Halsnøyportalen

Reiseliv

Halsnøy er eit paradis for turistar året rundt. Med sjø rundt på alle kantar, åsar med tilrettelagde turstiar, skogområde som er nærast for villmark å rekna, og eit servicetilbod som inneheld det som trengst. Bading og fiske opptek sjølvsagt mange, men stor kulturell aktivitet er òg typisk for Halsnøy.

 

Halsnøy er særs godt eigna for dagsturar på sykkel. Det er laga eit eige kart over øya for sykkel-, båt– og bilturistar, men i utgongspunktet vart kartet utvikla som eit kart som skulle vera hendig nok for syklistar. Det finst òg eit større kart, som kan kjøpast på Øybutikken.

Web-kamera Sæbøvik

Web-kamera Høylandsbygd

Veret på Halsnøy

Ferje–, båt– og bussruter

Kart over Halsnøy

 

Hytteliv

Det finst eit stort tal utleigehytter med god standard på Halsnøy. Desse kan leigast gjennom ulike utleigebyrå, og dessutan ved turistinformasjonen på kaien i Rosendal.

 

På Halsnøy er det eit par firma som har spesialisert seg på utleige av hytter i området.

Fjord Ferie hytteformidling

Koløys hytteutleie

 

Somme hytteeigarar driv direkte utleige sjølv, utan å gå gjennom noko byrå. Sjekk den koselege heimesida til My Holiday-house, til dømes.

My Holiday-house

 

Om sommaren er det eit yrande liv av norske turistar på øya, men dei tyske fisketuristane kjem heile året. Somme av dei vert forelska i Halsnøy, og dei kjem att kvart år for å driva matauk og få rekreasjon.

Halsnøy, sett frå ein tysk beundrar

Båtliv

Rundt heile Halsnøy finst det gjestehamner der du kan leggja til med båt, mot å betala ei avgift pr døger, veke eller månad.

Arnavik båthamn

Eidsvik kai

Høylandsbygd båthamn

Larsstø gjestehamn

Lykjelsøy friområde

Sæbøvik, Halsnøy samfunnshus

Andre gjestehamner i området

 

Treng du service på båten, eller tilleggsutstyr, eller ny båt for den del, får du det på Larsstø.

Larsstø Båt & Maskinservice

 

Og ikkje nok med det, Halsnøy har ein stor og omfattande tradisjon når det gjeld båtbygging. Heilt frå det sensasjonelle funnet av Halsnøy-båten og den første amerikabåten Skjoldmøen, og opp til i dag, har båtbygging vore ein av berebjelkane i lokalsamfunnet.

Halsnøybåten

Skjoldmøen

Eide-gruppen

Kloster Boat

Uteliv

På Sæbøvik er det ein restaurant, Perlo Cafe og Bar (i Halsnøy Senter). Her serverer dei mat, og dei har bar med alle rettar. Ofte er det òg dans, konsertar eller andre kulturelle tilskipingar.

 

Perlo Cafe og Bar

www.halsnoy.no — www.perlo.no — www.basarholmen.no