Halsnøyportalen

www.halsnoy.no — www.perlo.no — www.basarholmen.no

Halsnøymotivet

2013                                 Oversikt             Åra 2012, 2011, 2010     

 

NB! Dei nyaste bileta står nedst på sida!

07.01.2013

Senterskodde

Ja, slik kalla Lars Magne dette biletet, som han tok i landsbyen om lag på denne årstida, for 11 år sidan.

 

Om ikkje lysarrangementet ser hundre prosent likt ut i dag, så er skodda der framleis.

 

Men heldigvis har ho vore borte i lange periodar i mellomtida. Og heldigvis kjem ho til å forsvinna att. Men julelysa forsvinn nok fyrst.

 

Foto: Lars Magne Sjo

16.04.2013

Titusenkronersspørsmålet

Denne skigarden har me ståande femti meter frå heimehuset. Han står der enno, som eit levande prov på dei lyriske orda om at "ein skigard kan kje vara evig, veit du".

 

I fleire år har me hatt seriøse planar om å fjerna han. Og i fjor sommar skulle me ha bryllup i huset, på nett den grusplassen du ser til venstre. Då måtte han iallfall vekk! Tenkte me.

 

Men andre i huset meinte at denne gamle morkne skigarden kunne vera ei perfekt romantisk ramme rundt eit slikt arrangement. Med litt pynt på vart dette heilt perfekt.

 

Så titusenkronersspørsmålet vert:

Bør me ha dårleg samvit framleis for ikkje å ha rive dette makkverket for lenge sidan, eller bør me ha særs godt samvit for å ha teke vare på eit nostalgisk vakkert kulturminne?

 

Foto: Arne Gjerde

27.06.2013

Syriner — duft av flere hundre somre

Ja, slik skriv somme om syrinen. Som duftar fantastisk. Når han duftar. Ikkje alle sortar gjer nemleg det.

 

Men denne, som heiter Andenken an Ludwig Späth duftar veldig godt. Og det er ein av dei aller flottaste syrin-typane. Det er difor me har han i hagen vår.

 

Foto: Arne Gjerde

01.04.2014

 

Våren er her

Ikkje la deg lura av at datoen i dag er første april, for det er faktisk sant! Våren har vore her lenge allereie, kanskje heilt sidan november. Det er vel eigentleg berre ei definisjonssak.

 

Bildet ovafor er eit av Nils Magne sine mange blinkskot, og du finn det i boka «Halsnøy 2013», dersom du er ein av dei heldige som har klart å sikra deg boka før ho vart utseld. Er du ikkje det, kan det vera ei trøyst at «Halsnøy 2014» er tenkt å koma i midten av november i år, og at Nils Magne har mange flotte bilde der òg.

 

Men nett i dag skal me berre nyta våren og sola. 18 grader var det forresten  i forgårs!

 

Foto: Nils Magne Kloster