Halsnøyportalen

… med linkar til det meste som finst av informasjon om Halsnøy-samfunnet      

Halsnøymotivet

Biletarkiv

 

01.04.2014

 

Våren er her

Ikkje la deg lura av at datoen i dag er første april, for det er faktisk sant! Våren har vore her lenge allereie, kanskje heilt sidan november. Det er vel eigentleg berre ei definisjonssak.

 

Bildet ovafor er eit av Nils Magne sine mange blinkskot, og du finn det i boka «Halsnøy 2013», dersom du er ein av dei heldige som har klart å sikra deg boka før ho vart utseld. Er du ikkje det, kan det vera ei trøyst at «Halsnøy 2014» er tenkt å koma i midten av november i år, og at Nils Magne har mange flotte bilde der òg.

 

Men nett i dag skal me berre nyta våren og sola. 18 grader var det forresten  i forgårs!

 

Foto: Nils Magne Kloster

www.halsnoy.no

www.perlo.no

www.basarholmen.no

Halsnøyveven

fungerer i dag berre

som  ei statisk side,

med  informasjon

om lokalsamfunnet.