
|
www.halsnoy.no — www.perlo.no — www.basarholmen.no |
|
Halsnøymotivet 2010, fyrste halvår Oversikt 2009 2010, andre halvår
NB! Dei nyaste bileta står nedst på sida! |
|
09.03.2010 Fjordingar i fjordlandskap No tinar det om dagane, så sjølv om det truleg vil liggja snø rundt om på bakkane ganske lenge, kan me ikkje stola heilt på det. Såpass lenge har me levt her på Vestlandet at me veit at dersom regn og varme set inn |


|
samstundes, kan det verta ein brå slutt på vinteren.
Difor skundar me oss å syna fram resten av vinterebileta som Unni har sendt oss. Vakre hestar i vakkert landskap (les: Landa-skap).
|
|
Hesten er nok for det meste eit kosedyr i dag, men kan framleis vera eit nyttedyr, ikkje minst i tømmerskogen.
Foto: Unni Landa Haugland |
|
01.04.2010 Stortingsmann skiftar parti Kvinnherad skal visstnok vera den kommunen der politikarar oftast skiftar parti. At det denne gongen er ein ferierande stortingsmann som gjer det, er derimot ikkje kvardagskost.
Men eit rykte fortalde oss at Magne Rommetveit skal ha teke det lange steget over frå Ap til Frp. Sidan han har hytte i Kjekavika på Halsnøy, var dette naturleg nok ei sak for Halsnøyveven. Me kontakta han for å høyra om det er noko i ryktet. |
|
— Jo, det stemmer nok det. I den seinare tid har det gått opp for meg at mange av synspunkta mine ikkje høver inn i Ap, og dette har eg no teke konsekvensen av.
Truleg vert dette ei av dei heitaste sakene i avisene etter påske.
Foto: Arne Gjerde |
|
11.01.2010 Typisk stemning på Perlo I desse dagar med kvit snø over heile Halsnøy, og kuldegrader heilt oppe på sekstentalet, skulle me sjølvsagt hatt eit vinterbilete. Men sidan me ikkje har fått inn noko slikt i den seinare tid, vel me å syna korleis Halsnøy vanlegvis er.
Dette biletet syner kor trolsk stemninga kan vera om hausten her på Perlo.
Foto: Helen Petersen |
|
20.01.2010 og 27.01.2010 Den festlege snømannen Me ettelyste vinterbilete sist, og jammen kom det ikkje inn nokre flotte eksemplar av den typen òg, trass i at Halsnøyveven ikkje er aktiv lenger. Men sidan folk tydelegvis er innom både titt og ofte, for å sjå om veven har vakna til live |


|
att, kan me iallfall ta oss tid til å presentera nokre nye halsnøymotiv i ny og ne.
I dag får du sjå ein nydeleg snømann. Til venstre er han frisk og fjåg på veg til |
|
fest, medan han i midten er på veg heim att utpå natta. Til høgre er han omsider avkledd, og klar til å gå til sengs.
Kanskje får du om nokre dagar sjå han liggjande til sengs òg? Fylg med!
Foto: Unni Landa Haugland |
|
10.02.2010 Gullhaug Me legg bort snømannen til Unni for ei stund, og tek fram nye bilete som syner at den flotte vinteren varer ved. Minus 10 var det i dag tidleg, slik det har vore så mange morgonar dei siste to månadene.
Bileta i dag syner korleis utsikta var frå Gullhaug på Fatland i går ettermiddag. Dei som har vore på Gullhaug, og det er etter kvart mange, seier at |


|
dette er kanskje det vakraste utsiktspunktet på øya. Og det beste er at du treng berre gå eit par hundre meter frå bilen for å koma dit.
Til venstre ser du mot sørvest, med Sydnessundet, Fjelbergøy og Borgundøy i bakgrunnen.
I midten er den store trolleika, som står rett ved Myrahansplasset, og som har stått der sidan lenge før Myrahansen si tid.
|
|
Og til høgre har du utsynet frå Gullhaug mot vestnordvest, med Klosterfjorden, Klosterneset og Stordafjellet i bakgrunnen.
Kvifor reisa til fjells i vinterferien, når me har det slik som dette heime på Perlo?
Foto: Arne Gjerde |
|
26.02.2010 Vinterkos Vinteren vil visst ikkje sleppa taket i år, så me dreg fram nokre av Unni sine framleis ferske snøminne.
På det fyrste biletet kan du sjå forventningane lysa ut or augo på desse borna, som sit i andelaus spaning og ventar på nyttårsrakettane.
Summen av alle tre bileta er at det er fantastisk |


|
mykje kjekt ein kan finna på å gjera på den heilt kaldaste tida rundt nyttår òg.
Berre ein har eit lite bål å varma seg på, og til å tørka vottane over!
Foto: Unni Landa Haugland |
|
07.04.2010 Hjortekommunen Kvinnherad er landets største hjortekommune. Her på øya varierer bestanden noko, men i periodar kan det vera ganske mange å sjå rundt om på bøane.
Her har Lars Magne fanga inn ein flokk som legg beina på nakken i skogkanten på Sydnes.
Foto: Lars Magne Sjo |
|
02.04.2010 Noregs største skjer? Eit skjer er vel eigentleg definert som ein pitteliten holme som berre så vidt stikk over havflata, og ikkje alltid det ein gong. Er det litt større, heiter det altså ein holme. Og er det endå større, kallar med det for ei øy.
Dette koselege svaberget du her ser, som ligg i Havnen på Fatland, er altså ein holme. Og han er så stor at du kan greitt byggja eit hus på han, det ser du når du samanliknar med båten som ligg innafor.
Like fullt har denne holmen alltid heitt Skjeret.
Noko for Guinness' rekordbok kanskje?
Foto: Arne Gjerde |
|
13.05.2010 Friluftsgudsteneste på Gullhaug Me har visst hatt bilete frå Gullhaug på Fatland tidlegare i år, men i dag var det gudsteneste der oppe, med om lag 50 frammøtte.
På dette MMS-biletet ser du sokneprest Terje Nag til høgre. Han tykte det var stas å få preika frå den gamle talarstolen frå 1890, som tidlegare har stått i det gamle skulehuset/bedehuset på Fatland.
Han starta med å forkynna at aldri nokon gong i livet hadde han hatt slik fantastisk utsikt frå talarstolen!
Etterpå var det kaffi og drøs, før dei sprekaste tok turen opp på Såto. Og dei var det faktisk ganske mange av.
MMS-foto: Arne Gjerde |
|
12.06.2010 I generalen sitt rike Dei yngre hugsar nok ikkje "generalen", som han vart kalla. Sidan han var fødd så tidleg som i 1897, må du vel helst vera nokså godt opp i åra for å hugsa han, generalmajor Nils Sæbø.
Han eigde denne flotte eigedomen i Sæbø, ein gard som noverande eigarar Clara og Knut Hveem har gjort om til eit moderne bruk. Både garden og eigarane framstår som gode og dugande representantar for kulturlandskapet som er så viktig for øya sin eigenart.
Foto: Clara Hveem |
|
29.06.2010 Salmesykkelen Bedehuset på Fatland er ein saga blott, frå no av skal det vera feriestad for folk som gjerne vil vera på fagre Halsnøy og slappa av når dei har høve til det.
Mange lurer på kva som har skjedd med det gamle staselege orgelet som stod der. Det som ein gong i tida var i Fjelberg kyrkje.
Rett nok har det ikkje vore mykje lyd i dette harmoniet dei seinare åra, men arktekturen er framleis framifrå.
|
|
Orgelet er teke vel vare på, og dette biletet er frå den nye heimstaden til orgelet. Nemlig i Bispestova i Fjelberg prestegard.
Så no er det på ein måte kome heim att til staden det starta si karriere.
Foto: Arne Gjerde |