
|
www.halsnoy.no — www.perlo.no — www.basarholmen.no |
|
Halsnøy
Den mest kjende av alle halsnøysongane er Hilmar Kleveland sin, som kort og godt heiter Halsnøysongen. Det er nesten ikkje eit bryllaup eller ein fest på øya der ikkje den er med.
Nyleg har me frå Gerhard Eide fått ein annan halsnøysong, som er langt mindre kjend. Den heiter Til Halsnøy, og er ein svært vakker song. Gerhard har inga aning om kven som har laga songen, så dersom du kan hjelpa oss med det, er me svært takksame.
For nokre år sidan laga Arne Gjerde ein vals i allsong-sjangeren. Den heiter naturlegvis Halsnøyvalsen, lansert som allsong under Den store krabbe– og rekefesten i juli i 2004. Songen høver best med trekkspel-akkompagnement.
|
|
Høylandsbygd
Hans Mehus laga ein song som han kalla Til Høylandsbygd. Me fekk han frå Johnny Røen, som fann songen på eit syttande mai-hefte frå 1973. Det stod ikkje kva tone som skulle brukast, men han trudde kanskje at Mellom bakkar og berg kunne høva. Og den høver perfekt, har me funne ut.
Strondo
Strondo er det lokale namnet på grenda lengst sør på øya. Gardane Arnevik, Fatland, Kjeka og Sydnes utgjer Strondo. Leiv Gjerde skreiv i si tid Strondasongen, som framleis vert nytta i festleg lag. |
|
Kanskje den eldste av alle halsnøysongane var den som kom til svars etter at Toril Kristin Sjo tok initiativ i april 2007 til at Halsnøyveven skulle oppspora ein song som dei pla syngja då dei var små. Forfattar er lærar Holdhus på folkehøgskulen, og songen vart skriven så tidleg som 1927-28, eller kanskje endå tidlegare.
Etter at Toril tok opp tråden med å finna gamle halsnøysongar, kom Bjørg Brækhus på banen med ein song som Bjarne Bjelland, far til Tor, i si tid har skrive. Denne syng dei ofte på aldersheimen, fortel Bjørg. |
|
Halsnøy!
Ja, no hev eg vore paa Halsnøy, med Minne fraa gamall Tid, der vænt er aa liva, vænt aa døy, for Bygdi ho ligg der so frid, og Fjellradi mot deg med Dis i det blaa, der Fjordarne glitrar, so langt du kann sjaa . . ja, friskt og fagert er Hordaland med lauvklædde Lider langs Strand!
Ja, no hev eg vore paa segnrik Grunn, der Klosterklokkur i Kor med Songen seg blanda i Morgonstund og signa det heilage Ord; eg bøygde mitt Hovud ved Murarne graa - dei Vitni um Kjærleik og brennande Traa - og Krunorne svaga i haustleg Sus yv' Bogarne, signe i Grus
Du Skule som, tufta paa heilnorsk Grunn, oss helsar fraa Strandi idag, lat Songarne ljoma ved blenkjande Sund og alt ha sitt heimlege Lag; paa Nordmanna-dygder du verte eit Prov, du Blom etter Fræet aat Juell og Konow, syn Leidi til Fagnad for Mann og Møy, du Kjerte paa Halsnøy!
Dette diktet er skrive i 1920 av ein Porsgrunn-kar som heitte Hans Reynolds. Skulle du vita meir om denne karen, og korleis diktet oppstod, er me takksame for å få litt informasjon .
|