Halsnøyportalen

Halsnøyveven

er ei lokal nettside som har til føremål å samla linkar til alt interessant stoff på internett som vedkjem Halsnøy-samfunnet. På denne måten får du tilgong til all informasjon ved å hugsa berre ei einaste internett-adresse.

 

Og du kan sjølv velja om øya skal heita Halsnøy, Perlo eller Basarholmen. Du kjem nemleg inn på Halsnøyveven gjennom alle desse domena: halsnoy.no, perlo.no og basarholmen.no.

 

Halsnøyveven er redigert av Arne Gjerde. Send tips og synspunkt til han på adressa arne.gjerde@n-lt.no.

 

Dersom firmaet ditt har ei heimeside, så får du link til denne gratis. Det same gjeld for lag og organisasjonar, og for private heimesider med eit ikkje altfor useriøst innhald.

 

 

Halsnøyveven fungerer i dag berre som ei statisk side, med informasjon om lokalsamfunnet.

 

Tidlegare var Halsnøyveven dynamisk og vart oppdatert dagleg. Desse oppdateringane, i den humoristiske og uformelle stilen, har visstnok vore sterkt sakna, både mellom øyafolk, utflyttarar og feriegjester. Dersom nokon vil ta på seg jobben å driva sida på gamlemåten att, vert det nok mange glade andlet rundt om.

 

 

 

 

Perlo

Perlo er den daglege kortforma av namnet Sunnhordlands perle, som einkvan ein gong har gitt Halsnøy. Me hugsar ikkje kven opphavsmannen er, det skulle me gjerne ha visst.

 

Men det er litt konkurranse om dette namnet, sidan det òg har vore brukt ein del om Skånevik. Kven som var fyrst ute, veit me ikkje, men det er lite rimeleg at nokon av desse bygdene vil gje slepp på eit så staseleg namn. Så denne konkurransen må me nok berre leva med.

 

Elles har me funne ut at det i Italia er eit hotell som heiter Hotel Perlo Panorama. Ein skulle tru at hotellet var mynta på utslitne halsnøybuar som treng rekreasjon. Me tek gjerne mot reisebrev frå deg når du har vore der.

 

Elles så ventar me spent på kva tid brusen som heiter Perlo kjem i handelen på Halsnøy. Det er visstnok Berentsens Bryggeri i Egersund som står for produksjonen.

 

Ein amerikansk kommunistleiar heitte forresten Victor Perlo, men det er vel heller tvilsamt om nokon av oss er i slekt med han.

Basarholmen

Namnet Basarholmen er sikkert oppfunne av ein avundsjuk person frå fastlandskvinnherad, vil me tru. Det var nok meint nedsetjande, men namnet skjemmer ingen, og me plar sjølv bruka det for alt det er verdt.

 

Visste du forresten at i Sverige finst det òg ein plass som heiter Basarholmen?

 

Elles har sjølvsagt redaktøren av Halsnøyveven, som driv datafirmaet Edb-konsulenten frå Basarholmen, laga eit basarprogram for å trekkja ut vinnarlodd på ein basar eller i eit lotteri. Programmet er svært enkelt utforma, og ditto lett å bruka, og det er gratis. Les meir om det til høgre.

 

Forresten så er det eit eige kapittel som heiter Basarholmen i boka Det lange huset, som Arne Gjerde har skrive.

 

 

 

www.halsnoy.no — www.perlo.no — www.basarholmen.no

Halsnøy

er ei øy som ligg midt i Sunnhordlandsbassenget, ytst i Kvinnherad kommune, i Hardanger-fjorden, rett aust for Stord. På dei 37 kvadratkilometrane som øya dekkar, bur det 2000 arme sjeler (etter oppteljinga som vart gjort før hjortejakta). Pluss altså ein del hjort, sidan Kvinnherad er største hjorte-kommunen i kongeriket.

 

På grunn av den vakre naturen, og kanskje like mykje dei mange smellvakre damene, har øya vorte kalla Sunnhordlands perle. Til dagleg kallar me henne berre for Perlo, som òg er namnet på den eine av dei to restaurantane våre.

 

Basarholmen er eit anna namn som har vore mykje nytta om øya, på grunn av den til dels ekstreme og utagerande basarkulturen me har vore velsigna med fram gjennom tidene. Ja, den dag i dag grip halsnøybuen automatisk til lommeboka når han høyrer nokon hevar røysta aldri så lite.

 

Vil du vita ”alt om Halsnøy”. Klikk då her, eller på linken Halsnøyleksikonet oppe til høgre.

 

 

Halsnøy andre stader?

I Ryfylke ligg òg ei øy som heiter Halsnøy, litt mindre enn vår, og med rundt 50 faste husstandar.

 

Kanskje burde me utveksla eitt og anna kulturelt mellom desse to halsnøyane? Tipset er gratis for den som måtte kjenna seg kalla. Og ha god tid.

 

For at du skal kunna setja deg litt inn i kva som skjer der, kan du klikka på denne linken til Wikipedia. Dessutan kan du klikka her for å få vita litt om det kristelege ungdomslaget deira.

 

Skulle du vita om andre stader i verda som heiter Halsnøy, er me takksame for tips.

Basarprogram

Dette er eit enkelt program som kan nyttast for å trekkja ut vinnarane på ein basar eller eit lotteri. Programmet er sjølvforklarande. Prøv deg fram nokre gonger, så har du taket på det.

 

Basarprogram

 

Skulle du ha problem med å lasta ned programmet, kan du heller lasta ned fylgjande zip-fil, som du pakkar ut på den disk-katalogen du måtte ynskja:

 

Basarprogram som zip-fil

 

Får du opp melding om at programmet kjem frå ein ukjend og/eller usikker opphavsmann, kan du likevel bruka det. Eventuelt kan du endra innstillingane i brannmuren din, slik at opphavsmannen vert godkjend.