Det gamle hovudhuset frå 1850 høver fint i Gamlatunet på Fatland.

Skogdag for heile familien

Kor og når og korleis?

Laurdag 27. april 2019 klokka 1200-1500 ved Arne Gjerde sitt sagbruk på Fatland blir det skogdag for heile familien. For alle typar familiar, ikkje berre skogsfolk.

 

Og Fatland ligg altså sør på Halsnøy, 2 km frå ferjekaien på Sydnes. Parkering etter tilvising.

 

Gratis parkering, og gratis inngang. Ved dårleg vêr kan du få koma under tak.

 

Arrangør er Søre Kvinnherad skogeigarlag og grunneigar Arne Gjerde.

 

 

Program

 

12:00 Marknadsteltet opnar

  • Stort utval i husgeråd, pynteting og bygningsartiklar, både nytt og gammalt.
  • Knallprisar! Og ein gratishaug der du berre forsyner deg alt det du orkar!
  • Sjå oversikt over artiklane lengst til høgre.

 

12:30 Igangsparking av ny skogsti

  • Dei første hundre metrane av skogstien blir innvigde.
  • Ved den vesle dammen ved stien lagar me Norges lengste bord utan skøyt! Det blir rundt 16 meter langt, og 60 personar skal få plass rundt bordet, altså ein full turbuss.
  • Sjøsetjing av Nøkken i dammen høyrer òg med, kanskje til og med vert det sett ut gullfisk!

 

13:00 Presentasjon av prosjekt Gullparken

Gullparken er planlagt å bli ein opplevingspark for alle, med fokus på naturoppleving, skogbruk og grønt skifte. Parken vil liggja på Fatland, i området rundt Gullhaug, og totalt areal blir rundt 200 mål. Går alt etter planen, skal første del av parken opnast sommaren 2020. Meld deg gjerne som interessert bidragsytar.

 

13:30 Arne Gjerde fortel om å bli yngre med åra

  • Studér seniorsagbruket hans, eit alternativ til aldersheimen.
  • Prøv gjerne sjølv dei to kraftige batteridrivne motorsagene, verneutstyr får du låna.
  • Ut med diesel, inn med straum! Han har selt traktoren og kjøpt elektrisk truck i staden.

 

14:00 Konkurransar for store og små

Steinkulekasting, bildekkslep, «skiskyting», spikring, og kanskje endå fleire spennande øvingar for skogsfolk i alle aldrar.

 

 

NB! Er vêret dårleg, kan programmet bli lagt om.

 

 

 

 

Kva skjer elles?

 

  • Gratis skogskaffi, som er kokt på staden.
  • Sal av pølser, vafler og kakao.
  • Prøv solgrillen vår! Her kan du grilla pølsene berre ved hjelp av strålene frå sola. Så me håpar sjølvsagt på sol denne dagen!
  • Turgruppa «Haug & hammar» pratar med deg om tur-orientering og Åsatrimmen. Du kan kjøpa konvoluttar for tur-orienteringa på staden. Dei har ansvaret for alle merka turløyper på øya, men denne dagen har dei spesielt fokus på løypene frå Fatland til Sydnessåta og Tjobergshaugen.
  • Sjå Kjell Musland sine fabelaktige skulpturar av dyr og troll, som han lagar med motorsag.
  • Fatland Aktivitetshus viser fram ting dei lagar i tre, mellom anna vil Henry demonstrera røykehus, laga av materialar frå sagbruket på Fatland.
  • Simonsen Bensin AS vil visa utstyr som du treng når du skal til skogs, anten for å hogga tømmer eller ved.
  • Kerf AS, som held til ved Ranavik, viser finare listverk og kanskje andre ting som dei produserer.
  • Truleg blir det også nokre fleire stands. Har du sjølv noko fint som du lagar i tre, eller elles noko som har med tre og skog å gjera, så ta det gjerne med. Gi eit ord på førehand dersom du treng standplass.
  • Snikkarbod og anna moro for ungar.
  • Info om Fjelberg kraftlag si nye kraftlinje frå Sjøvangen til Fatland, med grøn straum til den komande el-ferja på Sydnes. Linja er under arbeid, og riggplassen er nett her på sagbruket. Linjetraseen går berre femti meter innanfor.
  • Miniskogen. Ein liten skog som viser korleis livet i skogen oppstår, og korleis det til slutt døyr ut. Liv og død i skogen, kan du kanskje seia.
  • Vestskog, landbrukskontoret og skogeigarlaget er på plass.

 

 

Kva blir selt i marknadsteltet?

 

Oversikta blir ajourført fleire gonger før laurdagen kjem.

 

Private ting

  • Massevis av bøker i mange kategoriar
  • LP-plater, nokre CD-plater, CD-spelar ...
  • Masse pynteting til huset, kjøkenting, nyttige ting
  • Koffert, ryggsekker ...
  • Skatoll, skap, seng,  ...

 

Bygningsartiklar etc

  • Klebersteinsomn, 2 stk, nye, 5000,- pr stk
  • Vindu, kvitmalt, 110x120cm, 5 stk, nye, 3500,- pr stk

 

www.ag3.no
ARNE.GJERDE@N-LT.NO
Arne Gjerde, Bjørkelivegen 4, 5458 Arnavik

© Det er lov å sitera frå denne nettsida
ved å referera til www.ag3.no.
Meir omfattande bruk må avtalast skriftleg.
Elles gjeld Lov om opphavsrett til åndsverk.

Utsikt utover Klosterfjorden ein vinterdag.