Halsnøyportalen

Kommunale planar

 

Kommunen har ein kommuneplan som seier noko om kva utvikling ein ønskjer dei næraste åra i Kvinnherad kommune.

 

I tillegg finst det ein del kommunedelplanar, som seier noko om korleis utviklinga skal vera innan einskilde område i kommunen. Eit slikt område kan vera geografisk, planen fortel då korleis arealet skal brukast i aktuell del av kommunen. Eller det kan vera eit meir abstrakt område, som t.d. skredsikring, havbruk, reiseliv, etc.

 

Både kommuneplanen og fleire kommunedelplanar vedkjem Halsnøy. Særleg aktuell er arealplanen for Halsnøy-området, mest kalla kommunedelplanen for Halsnøy, som er under oppdatering nett nå. Planen vart lagt ut til andre gongs offentleg høyring i august 2006.

Kommuneplan Halsnøy 2

Melding om høyring

Kommunedelplan Halsnøy 1

Landskapsanalyse for planen

Kommunedelplanen — skredfare

Kommunedelplanen — merknad

 

 

 

 

 

 

Utanom kommuneplan og kommunedelplanar finst det ein heil del reguleringsplanar. Dette er planar som vert laga for eit mindre område. Ein vedteken reguleringsplan overstyrer normalt det som er vedteke i dei overordna planane, men berre innafor grensene som gjeld for reguleringsplanen.

 

Reguleringsplan — Ranavik ferjekai

Plan for Fjelberg-sambandet

Reguleringsplan veg Ranavik-Sæbøvik

Trafikksikring Ranavik-Sæbøvik

 

Merknader til planar:

Nedbygging av friluftsområde

 

www.halsnoy.no — www.perlo.no — www.basarholmen.no