Det gamle hovudhuset frå 1850 høver fint i Gamlatunet på Fatland.

 

Hei på deg!

28.08.2018


Dette er heimesida til privatpersonen Arne Gjerde, som bur på garden Fatland, på Halsnøy, i Kvinnherad kommune, i Hordaland.

Eg har vel alltid vore ein kreativ og arbeidssam kar, og eg har stortrivst med det. Eg stempla inn ein gong i første halvdel av førre hundreår, og seinare har eg berre gløymt å stempla ut.

Men no når eg har passert sytti, skal eg byrja eit nytt og endå betre liv. Trur eg.

 

Les meir om meg og mitt ...

 

Og følg gjerne med på bloggen min, til venstre!

 

Skal eg redusera dei hårete måla mine?

30.07.2018

 

For å kunna starta med det nye livet, har eg bestemt meg for:

 

  • Anten å selja alt eg eig og har
  • Eller å få med meg samarbeidspartnarar, slik at eg likevel kan få realisert Fatlandsprosjektet

 

Første alternativet inneber opphøyrssal, rett og slett. For då sel eg både eigedom, byggefelt, hus, aksjar, firma, programrettar, you name it. Og blir pensjonist på full tid, sjølv om ingen vil tru det om meg før dei ser det.

 

Men helsa set òg sine grenser, så tida er inne til eit liv utan å eiga stort. «Kjekt å ha» er altså ikkje mitt valspråk, med mindre det er snakk om gode venner.

 

Les meir om kva eg kan selja ...

 

 

Sjølv dei kjæraste nyttegjenstandane mine kan eg finna på å selja

Har du eit namn til den finaste av alle bygder?

13.01.2018

 

Det er mange som seier at dei bur i den flottaste av alle bygder, men det er nok berre eg som faktisk gjer det. Og nokre få heldiggriser til. Fatland er nemleg ei perle. På Perlo.

Men Fatland er eigentleg namnet på berre ein del av bygda. Bygda vår er kanskje den einaste i landet som ikkje har noko offisielt namn.

 

Les meir om perlene ...

Anna, mitt hulde viv, studerer solnedgangen frå Gullhaug

Fatlandsprosjektet, med Gullhaugparken

28.08.2018

 

Eg har i mange år planlagt at når eg ein gong skal trappa ned, skal eg vera med og byggja opp eit framtidsretta lokalsamfunn her på Fatland.

 

No er eg vel strengt tatt blitt for gamal til å starta nye prosjekt, men eg gjer likevel ein innsats for å prøva å få det i mål.

 

Og ein del har eg faktisk alt gjort. Nytt sagbruk og høvleri bygde eg for ti år sidan, med tanke på å produsera materialane lokalt. Og bustadfelt er regulert for sju år sidan. Det er berre resten att. Men til det treng eg hjelp!

 

Fatlandsprosjektet er eit verkeleg miljøprosjekt, som inkluderer både yngre og eldre krefter. Seniorar blir sett på som ein viktig ressurs, og miljøet skal vera spesielt tilpassa desse. Men dei yngre har òg viktige roller.

 

Les meir om Fatlandsprosjektet ...

 

Klikk på eit av bilda til høgre for å sjå video om Fatlandsprosjektet

 

 

 

 

 

 

 Bloggen min

 

 

 

    Klikk på ein bloggpost for meir tekst og større bilde. Eller høgreklikk på

 

    bildet, og be om å få det i ny fane. Bruk så Ctrl+musehjul for å forstørra.

 

 

Link til tidlegare bloggpostar...

 

 

www.ag3.no
ARNE.GJERDE@N-LT.NO
Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik

© Det er lov å sitera frå denne nettsida
ved å referera til www.ag3.no.
Meir omfattande bruk må avtalast skriftleg.
Elles gjeld Lov om opphavsrett til åndsverk.

Yrande badeliv i Kjekavikjo ein fin sommardag.