Parti frå nedre Fatland, ein fin haustdag for fem år sidan.

Den namnlause bygda

31.12.2018

«Den namnlause, men ikkje unemnande, bygda» plar eg gjerne kalla bygda som me lengst sør på Halsnøy bur i. Truleg den einaste bygda i landet utan namn.

 

Lokalt seier me gjerne berre «her på strondo» når me meiner «her i bygda». Fordi dei fire gardane Arnevik, Fatland, Kjeka og Sydnes ligg langsetter Sydnessundet.

 

Men me legg trykket på «her» og ikkje på «strondo», så sjølv om mange bruker «Strondo» som eit slengnamn, kan det ikkje reknast som offisielt namn på bygda.

 

Arnavik er postadressa, men sidan både butikken, postkontoret og dampskipskaien som var her, alle er nedlagde, er ikkje dette heller eit eigna namn.

 

Fatland har så lenge eg kan hugsa vore namnet på skulekrinsen og valkrinsen, dessutan ligg grendehuset her. Sidan den nedlagde skulen no likevel huser det fullt oppegåande Fatland aktivitetshus (bilda til høgre), og dei dessutan fekk ei storslått oppgradering av huset sitt i 2014, og for ikkje å gløyma arbeidsmiljøpris, kan dette vera eit aktuelt namn.

 

Sydnesstranda har óg vore brukt, men mest som namn på misjonsforeiningar før i tida. Telegrafen låg òg på Sydnes, eller Sundnes som var skrivemåten i telegraf-bransjen. Og på Sydnes ligg ferjekaien i dag.

 

Folk som bur nord på øya, kallar gjerne bygda vår for Kjeka, fordi det var folk frå Kjeka-garden som hadde flytta nordover, og som slik spreidde namnet frå garden dei sjølve kom frå.

 

Så dersom ein skulle velja eitt av gardsnamna som namn på heile bygda, så finst det gode grunnar for alle fire.

 

Men på Fatland bur det mest folk, pluss at det finst byggefelt der fleire kan slå seg til. Det er difor ikkje unaturleg å bruka Fatland som namn på bygda, noko som ofte blir gjort.

 

Noko offisielt namn derimot, det finst altså ikkje i dag.

 

 

 

 

Denne bildeserien frå gardane Sydnes, Kjeka, Fatland og Arnevik, eller Strondo om du vil, gir eit visst innblikk i korleis bygda ser ut.

 

Det vil koma fleire bilde etter kvart.

Ingen stad er solnedgangen finare enn på Fatland!