn som låg nett til venstre for denne nye, og der skeisa me mykje då eg var skjetongje, for å låna eit uparlamentarisk uttrykk frå Gaute Lund. Foto: Anna Gjerde.

Vinhausten

01.09.2018

Så er september komen, månaden når folk lengre sør haustar druer og lagar vin.

 

Kvalitetsvin, som dei så sender til oss her nord, for at me skal koma oss gjennom vinteren på skapleg vis. Ikkje minst når me i jula svel ned kjøtet etter hjortejakta, som òg forresten startar nett i dag.

 

Korleis står det så til her på bjerget, i vår eigen vingard, på Chateau Fatland?

 

For nokre år sidan fekk eg eit par vinstokkar frå to polakkar som jobba hos meg. Og trass i enkelte harde vintrar, lever dei og trivst framleis her på garden. Vinstokkane, altså, ikkje polakkane. Dei treivst forresten òg svært godt her, men det er fleire år sidan dei reiste heim att. Vinstokkane derimot, vart verande her.

 

Det er ikkje kvart år druene våre blir mogne, men får me ein fin september, så kan det laga seg med eigenproduserte druer i år. Mange vinflasker blir det nok likevel ikkje av desse få rankene.

 

 

 

 

Fatland før i tida

11.09.2018

Slik såg garden her på Fatland ut for rundt hundre år sidan. Dette bildet har eg fått frå Øyvind Særsten, som har fått det frå Sunnhordland Museum.

 

Fotografen kjenner ingen av oss to, men det hadde vore kjekt å få vita det, om nokon skulle ha opplysningar. Det same med eit meir eksakt årstal.

 

Bildet er teke frå Gullhaug, og det var ikkje mykje skog den gongen. Det skuldast først og fremst at det ikkje er dyr som beitar lenger, men også at klimaet har blitt litt mildare med åra.

 

Ganske artig å sjå, ikkje sant?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vann fra oven, vann fra bunnen

15.09.2018

Overskrifta er lett omskriven frå Peer Gynt, men etter den siste natta høver det godt.

 

Anna gjekk tur i dag, og ho sende meg dette bildet frå Kjeka, der det har dukka opp ei ny tjørn.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

www.ag3.no
ARNE.GJERDE@N-LT.NO
Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik

© Det er lov å sitera frå denne nettsida
ved å referera til www.ag3.no.
Meir omfattande bruk må avtalast skriftleg.
Elles gjeld Lov om opphavsrett til åndsverk.

Utsikt utover Klosterfjorden ein vinterdag.