Halsnøyportalen
Tekstboks: Halsnøy kloster

Halsnøy kloster var eit augustinerkloster som vart oppretta av Erling Skakke i 1164 og nedlagd som kloster i 1536.

Delar av dei opphavelege klosterbygningane er framleis tekne vare på som ruinar. Hovudbygningen er av langt nyare dato.

I 1656 måla E. Fiigenschou klosteret, og dette biletet er rekna som det eldste kjende landskapsmåleriet her i landet.

Klosteret vert i dag drive som museum, eigd av Sunnhordland Museum. Om sumaren er det guida omvisningar fleire dagar i veka. 

Venelaget for klosteret er ei gruppe av eldsjeler som står på for å halda klosteret ved like og syta for at det vert laga til aktivitetar der. 

I juni kvart år arrangerer dei Klosterdagane, to dagar til ende, fullspekka med kunst, musikk og andre kulturopplevingar.

På kartet til høgre er klosteret merka med 1, og Skarvasteinen fornminnefelt med 2.

Nyhende

Arkiv for 2006

 

31.10.2007: God stemning i klosterstovene

 

23.10.2007: Konsert i klosteret

 

07.09.2007: Biletserie: ”7 threads”

 

05.09.2007: 70 såg ”7 threads—a performance”

 

28.08.2007: Ny framsyning på klosteret

 

07.09.2007: Biletserie: ”7 threads”

 

05.09.2007: 70 såg ”7 threads—a performance”

 

13.06.2007: Ei rik helg på klosteret

 

12.06.2007: Økonomisk blåmandag

 

09.06.2007: Program Klosterdagane 8.— 10. juni

 

07.06.2007: Klosterdagane på Halsnøy

 

07.06.2007: Pyntar klosteret til festival

 

04.06.2007: Samlar trådane til Klosterdagane

 

31.05.2007: Dobbel Kloster på klosteret

 

31.05.2007: Klart for Klosterdagane

 

30.05.2007: Klosterdagane nærmar seg

 

29.05.2007: Klosterdagane 2007

 

23.05.2007: Klosterdagane 8.— 10. juni

 

03.04.2007

Berre to dagar att ...

… til utstillinga som startar i klosteret skjærtorsdag kl 1800, og som varer til og med andre påskedag. Ope kvar ettermiddag.

 

Og som tidlegare meldt så er det Marina Kotikova frå Tsjetsjenia som stiller ut. I dag har me gleda av å syna endå eitt av bileta hennar (sjå biletspalta til høgre). Dette har ho kalla Ny stillhet.

 

For tida bur ho i Haugesund, der ho i desse dagar, saman med Irina Solheim, ynskjer å starta eigen kunstskule for born, ungdom og vaksne. Saman driv dei òg Galleri Una i Haugesund.

 

Er du ute på rusletur i påska, legg du sjølvsagt turen innom klosteret for ein titt. Det skal vera råd å få seg ein kopp te eller kaffi, eller eit glas saft. Og kanskje ein drøs attpå, reklamerer dei med.

 

Me legg til at dette er ei salsutstilling, så dersom du skulle tykkja godt om dama på biletet, kan du kanskje leggja inn eit bod?

 

30.03.2007: Ein hyllest til våren

 

30.03.2007

Påskeutstilling i klosteret

I år er det kunstnaren Marina Kotikova som har salsutstilling av bilete i klosteret i påska. Det er hovudsakleg snakk om oljemåleri, og utstillinga opnar skjærtorsdag klokka 1800. Det vil dessutan vera ope kvar ettermiddag fram til og med andre påskedag.

 

Det er stor spennvidde i motiv og fargar, frå vakre blomar til aktbilete. I biletspalta til høgre ser du eit bilete som ho har kalla Fruktens begynnelse. Ein skikkeleg hyllest til våren, som no syner seg frå si beste side.

 

Marina Kotikova kjem frå Tsjetsjenia, og ho har mellom anna studert kunsthistorie og scenografi. Ho har også gått på skule hjå Igor Petrov, ein omtykt russisk kunstnar.

 

Me vil syna fleire av bileta hennar dei neste dagane.

 

14.02.2007

Kjeier og karar med koppar og kar

Tek du turen til klosteret i kveld, får du kika nærmare på desse godsakene som inngår i utstillinga av oljemåleri og keramikk. Det er kunstlina på folkehøgskulen som er dei kreative sjelene, som her ser med forventing i blikket fram mot publikum sin overstrøymande dom.

 

Du ser òg nokre av musikarane frå musikklina som skal vera med i klosteret i kveld.

 

Klokka halv åtte, altså.

 

14.02.2007: Ny dagleg leiar ved Shl Museum

 

13.02.2007

Konsert på klosteret

I morgon kveld, onsdag klokka 1930, vil elevar frå musikklina på folkehøgskulen halda ein klassisk-akustisk konsert. Og sidan dette er kjærleiksdagen (valentinsdagen), har dei sett saman eit stemningsfullt program som femner vidt. Det kan nemnast klassiske perler, duettar, jazz-standard og soul/pop.

 

I tillegg til kjende og meir ukjende musikkstykke, vert det høve til å høyra instrument som ikkje så ofte vert presenterte som solo-instrument. Dei har dugande musikarar både på fagott og klassisk saksofon.

 

Elevane frå kunstlina opnar utstilling i kjellaren med oljemåleri og keramikk. Inspirasjonen er henta frå naturen. Elevane har laga ei rekkje koppar i keramikk, der naturelement har sett preg på både utforming og dekor. Koppar går òg att som tema i nokre av måleria, medan andre berre har steinar som motiv. Utstillinga vil òg vera open torsdag og fredag 1700-1900, og sundag 1500-1800.

 

Ope for alle, seier Helen Petersen, og kva kan vel høva betre ein slik kveld enn levande ljos, vakker musikk for øyro, og fine former å festa augo på? Sjølvsagt vert det noko å bita i etter konserten.

 

09.02.2007: Klosteret som Halsnøymotivet

 

07.02.2007: Klosterruin inn i ferjestriden

 

07.02.2007: Konsert på klosteret

 

07.02.2007: Ingen vei tilbake?

 

Arkiv for 2006

Opningstider sumaren 2008

          

Omvisning for grupper eller einskildpersonar kvar dag, bortsett frå måndag.

 

www.halsnoy.no — www.perlo.no — www.basarholmen.no

Bilete

Linkar

          

Her finn du nokre linkar til heimesider som fortel meir om Halsnøy Kloster:

 

Klosterdagane

Klosterbloggen

Museet

Soga

Sunnhordl Museum

Måleria nedafor er laga av Marina Kotikova frå Tsjetsjenia. Frå påskeutstillinga 2007.

Bileta nedafor er tekne under førebuingane til utstillinga og konserten som folkehøgskulen hadde i klosteret i februar. Foto: Helen Petersen.

09.06.2007

Klosterkultur på kulturklosteret

Desse to kulturarbeidarane er tilsette på klosteret i sumar. Ikkje slik å forstå at me driv gjøn med dei tilsette, og ymtar noko som helst om intelligensen deira. Nei, desse to har som oppgåve å driva kulturarbeid i hagen, ikkje innomhus.

 

”E’ di ikkje fine, vel?” seier Helen. Og det kan ho så absolutt ha rett i.

 

I dag og i morgon går Klosterdagane 2007 av stabelen, i fantastisk flott ver. Ta deg ein tur, så får du sjå desse to kulturarbeidarane, pluss at du får høyra nokre andre. Av same sorten, hadde me nær sagt, men det skal me ikkje seia. Kulturarbeidarar er dei iallfall alle i hop.

 

Foto: Helen Petersen

07.06.2007

Klosterdagane 2007

Til helga er det Klosterdagar, og me har fått med oss at dugnadsgjengen har vore i sving i det siste, og at det skal verta like storstilt denne gongen òg. Minst.

 

Og sidan vermeldingane er dei aller beste, trur me at det på laurdag og sundag kjem til å sjå ut nett som på biletet. Folk set seg i solveggen mellom øktene og berre nyt tilveret. Slik som her for nokre få år sidan.

 

Me ynskjer eldsjelene Lars Erik ter Jung og Helen Petersen, og venelaget lukke til med årets arrangement.

 

Foto: Arne Gjerde