
|
www.halsnoy.no — www.perlo.no — www.basarholmen.no |
|
Halsnøymotivet 2010, andre halvår, pluss 2011 Oversikt Fyrste halvår 2010
NB! Dei nyaste bileta står nedst på sida! |
|
18.07.2010 Folkehøgskulen Fint ligg han der, den gamle folkehøgskulen på Halsnøy.
Gamal er forresten kanskje feil ord når du ser på bygningsmassen. Det som er gamalt er institusjonen, staden, og kanskje ein anelse av kulturløa til høgre i biletet.
Bygningane har gjennom ein mannsalder blitt skifta ut etter tur. Og opplegget som skulen vert driven etter er eit heilt anna i dag. Men ånda er nok likevel på mange måtar den same.
Det hadde vore kjekt å kunna visa eit femti år gamalt bilete som var teke frå om lag same staden som dette, og som syner dei gamle bygningane. Kan nokon hjelpa oss med det tru?
Foto: Arne Gjerde |
|
09.08.2010 I vesterveg På ein islandstur tidlegare i sumar kom me over eit par aktuelle halsnøymotiv.
Det fyrste biletet, av eit butikkvindauga med det fyndige namnet Saumsprettan, får oss til i vårt indre auga å sjå for oss både det eine og det andre.
Men i fylgje Annvor så er dette berre ein av filialane til Baronessa.
Det andre biletet er meir ein konsekvens av at Grethe frisør (ho som klickar meir enn ho klipper) bad oss om å leita etter røtene hennar på sagaøya, der bestefaren kom frå.
Og som du ser, så gjorde me den jobben me var sette til. Om det er rett gard derimot, fekk me ikkje høve til å sjekka opp.
MMS-foto: Arne Gjerde |

|
22.08.2010 Rasteplass i skogen Halsnøy O-lag i samarbeid med Kvinnherad Turlag har siste året gjort ein fenomenal innsats med å perfeksjonera turløypene på Halsnøy og Borgundøy. Sigval Robberstad har vore primus motor i dette arbeidet. Under Halsnøyaktuelt på framsida kan du lesa meir om kvar enkelt løype.
Både o-laget og privatpersonar har dessutan gjort sitt ved å plassera ut bord og benker på aktuelle rasteplassar. Fleire slike kjem på plass etter kvart.
Dette biletet syner ein rasteplass nett på innsida av Fatlandsvatnet. Her er det lagt til rette for at fire personar kan sitja og spela kort, bryta handbak eller diskutera politikk.
MMS-foto: Arne Gjerde |
|
08.12.2010 Gode isforhold Etter lange tider med frost ned mot minus 15, er det yrande liv på Fjellandsvatnet og andre lokale skeisearenaer. Yrande liv er det visstnok òg hjå røyrleggjarane, som har si fulle hyre med å tina opp og fiksa frosne og sprukne vassleidningar.
Ei litt uvanleg is-soge syner biletet ovafor. Ein morgon stoppa ein kar utafor Buketten for å gå inn i Posten eit ærend. Medan han sat i bilen dogga glasa på brillene, og i det same han kom ut i frisk luft, fraus dogga til is. Han famla seg likevel fram til døra, og brillene vart sjølvsagt eit naturleg fotoobjekt då han kom på innsida.
Moralen må vera denne: Gå aldri ut i vinterkulda i bedugga tilstand!
Foto: Arne Gjerde |
|
23.12.2010 Det store hjule-underet Dei song nok ikkje "Hjul med din glede" dei to litauarane som kom på rek med semi-traileren sin ned Ådnaviksbrekko no ein dag i juleveka. Mange meinte det var eit stort under at det gjekk såpass som det gjorde, og at ikkje bilen forsvant utfor stupet, og lukst ned i båthamna.
Som du ser så var det ikkje så mykje som mangla på at båtane du ser nede i Arnavik båthamn kunne fått selskap, men ein stor stein var det einaste som hamna der. Lukka var nok på mange måtar betre enn forstanden denne gongen, for på slikt føre skal ein helst ikkje prøva seg på Ådnaviksbrekko med semi-trailer utan kjettingar.
I fjor vinter var det forresten ein danske som sette seg fast i Havnabrekko, nokre hundre meter lengre sør. Så folk frå flate land skjønar tydelegvis ikkje heilt kva ei brekke er for noko.
Dramatisk i Ådnavikjo, altså, med avisdekning i alle media, frå Grenda i vest til Aftenposten i aust. Og ein kar me snakka med same kvelden, uttrykte seg om lag slik:
— Da e visst her i Ådnavikjo alt viktigt skjer i dag. Nett nå fór denna bilen utfor veien. Åsså dessutan så ser eg atte da e fullmåne. Åsså såg eg nett et forferdele stort stjerneskot. Åsså va da jordskjelv i nått. Å i går kveld så va da forsyne meg måneformørking. Ka blir da i måro, trur du?
Tanken vår var eigentleg å ha eit litt meir typisk julemotiv på Halsnøyveven i dag. Men me fann eit aktuelt hjulemotiv i staden.
God jul til alle halsnøyvener!
Foto: Arne Gjerde |


|
29.05.2011 Verdas største veggmåleri Om ganske kort tid kjem sumarutgåva av Kvinnheradmagasinet ut. Dette etterkvart vidgjetne magasinet som fortel kor gjævt alt er i kommunen vår, bladet som går ut gratis i alle postkassar i heile Sunnhordland, og heile Haugalandet med.
Denne gongen er bladet meir omfangsrikt enn nokon gong, og det står som vanleg mykje godt stoff om Halsnøy og Fjelbergøyane.
Sidan det er Borgundøy og Høylandsbygd som kanskje har fått mest fokus i dette nummeret, tek me her med eit april-bilete frå sistnemnde vakre grend.
I fylgje Wikipedia er dette fantastiske måleriet på den gamle skipsbyggingshallen det største veggmåleriet i heile verda! Og då er til og med Voss medrekna.
Kva tid skal de byrja å slå dykk på brystet, høylandsbygdarar?
Foto: Arne Gjerde |
|
18.09.2011 Det går mot mørketid. Eller? Hausten er ei trist tid, seier mange. Då vert det mørkare og mørkare i veret, og det same skjer i sjela òg.
Andre seier at hausten er den finaste av alle årstider, for då er det så mange ljose fine fargar å sjå. Og så går det mot jul, og det er ei flott tid. Seier dei.
På Fatland har me under bygging to flotte einebustader denne hausten, og alle me snakkar med tykkjer dette er svært positivt. Det går mot ljosare tider, seier dei, trass i at det mørknar i veret.
I dag fall altså underteikna for freistinga til å leggja inn litt tekstreklame for desse to husa, som er til sals til den som gjerne vil slå seg ned på ein solrik plass i ei flott bygd.
Biletet syner kor langt det eine huset var kome i 9-tida torsdag kveld, trass i at oppføringa starta i firetida same dagen. Det er utruleg kor effektivt ein kan gå fram når det meste er gjort innomhus på førehand, og når ein dessutan har 8 mann med på laget.
Foto: Arne Gjerde |
|
30.01.2012 Mimring i etterjulstida No har det regna i godt over eit halvt år, og dei fleste har forlengst gløymt at det knapt nok var regn i halvåret som var før dette.
Og ikkje nok med at det regnar, det bles så forferdeleg òg. Ikkje stikker og strå, for dei er bortblesne forlengst. Nei, det er snart ikkje berre i Drygolin-reklamen at traktorane bles vekk.
Mange trøystar seg med at sola har snudd og at me må sjå framover mot ljosare tider. Og det er vanlegvis den beste metoden.
Men me dristar oss likevel til å sjå halvannan månad bakover òg, til Strupebandet sin førjulskonsert i samfunnshuset. Som vanleg med Strupebandittane i framgrunnen.
Det var berre fire bandittar denne gongen, men kvaliteten var det ingen ting å seia på. Og julestemninga var på topp i heile salen.
Skal ein muntra seg opp litt i mørketida, går det altså godt an å venda blikket bakover.
Foto: Arne Gjerde |
|
07.04.2012 Velstand og armod No er det påskeafta og difor på tide å skifta ut julebiletet som stod her frå før. Denne gongen er ikkje motivet henta frå Halsnøy, men dei to bileta ovafor syner til fulle kor godt me har det her på denne fantastiske øya vår.
Bileta er frå Las Palmas på Gran Canaria, ei anna fantastisk øy, der det i mars var svært mange halsnøybuar. Dei to bileta er tekne frå same ståstad, men med tre timars mellomrom.
På det øvste ligg nordmenn og kosar seg heile dagen med oppsparte feriepengar. Eller eventuelt med kredittkort.
På det nedste har alle desse krøsusane gått heim, og alle solsengene er rydda inn i det blåkvite huset.
Og ein fattig mann går gjennom nett same området med metallsøkjar og leitar etter myntar. Eller smular frå dei rike sitt bord, om du vil.
Kontrasten gjev litt grunn til ettertanke, ikkje sant?
Foto: Arne Gjerde |

|
08.05.2012 Kulturdugnad Biletet av desse to dugnadsdamene, som er like spreke som dei er blide, er teke i fjor på denne tida.
Men biletet er like aktuelt i år, for framleis arbeider dei dugnad kvar måndag og onsdag kveld på kulturløypa ved Skarvasteinen fornminnefelt. Frå klokka seks til ni, jamnt og trutt.
Det er eit imponerande ryddearbeid som er lagt ned så langt for at denne løypa skal bli både ein aktivitet og ein attraksjon for øya vår, i det vakre området ved stranda like utafor klosteret.
Skulle du kribla i fingrane etter å vera med, vil dei bli endå blidare. Meld deg inn i Klostervenene, eller berre møt opp på ein av dugnadsdagane.
Foto: Arne Gjerde |