
|
Nyhende |
|
Programmet 2007
Torsdag 19. juli
1800: Samfunnshuset: Gamle Kippers serverer heimelaga fiskesuppe.
2200-0100: Samfunnshuset: Pub-kveld med Tony Smith. Perlo: Diskotek.
Fredag 20. juli
1800: Sentrum: Den store krabbe– og rekefesten for heile familien. På parkeringsplassen midt i sentrum.
1900: Karaoke for store og små v/ Landsbyverten.
2200-0100: Samfunnshuset: Pub-kveld med Tony Smith. Perlo: Tick-Tack spelar til dans på parkeringsplassen.
Laurdag 21. juli
1030: Sentrum: Gratis frukost i Sæbøvik sentrum!
1200: Samfunnshuset: Sæbøvikfestivalen opnar. Kunstutstilling ved Harald Warberg i foajeen.
1300: Samfunnshuset: Festivalen held fram med kino, sal av grillmat og anna, Eliasbåten, paintballskyting, lykkehjul, mjølkespannkasting, og sjølvsagt den store fiskekonkurransen.
2000: Samfunnshuset: Standup-galla.
2200: Samfunnshuset: Dans med 2nd Generation. Perlo: Tick Tack spelar til dans på parkeringsplassen.
|
|
29.07.2007 Meir frå Sæbøvikfestivalen Me vert visst ikkje ferdige med Sæbøvikfestivalen på ei stund, men det gjer ingen verdens ting. Me kan leva eit heilt år på den flotte helga på Sæbøvik, heilt fram til neste års festival.
I dag har Nils Magne sendt oss eit reklamebilete, som han kallar det. Reklame for AG Tre, herverande redaktør sitt møbelimperium. Dette, og nokre andre bilete som han har teke, kan du sjå under Halsnøymotivet for juli.
Som du ser så står imperialisten sjølv i midten og fortel til Otto Benjaminson (tv) og Øyvind Særsten kor viktig det er at dei i hagen sin får seg eit slikt staseleg festmiddagsbord, med to store trerøter som bein. Ikkje nokon i heile verda har eit slikt bord frå før, og då gjeld det sjølvsagt å vera fyrst.
Ja, me føreslo til og med for varaordførar Otto at dette bordet, som inntil 20 personar kan sessa seg rundt, høver godt som nytt bord i formannsskapssalen. Kvifor skal ikkje Kvinnherad kommune vera fyrst ute denne gongen? Truleg vert det eit heitt tema i valkampen denne hausten om kor vidt kommunen har råd til eit slikt statussymbol, eller om pengane heller bør gå til vegopprusting på Halsnøy.
24.07.2007: Hopp i havet!
23.07.2007 Lokal-TV var på Sæbøvik Dei siste par åra har du sikkert høyrt frå tid til anna snakk om satsing på lokal-TV her i Kvinnherad. Men dersom du trur at alt dette har falle i fisk, er du ikkje skikkeleg informert. For stiftinga Kristen Mediaressurs driv faktisk og lagar lokale TV-program, og har gjort det ei stund, under namnet TV Sydvest.
Kristen Mediaressurs har adresse Uskedalen, der Ronny Lakselv sit som den daglege motoren. Men vår eigen Otto Benjaminson har òg ein fot innafor, som styreformann, dersom me hugsar rett.
Namnet på stiftinga får deg kanskje til å tru at dei berre dekkar det som skjer innafor bedehus, kyrkje og misjon, men det er ikkje korrekt. Dei har påteke seg eit generelt samfunnsansvar, som tilseier at dei skal prøva å få best mogleg spreiing på programinnslaga sine.
Og laurdag tok dei turen til Sæbøvik og filma litt av det som skjedde på festivalen. Rett nok stakk dei kanskje av litt tidleg, du veit dei er avhengige av desse forbaska ferjene, som berre går annankvar time om laurdagen. Enn så lenge.
Ta ein titt på innslaget, der dei har intervju med Signe, Bjørn og Svein Arild. Ser du godt etter, kan du òg få ein glytt av Sissel, Borgny, Tor, Vally og mange andre. Klikk her for å sjå innslaget.
Klikk her for å koma til TV Sydvest sin portal. Me legg òg inn ein link nedst i spalta Halsnøyaktuelt, slik at du enkelt skal kunna gå inn når som helst seinare og sjå etter nye lokale TV-program.
Me ynskjer TV Sydvest lukke til med arbeidet! Og ikkje minst, velkomen attende til Halsnøy om ikkje så lenge! Til halsnøybuane vil me minna om at det ikkje er dumt å tipsa TV Sydvest i ny og ne.
22.07.2007 Landsbyfestivalen Så er endå ein Sæbøvikfestival til ende. Sundagen har runne opp, med freden og roen og idyllen på plass att i landsbyen.
I skrivande stund er arbeidsgjengen i ferd med å montera ned siste restane av det store teltet ved Samfunnshuset, og me kom til å spørja om dei ikkje burde brukt telte ein dag til, når det fyrst står oppe. Ein stor heidundrande basar hadde vore på sin plass denne dagen, i landsbyen, på Basarholmen.
Dei hadde visstnok vore inne på tanken sjølve, eventuelt med kyrkjekonsert i førevegen, men mannskapsmangel er eit stikkord. Som me visstnok har vore inne på før i denne spalta. Mange gjer ein kjempejobb i samband med desse arrangementa, men ikkje mange nok. Oppmodinga går med dette til deg og venene dine, om å melda dykk til teneste neste år.
Sluttresultatet for samfunnshuset er sikkert ikkje klart endå, men me vil tru at det vart bra. Grillen var iallfall tømd for mat allereie på ettermiddagen, lenge før dansen starta. Ein einsleg svartsvidd kotelett låg att på grillen då me prøvde å få oss mat. Men når kvelden kom, var nye forsyningar på plass.
Rekefesten fredagskvelden samla òg fullt telt på den andre parkeringsplassen i sentrum. Me vil koma attende med ein liten biletkavalkade frå denne og frå landsbyhelga elles.
Eit lite forslag vil me gjerne koma med her, som dei ansvarlege kanskje bør vurdera. Kvifor kallar ein denne helga for Sæbøvikfestivalen, og ikkje for Landsbyfestivalen?
Rett nok bør ein alltid vera forsiktig med å endra godt innarbeidde namn, men i dette høvet trur me at Landsbyfestivalen vil ha appell langt utover vårt eige distrikt. Om ein bør satsa på å få meir folk til Sæbøvik denne helga, eller om det er meir enn nok som det er, er eit anna spørsmål som nok må diskuterast i same rennet.
Me har sjekka litt på internett for å sjå om andre har teke namnet Landsbyfestivalen før, men det ser ikkje slik ut. Rett nok finst det ein landsbyfestival i Latvia, men den er neppe nokon konkurrent.
Dessutan les me ein stad at ”det skal avholdes griserally på ’Den store landsbyfestivalen’”, der sjølvaste Donald Duck skal delta. Denne festivalen går altså i nærleiken av Andeby, og vert vel heller ikkje den største konkurrenten. Ideen om griserally kan derimot sikkert med hell implementerast på Sæbøvik òg.
Med eller utan Donald Duck.
22.07.2007: Folksamt på halsnøyfest
22.07.2007: Eldspåsetjing og båtkasting
20.07.2007: Hektisk før festivalen
20.07.2007: Ute i båt, med promille i blod
17.07.2007 Kaijazzen er avlyst Me får opplyst at på grunn av ekstraordinære omstende så er kaijazzen som Halsnøy Storband har annonsert på samfunnshuskaien på torsdag avlyst.
Me veit ikkje om andre endringar i programmet, så du gjer lurt i å førebu deg slik du har planlagt til denne helga, som på mange måtar er den viktigaste helga i året på Halsnøy. Iallfall er det då det er mest folk her.
12.07.2007 Sæbøvikfestivalen I dag er det akkurat ei veke til Sæbøvikfestivalen startar opp. Både torsdag, fredag og laurdag neste veke skal det skje store ting i og rundt landsbyen. Med Landsbyverten som det sjølvsagde midtpunktet. Og deg, sjølvsagt.
Me kjem nok attende med meir stoff om dette, men førebels kan du kosa deg med Halsnøykalenderen. Eller du kan lesa plakaten deira her. Vil du lesa meir om korleis det var på festivalen i fjor, kan du heller lesa her.
10.07.2007: Spenstig Sæbøvik-festival
04.07.2007: Skjenkeløyve på Sæbøvikfestivalen
31.03.2007 Når er Sæbøvikfestivalen? Til den som måtte vera rette vedkomande: Kva for ei helg er eigentleg Sæbøvikfestivalen?
I gjesteboka vår var det ein som spurde om dette, og ein annan svara at det er alltid 3. helga i juli. Og det er vel truleg rett.
Men sjølv har me alltid trudd av det er nest siste helga i juli. Og det treng ikkje vera det same som tredje helga, fordi det av og til er 5 helgar i juli. Som til dømes i år, når 1. juli er ein sundag.
Så kven vil stå fram med fasiten i dette kjempekompliserte spørsmålet, som er så umåteleg viktig for manneætta?
Arkiv for Sæbøvikfestivalen 2006
|
|
www.halsnoy.no — www.perlo.no — www.basarholmen.no |
|
Bilete (foto: Arne Gjerde) |









|
Kamelen og nålauga For oss litt omfangsrike er det ikkje så lurt å kjøpa billettane til den store rekefesten på førehand, for då må me smyga oss inn mellom spilene på desse pallane. |
|
Barneshow Som alltid trør Wenche Tofte til med å laga til leikar og dans for ungane på rekefesten fredagskvelden. Denne gongen var ikkje noko unnatak, ja, ho lærte dei til og med ein heilt ny dans. |
|
I gullrus Åse Engelsen var ein av deltakarane i eit slags danseshow, og sanneleg stakk ho ikkje av med gullmedaljen, med teksten World Champion på. Kven som skin mest av dei tre på biletet (vinglaset, medaljen eller Åse), er ikkje lett å seia. I farten. |
|
Båtsamt Det er nauturlegvis mange flotte båtar å sjå på Sæbøvik-festivalen. Mykje fint i plast, sjølvsagt, men jamen er det ikkje framleis ein del trebåtar å sjå òg. Nydelege olja snekker, som dei på øvste biletet, men også ein del større båtar, både skøyter og anna. Ein liten kaitur for å sjå på båtane må sjølv den mest innbarka landkrabbe ha denne laurdagen. |
|
Munnar må mettast Med så mykje gjæve og svoltne menneske på Sæbøvik, går det unna i salsbodene. |
|
AG Tre Sjølv hadde me ei aldri så lita framsyning av hagemøbel i Skomakarhagen. Litt større utstilling vert det på Etne-marknaden om ei god veke. |
|
Flystemne Ein einaste dag i året legg flygemauren til vers, og denne gonge valde han å leggja flygedagen sin til Sæbøvik-festivalen. Du la kanskje merke til all måsen som flaug over oss, med nebbet på vidt gap? |
|
Dansen går Utpå kvelden kom bandet i sving med dansemusikk, slik det alltid er på Sæbøvik-festivalen. |