Parti frå nedre Fatland, ein fin haustdag for fem år sidan.

Litt om meg og det eg driv med her på Fatland

28.08.2018

Huset til høgre er heimen vår, etter at me nett flytte ut av huset me bygde for 40 år sidan i år. Planen er å byggja nytt hus, men me trivst fantastisk godt her me bur no.

I det nye sagbruket mitt er det allslags tre og trearbeidande maskinar, og mykje rot.

Den store hagen krev mykje, men programutviklingsjobben i kontoret du ser i bakgrunnen krev mykje meir. Difor steller hagen seg mest sjølv no for tida.

Kven er eg?

Eg heiter Arne Gjerde, og er so ven ein kar ...

 

Nei, det var vel kanskje Håvard Hedde, men skitt au.

 

Eg bur på garden Fatland, på Halsnøy, i Kvinnherad kommune, i Hordaland. Eg er gift med Anna frå Etne, og me har tre born og fem barneborn.

 

Kortversjonen om meg er at eg er feil skrudd saman der oppe, slik at eg ikkje ser skilnad på arbeidstid og fritid. Noko som har ført meg rett inn i veggen to gonger i livet, og no prøver eg å unngå den tredje.

Men eg har alltid likt å arbeida, og eg har likt arbeidet mitt, så det har vore berre kjekt. Bortsett frå at det altså har ein tendens til å gå sterkt ut over helsetilstanden av og til. Og nett det er ikkje bitten kjekt.

 

Nedst på denne sida finn du ein bildeserie om meg.

 

 

Kontakt meg

Har du noko å dela med meg, sender du det til arne.gjerde@n-lt.no.

 

Lurer du på kor eg bur? Kor du kan koma og kjefta på meg, ansikt til ansikt?

 

Postadressa er Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik.

 

Telefon? Dels på grunn av antipati etter eit langt telefonliv, og dels fordi folk mumlar mykje meir no enn før, er eg ikkje lenger så glad i telefonen.

 

Dessutan lagar dei ikkje skikkelege telefonar lenger. Eg skal snart kvitta meg med smarttelefonen og heller kjøpa meg ein smart telefon.

 

Sidan eg ikkje er på Facebook, blir denne nettsida, med bloggen på framsida, min einvegs kontakt med venner og andre interesserte. Meir tovegs kontakt får me heller satsa på å opparbeida i det nye livet mitt, med oftare sosial omgang.

Kva er eigentleg AG Tre?

Då eg for mange år sidan introduserte namnet AG Tre, trudde mange at dette var eit firma eg hadde oppretta. Men det er faktisk berre eit slags varemerke på meg sjølv og det eg måtte driva med.

 

Eg er oppvaksen på sagbruket til pappa, der eg byrja å arbeida så tidleg som i sjuårsalderen. Det var ikkje fengselsstraff for barnearbeid den gongen, noko eg er glad for, for då hadde eg ikkje lært å hengja i stroppen tidleg og seint. Denne stayerevna har eg nemleg hatt stor nytte av gjennom livet.

 

Så eg hjelpte han både på saga og i skogen, slik at tre og trelast var mykje av livet mitt. Då eg seinare (1970) starta med utvikling av dataprogram, bestemte eg meg for å byggja meg ny sag når eg ein gong skulle trappa ned. Og det har eg faktisk gjort. Bygt sag, altså. Ikkje trappa ned, men det er neste steg. Og då skal saga brukast.

 

Som problemløysar har eg dessutan ein metode som går på å dela alle omfattande oppgåver i tre, og så utføra desse deloppgåvene kvar for seg.

 

Kvar av desse kan eg gjerne óg dela i tre, og kanskje vidare nedover, til oppgåvene blir små og handterlege. Når alle småoppgåvene så er løyste, er heile den store oppgåva løyst.

 

Av og til blir det berre to, og av og til fire, men jamt over så blir det tre. Tre ungar har eg til dømes fått. Alle med tre års mellomrom.

 

AG Tre er kort og godt eit alias for Arne Gjerde!

Har eg ein CV?

Av og til får eg spørsmål om å visa fram CV-en min. Men den har eg ikkje orka å laga. Ikkje har eg tid, og ikkje har eg bruk for det i min alder. Og i ungdommen min var det ingen som spurde etter det.

 

Aller mest så er det likevel fordi eg ikkje hugsar stort av det lenger. Sjølv om eg snart er så gammal at eg kan fortelja ned til minste detalj frå barndommen min. Men ikkje radt enno.

 

I ledige stunder skal eg prøva å fylla inn nokre linkar nedanfor, som til slutt kanskje endar opp som ein slags CV etter innfallsmetoden. Ustrukturert, men likevel noko å bla i for dei som måtte ha tid til og interesse for slikt.

 

Les om hagen

Les om programutvikling

Les om politikk

Les om skribenten

Les om lokalhistorie

Les om hurtigferje til Island

Les om Vestlandsbanen over Haukeli

 

 

 

Ivar Aasen (t.v.) og Knud Knudsen ville at det skulle bli eitt språk.

Nokre få bøker har det óg blitt

Litt av hagen vår, med innovasjonssenteret til høgre

Nynorsk, bokmål eller samnorsk?

For ein som har jobba med informasjon og kommunikasjon heile livet, er det nærmast ein tragedie at me her i dette vesle landet ikkje kan samla oss om eitt språk. Ein gong påkalla eg mykje lokal vreide då eg kom til å kalla det for ei nasjonal skam.

Men eg skriv mykje kvar dag, og 60% av det er på bokmål, 30% på nynorsk, og 10% på engelsk. Målform avgjer eg ut frå kven som skal lesa det eg skriv. Denne nettsida er i hovudsak redigert på nynorsk, men med ein del bokmål innimellom.

 

Det er ikkje veldig mykje som irriterer meg i min daglege tralt. Men det at eg må sjonglera mellom desse språka, for så å oppdaga at eg har skrive første delen av ein artikkel på nynorsk, medan den siste er på bokmål, fordi ein epost eller telefon har kome inn i mellomtida og forkludra fokuset, det hevar adrenalin-nivået monaleg.

 

Du skjønar sikkert kvifor eg korkje er med i Noregs Mållag eller Riksmålsforbundet, men i Landslaget for språklig samling. Bli med, du òg!

Skribenten

Skriving har alltid vore ein viktig del av det eg driv med i yrket mitt. Og sidan eg i flyvåpenet i si tid lærte å skriva fort og effektivt, noko eg aldri hadde lært noko om på skulen, fann eg ut at skriving kunne eg gjerne praktisera på mange område.

 

Artiklar, bøker, presentasjonar, humoristiske stubbar, og ikkje minst lesarinnlegg, har det blitt ein del av.

 

Og figuren Argus, mitt alter ego, har vore såpass populær i nokre krinsar, at det ei stund var på tale å laga teikneserie om han. Og kven veit, i mitt nye liv …

 

Åtte halvferdige bøker ligg forresten på PC-en min, men det er berre boka Skaparen, om Magnar Reigstad sitt liv, eg er oppteken av å få ferdig. Dei andre får heller enda opp som drypp her på nettsida mi etter kvart.

 

Les meir om Argus og andre skriverier

Den konservative innovatøren

Hovudgeskjeften min har vore programutvikling, noko eg starta med allereie i 1970 i Emma EDB. Så det nærmar seg femtiårsjubileum som utøvande programutviklar.

 

Somme i bransjen seier at ingen andre her i landet har drive med utvikling like lenge, av dei som framleis held på.

 

Om det er rett, veit eg ikkje, men me er nok etter kvart blitt ein liten eksklusiv klubb iallfall.

 

I 1979 byrja eg å utvikla programvare-serien Adonis, i 1999 kom SunPro, og frå 2016 er det Ufosoft som gjeld.

 

Les meir om datasystema mine gjennom eit halvt hundreår

I denne bildeserien har eg freista fortelja i korte drag soga om livet eg har hatt med utgangspunkt i garden og skogen på Fatland.

Ingen stad er solnedgangen finare enn på Fatland!