Halsnøyportalen

Bilete frå Halsnøy

 

Det finst drøssevis av heimesider med bilete frå Halsnøy. Mange av dei er useriøse, i den forstand at dei syner bilete som ikkje burde sjåast av kven som helst. Og andre er lite interessante fordi kvaliteten på bileta er for dårleg.

 

Nedanfor finn du linkar til nokre heimesider som har så høg kvalitet at dei går gjennom det vidgjetne nålauga, og vel så det.

 

 

Jan Arild Tofte er ein svært dugande fotograf, som i det daglege held til i USA. Men han har ikkje gløymt kvar han kjem frå, og han syner her fram framifrå fotokunst, med motiv frå heimstaden sin. Dersom du går inn på den ordinære heimesida hans, kan du òg sjå bilete frå den store vide verda utanfor Hidle.

Fotoside Jan Arild

Heimeside Jan Arild

 

 

 

Har du sjølv interessante bilete frå Halsnøy, tek me gjerne imot dei, dersom du meiner at dei har interesse for Halsnøyveven sine lesarar. Litt informasjon må du òg syta for, men me kan gjerne stå for den endelege utforminga av teksten.

 

Bilete som har ein viss dagsaktualitet, kan du sjå på vår eiga fotoside.

Fotoside Halsnøyveven

 

 

www.halsnoy.no — www.perlo.no — www.basarholmen.no

 

Lars Magne Sjo skulle vera vel kjend for alle halsnøybuar. Han har hatt ei hand med i det meste som har skjedd på kulturfronten på øya, og ikkje minst når det gjeld fotografering. Han har samla ei rekkje blinkskot på ei eiga heimeside.

Fotoside Lars Magne

 

Nokre driftige halsnøybuar, inkludert dei to ovanståande, har laga noko dei kallar Halsnøygalleriet. Der finn du bilete av fleire fotografar.

Fotoside Halsnøygalleriet