Halsnøyportalen

… med linkar til det meste som finst av informasjon om Halsnøy-samfunnet      

Halsnøymotivet

Biletarkiv

 

30.01.2012

Mimring i etterjulstida

No har det regna i godt over eit halvt år, og dei fleste har forlengst gløymt at det knapt nok var regn i halvåret som var før dette.

 

Og ikkje nok med at det regnar, det bles så forferdeleg òg. Ikkje stikker og strå, for dei er bortblesne forlengst. Nei, det er snart ikkje berre i Drygolin-reklamen at traktorane bles vekk.

 

Mange trøystar seg med at sola har snudd og at me må sjå framover mot ljosare tider. Og det er vanlegvis den beste metoden.

 

Men me dristar oss likevel til å sjå halvannan månad bakover òg, til Strupebandet sin førjulskonsert i samfunnshuset. Som vanleg med Strupebandittane i framgrunnen.

 

Det var berre fire bandittar denne gongen, men kvaliteten var det ingen ting å seia på. Og julestemninga var på topp i heile salen.

 

Skal ein muntra seg opp litt i mørketida, går det altså godt an å venda blikket bakover.

 

Foto: Arne Gjerde

www.halsnoy.no

www.perlo.no

www.basarholmen.no

Halsnøyveven

fungerer i dag berre

som  ei statisk side,

med  informasjon

om lokalsamfunnet.