Halsnøyportalen

www.dill.as

dill@knett.no

41 69 04 25

 

 

 

Kven er me?

 

Dill AS er eit privat selskap som vart skipa våren 2009, som ein konsekvens av kommunale budsjettkutt som ville ha ført til reduksjon av kommunale tenester som Halsnøytunet ytte.

 

Initiativet kjem frå lokale eldsjeler som ikkje ville akseptera kutt i tilbodet til eldre, og som difor meinte at denne drifta burde kunna føregå i privat regi.

 

Dill er namnet på selskapet sitt konsept, eit konsept som inneber levering av mat til Halsnøytunet (ved Kvinnherad kommune), pluss drift av eigen kafé, catering, selskapslokale og frivilligsentral.

 

Selskapet starta opp drifta den 1. juli 2009, med kafé og catering. Frå september same året kom frivilligsentralen i sving.

Middagsservering frå kl 1230.

 

Me har diverre ikkje ope i helgene. Opningsdagar og -tider vil verta vurderte framover, ut frå røynsler som me får undervegs.

 

Me har mange andre tilbod og aktivitetar. Les meir om desse, og om programmet framover ved å klikka her.

 

 

 

Kva får du?

 

Kaféen

Næringsrik, rimeleg middag med dessert eller suppe, får du kvar dag. Me rullerer menyen over 6 veker.

 

Pris om torsdagen er 90,-,

andre dagar kr 75,-.

 

Dessutan har me gjennom heile opningstida smørbrød, baguettar, rundstykke, osteboller, trekantar, ciabatta, piadina, grønsalat, pastasalat, kremkaker, tørre kaker, kaffi, te, brus, yoghurt, is og frukt.

 

Sjå heile middagsmenyen her.

 

 

Catering

For utlevering kan du få middag, snittar, supper, og mykje anna. Berre spør!

 

Og ikkje minst kan me gje deg eit flott koldtbord!

 

 

Kvar finn du oss?

 

Me held til i fyrste etasjen i Halsnøytunet på Sæbøvik, rett ovafor båthamna, 200 m aust for sentrum. Inngang på nedsida av bygget.

 

Du kan kontakta oss på telefon

 

41 69 04 25

 

Får du ikkje svar her, kan du òg prøva 53 46 15 24 eller 53 46 15 58.

 

Ring gjerne for å tinga bord, catering, eller kanskje berre for å spørja kva me har til middag i dag.

 

Postadressa vår er:

 

Dill AS

Halsnøytunet

5454 Sæbøvik

 

Epost: dill@knett.no

Kva tid har me ope?

Tekstboks: Torsdag er komledag !

Unn deg ein ferdigmiddag innimellom. 
Ingen ting er betre enn komla på Dill!
Me serverer vår vidgjetne komla m/kjøt, 
pølse og bacon frå kl. 12:30 kvar torsdag. 
Tekstboks: Karamøte !

Nei, det har ingen ting med karaoke å gjera. Men kvar måndag kl 1030 møtest karane for å drøsa.

Karamøte

Kvar måndag kl 1030 er det kara-møte på Dill. Då møtest karane som er pensjonistar for å drøsa, og ikkje minst for å løysa dei store verdsproblema.

 

Dersom du har ei slik løysing klar, eller gjerne vil vera med og finna løysinga, går du sjølvsagt på karamøte!

 

Måndag

 

1100-1500

Tysdag

 

1100-1500

Onsdag

 

1100-1500

Torsdag

 

1100-1700

Fredag

 

1100-1500

Laurdag

 

Stengt

Sundag

 

Stengt