Det gamle hovudhuset frå 1850 høver fint i Gamlatunet på Fatland.

Flyhavariet

01.02.2018

 

Tekst og foto: Kristian Hus

Artikkelen har stått i boka Halsnøy 2014

Dramatisk 60-årsminne:

 

Ute av kurs og utan bensin

– flyet styrta på Halsnøy



Det er laurdag 23. januar 1954. Klokka er om lag 19.30 på kvelden, og Stener Svalland er på veg til rutebåten i den vesle bygda Arnevik. Han høyrer plutseleg lyden frå eit lite fly og får auga på det blinkande lyset over Ådnaviksneset. Nokre få minuttar seinare styrtar det militære treningsflyet i Søljeskar, 500–600 meter opp frå bygda.

 

Stener Svalland fortel at han følgde flyet si ferd frå det kom til syne over åsen til det forsvann i sør-austleg retning, før det kom tilbake igjen mot Arnevik, der det styrta i skogen nokre hundre meter ovanfor bygda. Lite visste dei som såg hendinga på dette tidspunktet at flyet var på sjølvstyr. Dei to mennene om bord hadde nemleg hoppa ut i fallskjerm med 2–3 minuttars mellomrom før det styrta.

 

Piloten landa i eit tre på Fjelland og var så å seia uskadd. Han kom seg etter kvart fram til folk og fekk varsla om hendinga, medan kameraten hans aldri vart funnen, trass i ein omfattande leiteaksjon i lang tid.

 

 

Hugsar godt

Snart 92 år gamle Stener Svalland hugsar enno godt den dramatiske hendinga for 60 år sidan. Det har brent seg fast i minnet hans for alltid. Dessutan har han enno ein av bensintankane frå flyet ståande attmed løa heime på Fatland.

 

Flyet frå Luftforsvaret av typen North American Harvard M-BE, var etter det som vart sagt, på eit øvingstokt frå Fornebu til Værnes med to mann om bord, kadettane Trygve Bjørn Jørgensen (pilot) og Eirik Kloumann. Like sør for Trondheim vart vêrforholda så dårlege at dei to flyelevane bestemte seg for å snu og returnera til utgangspunktet.

 

Men ifølgje eit intervju Haugesunds Avis hadde med Jørgensen dagen etter styrten på Halsnøy, svikta kompasset og flyet kom ut av kurs. Slik enda dei i Sunnhordland – og på Halsnøy.

 

Jørgensen fortel at det var mørkt og dårleg sikt, men at dei etter kvart fekk radiokontakt med Sola flystasjon. Samtidig hadde dei måtta innsjå at dei ikkje hadde nok drivstoff igjen til å nå nokon flyplass. Alternativet var då å halda seg i lufta så lenge dei greidde, og deretter hoppa ut i fallskjerm når bensintankane var tomme og motoren stoppa.

 

 

Stor leiteaksjon

– Eg hugsar vi småsprang til skogs like etter at flyet hadde styrta, fortel Stener Svalland 60 år etter den dramatiske hendinga, som i dagane etterpå involverte fleire hundre menneske i ein omfattande leiteaksjon. Men det var mørkt i skogen denne laurdagskvelden, og det var umogleg å finna flyvraket. Av naturlege årsaker kjende dei heller ikkje bensinlukt, og dessutan hadde karane berre lommelykter med seg.

 

Samtidig var det kome melding om at den eine personen i flyet var komen fram til ein gard på Fjelland, og at kameraten hans (Eirik Kloumann) hadde hoppa ut i fallskjerm to – tre minuttar tidlegare.

 

Men søndag morgon gjekk Stener Svalland, broren Sigurd, samt Martin Loftås og Edvard Svåsand opp til Søljeskar, 500 – 600 meter i luftline opp frå Arnevik, og fann det havarerte flyet. Etter kvart kom også mange andre skodelystne for å sjå på.

 

 

 

 

 

Stener kjøpte flyet for 200 kroner, men har i dag berre den eine bensintanken og nokre smådelar att.

Her såg Stener at flyet kom sigande før det styrta i Søljeskar. På kartet til høgre er plassen avmerka.

Hoppa frå 6000 fot

I intervjuet med Haugesunds Avis fortel Trygve Jørgensen at han og kameraten hadde bestemt seg for å hoppa ut i fallskjerm når det vart slutt på drivstoffet. Kloumann hoppa først, om lag tre minuttar føre Jørgensen. Flyet hadde då ei høgde på 6000 fot, fortalde piloten den gongen.

 

Då det vart kjent at ein mann ikkje var komen til rette, vart det sett i gang ein omfattande leiteaksjon både i Kvinnherad og på Tysnes. Til dømes melde rundt 100 mann seg for å vera med og leita i områda rundt Herøysund, Husnes og Valen. Kring 40 av dei som deltok var på fest i ungdomshuset på Valen då meldinga om flystyrten kom laurdagskvelden, og dei leita til i to-tida om natta.

 

Søndagen vart det meir organisert leiting, like frå sjøen og langt inn over fjella frå Uskedalen til Utåker. Om lag 200 frivillige deltok, forutan fly og helikopter frå Sola. Endåtil i Rosendal vart det leita, minnest ein av dei som gjekk i Skålafjellet ilag med far sin for å sjå etter Kloumann.

 

 

På sjø og land

Dei som organiserte leitinga konkluderte med at den sterke vinden laurdagskvelden kunne ha ført fallskjermen med Eirik Kloumann langt avgarde, og difor vart også båtar i alle storleikar sett inn i leitinga.

 

Måndag kveld, to døgn etter at flyet styrta ved Arnevik, vart det frå Huglo observert lysblink i fjellet på Tysnes. Også folk på Husnes hadde observert dette, på same tid. Men leitemannskapa som vart sendt ut om kvelden returnerte utan å ha funne noko. Dagen etter vart det gått manngard i fjellet, også det resultatlaust.

 

 

 

 

 

Faksimile frå Haugesunds Avis.

Alt i alt deltok eit par hundre mann, fleire fly, helikopter og båtar i leitinga etter Kloumann utover i veka. Også fjellklatrarar frå Oslo og ein lavinehund frå Voss deltok. Til sist vart leitinga innstilt, og fram til i dag er det ingen som veit kva som skjedde med Eirik Kloumann.

 

I mars same året vart det funne ein militær frakk i Røyrvik på Sunde, og det skulle visa seg at det var Trygve Jørgensen sin, og at han ikkje hadde hatt frakken på seg.

 

 

Attraksjon

Det som var att av flyet vart etter kvart ein stor attraksjon på Halsnøy og folk valfarta Søljeskar der det styrta 23. januar 1954. Grunneigar Hans Sydnes fekk vrakdelane, som ei slags godtgjersle for skadane flyet hadde påført skogen hans då det styrta.

 

Seinare kjøpte Stener Svalland flyet for 200 kroner, men i dag har han berre den eine bensintanken og nokre smådelar att. Propellen har han gitt frå seg til Sunnhordland Museum på Stord, medan resten av det som var att av skroget vart sendt til flymuseet på Sola.

 

Det som seinare er blitt omtalt som "Kloumann-saka" er framleis ei uløyst gåte – no 60 år etter den dramatiske hendinga. Ein teori er at fallskjermen hans ikkje vart utløyst då han hoppa ut frå det bensintome flyet – og at han fall i sjøen og drukna.

 

Men slike spekulasjonar får vi aldri svar på…

 

 

 

 

www.ag3.no
ARNE.GJERDE@N-LT.NO
Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik

© Det er lov å sitera frå denne nettsida
ved å referera til www.ag3.no.
Meir omfattande bruk må avtalast skriftleg.
Elles gjeld Lov om opphavsrett til åndsverk.

Utsikt utover Klosterfjorden ein vinterdag.