Er du interessert?

Skal Gullparken bli en realitet, trengs det stor innsats fra mange. Det gjelder sjølsagt økonomi, men i like stor grad arbeid på forskjellige plan.

 

Ikke minst vil seniorer kunne gjøre en nyttig innsats, både under oppbygging av parken, men også i den daglige drifta. Seniorer besitter en stor kompetanse, som ofte samfunnet overser fullstendig.

 

Denne nettsida gir et svært overflatisk innblikk i prosjektet. Er du interessert i å delta, på ett eller anna nivå, så trenger du mye mer info.

 

Ta kontakt snarest med Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik. Eller til epost arne.gjerde@n-lt.no.

Parti frå nedre Fatland, ein fin haustdag for fem år sidan.

Gullparken

18.05.2019

Generelt

Me er i dag komne eit lite stykke på veg

med det grøne skiftet, og krefter i samfunnet

er ivrige i den prosessen.

 

Andre krefter er avventande, og atter andre

er motstrevande. Folk flest veit ikkje heilt

kva dei skal tru, og kva dei kan gjera

personleg for å hjelpa til i prosessen. Dei held difor fram med å leva livet som før, men kanskje med litt dårlegare samvit.

 

Kva kan gjerast for å få utviklinga til å gå mykje raskare mellom folk flest? Dette er eit spørsmål som eg har fundert lenge på, kanskje heilt frå den gongen eg vart «grøn», på gymnashybelen min på Bryne i året 1966.

 

Konklusjonen min har blitt å laga ein opplevingspark, med grønt skifte som bakteppe, der underhaldning og undervisning går hand i hand. Der underhaldninga gir publikum kunnskap «automatisk» gjennom leik og oppleving, både om livsgrunnlaget vårt, naturkreftene, og om korleis me lettare kan gjera omstillingar i samband med det grøne skiftet.

 

Gullparken er eit arbeidsnavn for prosjektet, basert på at Gullhaug ligg sentralt i parken. Det endelege namnet på parken kan bli noko anna.

 

Sjå video over området her.

 

Sjå førebels prospekt som er mynta på aktuelle samarbeidspartnarar her. Der finn du mykje meir info.

 

 

Parkområdet

Eg sit sjølv på det perfekte arealet til denne parken, eit område på rundt 200 dekar. Det ligg på skogeigedomen min på Fatland. Gullparken omkransar det vakre utsiktspunktet Gullhaug.

 

Området ligg allereie godt til rette, men Kvinnherad kommune krev at eg lagar reguleringsplan. Arbeidet med denne blir starta opp i mai 2019. Håpet er å få han ferdig i løpet av året, i så fall kan kanskje litt av parken opnast for publikum sommaren 2020.

 

 

Sesong

I skuleferien om sommaren vil parken stå fram som ein typisk familiepark. Ein studietur me gjorde sist sommar i Norge og Danmark viste at det er eit kjempestort press på alle former for aktivitetsbasert oppleving i denne perioden.

 

I tillegg planlegg me å ha ein familiebasert sesong frå midten av november, og rundt ein månad framover. Dette vil bli eit slags alternativt julebord, med mange innlagde aktivitetar.

 

Resten av året vil parken for det meste vera stengd for offentleg tilgjenge. I staden vil han då fungera som arena for kurs, seminar, jubileum, slektsstemne, kick-off-samlingar, team-building, treningsleirar, leirskule, bryllaup, konfirmasjonar, gravferder, you name it. Å ha eit slikt område å boltra seg på, vil vera unikt for alle desse arrangement-typane.

 

Som overnattingsplass vil Gullparken vera forlokkande også utanom familiesesongen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bakteppe og tema

Parken vil altså ha «grønt skifte» som bakteppe, men med fem tema som gjennomsyrer heile konseptet:

 

  • Skogbruk
  • Mold og mat
  • Energi
  • Ressursforvaltning
  • Rekreasjon

 

Sidan parken er på ein skogeigedom, er det naturleg at Skogbruk får hovudfokus frå dag ein. At skogen kan hjelpa oss å binda CO2, pluss at han gir materialar som erstattar olje, stål og betong, er sentralt.

 

«Alt om kan lagast av olje, kan lagast av skog» blir eit viktig motto i Gullparken.

 

Dinest vil Mold og mat og berekraftig matproduksjon få eit sterkt fokus.

 

Tanken er at det ikkje skal vera lov å ha med dyr i parken, dels av hygieniske årsaker, og dels fordi alle som er allergiske mot dyr, eller har angst for dyr, også skal ha ein park der dei kan ferdast trygt.

 

Det vil difor heller ikkje vera avdeling med dyr i parken, sjølv om mange ungar likar å leika med dyr. Dette har også ei praktisk/økonomisk side, ved at ein måtte ha mannskap heile året for å ta seg av dyra, som blir brukte berre nokre få månader.

 

Derimot må parken ha fokus på bier og insekt. Blomar og planter skal vera slike som biene liker. Og informasjon om alle skogens dyr vil det vera mykje av i parken.

 

 

 

Er du interessert?

Skal Gullparken bli ein realitet, trengs det stor innsats frå mange. Det gjeld sjølsagt økonomi, men i like stor grad arbeid på ulike plan.

 

Ikke minst vil seniorar kunna gjera ein nyttig innsats, ikkje berre under oppbygginga av parken, men òg i den daglege drifta. Seniorar har stor kompetanse, som ofte samfunnet overser fullstendig.

 

Denne nettsida gir eit svært overflatisk innblikk i prosjektet. Er du interessert i å delta, på eitt eller anna nivå, så treng du mykje meir info.

 

Ta kontakt snarast med Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik. Eller til epost arne.gjerde@n-lt.no.

Arenaene i parken

Ut frå eit sentralt punkt i parken vil desse stiane gå:

 

  • Skogstien
  • Hagestien
  • Strandstien
  • Energistien
  • Gullhaug

 

Rundt kvar av desse stiane blir området utvikla til å stø opp om det temaet som stinamnet tilseier. Det gjeld både aktivitetar og informasjon, av både underhaldningsmessig og undervisningsmessig karakter.

 

Ikkje alt dette er på plass i planane enno, men stikkordsmessig kan nemnast desse elementa som er tenkt å inngå:

 

  • Amfiteater
  • Utsiktspunkt
  • Leikeland
  • Fyrstikkslottet
  • Kjøkenhagen
  • Blomsterhagen
  • Tussestien (med overnatting i hobbithus)
  • Sagbruket
  • Norges lengste bord
  • Miniskogen
  • Skogsleikeplassen
  • Hagekafeen
  • Snøggbåtterminalen
  • Tur-orientering
  • Mini friidrettsstadion

 

Og mange fleire. Men ikkje alt kjem på ein gong, det vil ta fleire år å få alle arenaer på plass.

 

 

Er parken liv laga?

Det er ingen park i landet som tek utgangspunkt i det grøne skiftet, så vidt kjent. Det åleine burde vera grunn nok til å svara ja på spørsmålet.

 

Førebelse kalkylar viser dessutan at prosjektet vil gå med driftsoverskot frå og med første driftsåret, sjølv om parken berre har ope tre månader for publikum, og resten av året stengt.

 

Det er altså så langt ikkje rekna med nettoinntekter av arrangement og utleige som vil skje gjennom dei ni andre månadene. Men sjølvsagt blir det inntekter også av desse arranementa, dei er faktisk ein svært viktig del, både fagleg og økonomisk.

 

Visste du at i vår region (Sunnhordland + Haugalandet) bur det 175 000 menneske, men me har ikkje ein einaste komplett opplevingspark her?

 

Og visste du at i heile Hordaland er det berre éin slik park, nemleg Mikkelparken i Kinsarvik? Der var det 55 000 gjester i fjorfjor sommar, og i fjor var det truleg mange fleire, på grunn av det fine vêret.

 

Mikkelparken er på berre 30 dekar, mens Gullparken blir på nesten 200 dekar. Det gir rom for mange fleire typar aktivitet. Og me kalkulerer berre med rundt 8 000 gjester første sommaren.

 

Det er på tide me kjem i gang!

 

 

 

 

 

 

 

 

Fra Bergen

 

Opplevingsparken som rommar "alt", med det grøne skiftet og skogen som bakteppe, men med spennande og lærerike aktivitetar i front.

Fra Haugesund/Stavanger

Den doble raude sirkelen i kartet over viser kor Gullparken er lokalisert, på Fatland på Halsnøy.

 

Til høgre er eit oversiktskart over parken, og grovt korleis dei forskjellige areala førebels er planlagt plassert.

Fra Odda/Oslo

Fra Oslo

 

 

 

 

Ingen stad er solnedgangen finare enn på Fatland!