
|
www.dill.as dill@knett.no 41 69 04 25
|
|
Tysdagsklubben
kvar tysdag kl 11 - 14.
Triveleg treff i uformell atmosfære!
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - PROGRAM HAUSTEN 2011
18.10. Bingo.
25.10. "Syng med oss" ved Lars Magne Sjo, pluss ein som fortel.
01.11. Åresal. Song ved Otto Benjaminson.
08.11. "Syng med oss" ved lars Magne Sjo.
15.11. Bingo mm.
22.11. "Syng med oss" ved Lars Magne Sjo.
29.11. Åresal med noko attåt.
06.12. Siste gong før jol. Jolekos, song, trekking av loddboka, mm.
- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Me har programinnslag med opplesing av dikt eller eit kort stykke kvar gong.
På Tysdagsklubben kan du kjøpa rimeleg mat og kaffi, eventuelt middag. Uansett alder er du velkommen til eit koseleg avbrekk i kvardagen med mykje god drøs.
Hugs:
Ta med deg ei veninne, ein ven eller nabo. Det er kjekt å vera mange i lag på Tysdagsklubben!
Har du ein heimelaga vinst til loddboka? Inntekta går til Optimisten.
|
|
Optimisten Frivilligsentral
vart skipa den 21. januar 2010. Dette er eit lag som skal organisere det frivillige arbeidet omkring Halsnøytunet og for dei eldre i Halsnøysona (Halsnøy pg Fjelbergøyane).
Me har av fleire grunnar funne det best å formelt halda det frivillige arbeidet utanfor Dill AS, som primært skal stå for kjøkkendrifta.
Til det første styret i Optimisten vart desse valde:
Gerhard Eide (formann)
Lise Karlsen (styremedlem)
Øyvind Særsten (styremedlem)
Unni Landa Haugland (styremedlem)
Leif Helge Særsten (styremedlem)
Optimisten driv utkøyring av mat til eldre i Halsnøysona. Dette gjeld også dei som ønskjer fast levering av middag to gonger i veka, sjølv om ein ikkje kjem inn under ordninga med kommunalt vedtak.
For nærare opplysningar og bestilling, kontakt Nils Magne Kloster på telefon 53 47 63 93 eller 906 72 839.
Me treng også fleire sjåførar til å vera med og dela på utkøyringa. Flott om du har tid til overs og vil vera med og gjera ein innsats i lokalsamfunnet.
|
|
Nyhende og kunngjeringar
Me treng fleire sjåførar!
"Optimisten" Frivilligsentral" treng fleire sjåførar til å vera med og dela på utkjøring av mat to gonger i veka til eldre i Halsnøysona. Det er flott om du har tid til overs og vil vera med og gjera ein innsats i lokalsamfunnet. For utkjøring av mat nyttar ein Halsnøytunet sine bilar.
Kontakt Nils Magne Kloster på telefon 534 76 393 eller 906 72 839.
Ny dagleg leiar Siv Anita Brovold frå Sæbøvik er tilsett i 60% stilling som dagleg leiar i Dill AS, etter at Kari Medhus Eide måtte trekke seg av helsemessige årsaker. Siv Anita tek til i stillinga 1. september 2010. Ho vert ønskt hjarteleg velkommen av dei tilsette, styret og alle friviljuge som er knytt til Halsnøytunet og Dill AS.
1. halvår 2010 Rekneskapstala for Dill AS for første halvår syner at den positive utviklinga held fram. Selskapet hadde eit overskot på kring 125 000 kroner i dei første 6 månadene i år, av ei omsetning på nær 1.6 mill. kroner.
Tysdagsklubben startar opp att den 24. august, seier damene som styrer ståket. Dei har no laga program for hausten, og dette kan du sjå i rubrikken heilt til høgre.
Årsmelding og rekneskap for 2009 kan du lasta ned ved å klikka her. Generalforsamling for Dill AS vert i kantina på Halsnøytunet tysdag den 20. april kl. 1900. Vanlege årsmøtesaker. Styret melder om eit økonomisk godt oppstartsår (halvår). Etter generalforsamlinga vert det servert middag. Alle aksjonærar er velkomne!
Dagleg leiar i Dill AS, Kari Medhus Eide, har av helsemessige årsaker sett seg nøydd til å sei opp stillinga si. Styret takkar Kari for fenomenal innsats i oppstartsåret!
Lise Karlsen er inntil vidare konstituert i stillinga som dagleg leiar. Stillinga vert lyst ut seinare i vår. |