Halsnøyportalen

Gamalt nytt frå andre halvår 2008

Arkiv over nyhende som tidlegare har stått på framsida

 

29.09.2008

Halsnøyveven i dvale

Frå i dag av vert ikkje

Halsnøyveven oppdatert på regulær basis. Fylg likevel med på sidene frå tid til anna, for det ligg inne mykje nyttig informasjon. Bruk gjerne gjesteboka framleis.

 

Og kven veit, ein dag oppstår kanskje den gode gamle Halsnøyveven att?

 

29.09.2008

Støtt Fjelberg kraftlag og

Larsstø Båt- og Maskinservice!

Annonsørane over ville gjerne vera med og berga Halsnøyveven. Dei fortener ros for dette, og me vil be om at folk stør retteleg godt om dei.

 

Kjøp all straumen din frå Fjelberg kraftlag. Fyr gjerne litt ekstra for kråkene dersom du har panelomnar. Luft godt ut, det løner seg! Iallfall for kraftlaget.

 

Skal du kjøpa båt, går du til Larsstø. Kjøp helst litt større båt enn du hadde tenkt. Dobbelt så stor som det du har råd til! Og kjøp gjerne ein ekstra. Finfin presang å ha liggjande på lur til naboen vert 50 år!

 

Diverre var det ikkje nok med berre desse to for at Halsnøyveven som dynamisk nettside skulle få ha ei framtid. Men som takk for støtta får dei ha annonsane liggjande i lange tider framover.

 

Det skal nemleg løna seg å vera snill og god!

 

20.09.2008

Går mot slutten

Me har no fått prøvt oss eit par veker med å oppdatera Halsnøyveven berre i helgene. På ein måte prøvt å venja oss av, om lag som ein alkoholikar som finn ut at han skal byrja å leva eit nytt og betre liv.

 

Abstinensen gav seg etter eit par dagar, og me har kome fram til at neste helg vert siste oppdateringa lagt ut. Deretter er det slutt.

 

Avgjerda har ikkje vore vanskeleg i det heile. Med altfor mange arbeidsoppgåver, og altfor lite høve til å leva det gode livet ved sida av, er det berre eitt fornuftig val som kan gjerast. Og etterpå skal me prøva å kvitta oss med andre oppgåver òg, på same måten.

 

Det gode livet, ja. Denne hausten skal me visstnok vera med og feira ein 30-årsdag, ein 40-årsdag, ein 60-årsdag, og ikkje mindre enn seks 50-årsdagar!

 

No skal me ha ein rask mosjonstur på skogen, og deretter i dusjen, før me set kursen for ein av desse 50-årsdagane. Ser deg kanskje der då, seinare i kveld?

 

14.09.2008

Strikkekaféen startar opp att

Melding frå dei strikkeglade (les: strikkegalne), ved Anne Kristin Arnevik:

 

"Heisan!

 

Då var sommaren over for denne gong, og hausten  stundar til. Og med den så kjem strikkepinnane fram for oss  strikkeglade.

 

Me andre ord så blir det no oppstart av strikkekafe  igjen. Me har vert så heldige at me får bruka kantina på  Halsnøytunet no etter at "Perlo" blei lagt ned.

 

Første strikkekafe startar allerede mandag 15. september kl.19.

 

Alle er hjertelig velkommen!

 

Har du ikkje vert før? Ta turen då vel, me har det  rettelig så trivelig!"

 

04.09.2008

Siste krampetrekning

Herverande redaktør kjem i dag med denne ikkje altfor oppmuntrande helsinga:

 

"I dag, 180 dagar etter opninga av Halsnøytunnelen, tek me eit fyrste steg mot nedlegging av Halsnøyveven.

 

I dag, 8 år etter oppstarten, vert nettavisa tysnesingen.no lagt ned. Du kan lesa Sunnhordland sin omtale av det her, og du kan sjå tysnesingen.no si eiga side her.

 

Som du ser så har tysnesingen.no ei annonsemengde som Halsnøyveven ikkje ein gong har våga drøyma om, trass i at eg kanskje har ord på meg for å vera ein stordrøymar. Likevel legg dei ned, fordi arbeidsmengda ikkje på nokon måte står i høve til dei små inntektene.

 

Når eg for ei tid sidan gjekk ut og bad om annonsar, for iallfall å få ein delvis kompensasjon for arbeid og kostnader, fekk eg støtte frå mange hald. Men felles for alle, unnateke dei to som du ser annonserer pr i dag, så fylgde det lite pengar med støtta.

 

Og når eg samstundes bad om at fleire halsnøybuar sende inn stoff til sida, så har det siste månaden vore nett like skralt som tidlegare. Men tusen takk til dei få som sender inn bilete og andre tips, dei har gjort sin del av jobben!

 

Skal det vera aktuelt å halda fram som i dag, må dei to ledige annonseplassane oppe til høgre òg fyllast opp. Det er eit absolutt minimum. Og me må få inn meir stoff og tips frå lesarane!

 

Trass alt så har eg svært mange andre oppgåver som i dag er mykje viktigare enn Halsnøyveven. Tru det eller ei!

 

Mellom anna har eg ansvaret for nettsida til Norsk Dystoniforening. Det er ein pasientorganisasjon for ei liding som det finst svært lite kunnskap om mellom folk. Ikkje berre hjå den vanlege mann og kvinne, men òg innan helsevesenet er det enorme kunnskapshol. Eg finn det difor mykje viktigare og meir meiningsfylt å delta i dette arbeidet enn å oppretthalda ei heimeside for halsnøybuen, som trass alt har tilgang på ei mengd lokalaviser frå før.

 

Eg har òg sjølvsagt eit stort ansvar for å føra AG Tre-konseptet vidare. Kvinnherad-magasinet har eg dessutan teke på meg eit ansvar for å skriva i, frå tid til anna. For innsida.no har eg i dag berre plikt med omsyn til petitartikkelen på sistesida i papirutgåva, men den krev sjølvsagt sitt. I dag har eg lagt ut ein ny av desse epistlane her på Halsnøyveven.

 

Men fyrst og fremst bruker eg heile dagane, seks til sju dagar i veka, til å vedlikehalda og vidareutvikla dataprogramma mine, som mange kundar rundt i landet er avhengige av. Kvar einaste dag.

 

Mellom anna er det rundt 25.000 personar som får  løn gjennom mitt lønsprogram. Alle veit kva rabalder det vert om det er kluss med lønsutbetalingane, så difor må eg syta for at det aldri skjer.

 

 Det er denne jobben eg faktisk lever av, og her er det mange oppgåver å løysa i næraste framtid.

 

Vert så Halsnøyveven lagt ned i dag?

 

Vel, eg kan vel utsetja det ein månad til. Er ikkje dei to siste annonsane på plass då, så er det kroken på døra.

 

I mellomtida vert det berre krampetrekningar. I meir forståeleg språk tyder det at veven vert oppdatert berre kvar helg.

 

Eg vonar på forståing og/eller handling!"

 

02.09.2008

Basarnytt

Røde kors-basaren på sundag vart ein suksess, seier Ada, og dei fekk inn mykje pengar. Vil du vita kven som vann, klikkar du her.

 

02.09.2008

Ei ny storhelg

Det vert ein aktiv haust på Perlo. Trass i at Perlo er lagt ned og begraven. Iallfall for ei tid. Utestader har ein tendens til å stå opp att når saknet vert stort nok.

 

Men det finst framleis så mange perler her at hausten og vinteren treng ikkje verta mørketid likevel. Iallfall dersom me bruker ordet i meir overført tyding.

 

At konfirmantane i Fjelberg vart presenterte på sundag som var, skulle etter gode gamle reglar tyda at nokre fleire frå og med denne veka har lov til å gå på vaksendans. Reglane er vel ikkje heilt slik lenger, men eit steg vidare mot vaksen alder er det likevel.

 

Vaksendans, ja. Fredag brakar det laus på samfunnshuskaien, med dei vidgjetne Vassendgutane som gjester. Det store teltet er allereie kome på plass, og Grenda kan i dag melda om stor pågang etter billettar. Dei oppmodar deg om å vera snar dersom du ikkje heller vil sitja heime ved portstolpen. Med skjegget solid planta nedi postkassa.

 

Og på laurdag er det ei ny kulturhistorisk storhending på gang. Den aldri kvilande Johannes'en dreg i gong markering av jakta "Oline" i Høylandsbygd, saman med andre driftige sjeler i interesseforeininga.

 

Kanskje er halsnøybuen noko metta med slike skipsbyggingshistoriske arrangement no for ei stund, sidan det var Halsnøybåten i fjor og Skjoldmøen før det. Men me vonar likevel inderleg at alle stør opp om arrangementet og syner eldsjelene at me set pris på at dei byggjer opp kring identiteten vår på denne måten.

 

Mange bygder langs kysten har eit monument som har med sjøen å gjera, men ingen har vel eit så komplett monument som Halsnøy, med desse tre båtane i sentrum.

 

Les plakaten og pressemeldinga for arrangementet her.

 

30.08.2008

Halsnøy i sentrum

Av og til gjev me kanskje i denne spalta uttrykk for at det skjer lite på, ved, og om Halsnøy. Andre gonger, som denne siste laurdagsmorgonen i august, må me medgje at det er mykje spanande å lesa, skriva, og snakka om likevel. Så det går vel noko i rykk og napp.

 

I natt har det til dømes vore eit båtdrama på sjøen utafor Ranavik, les me i BT. Det enda heldigvis godt.

 

Noko anna som kanskje ikkje kjem til å enda like godt, er at Grenda i dag skriv at det har vore observert rev i ei ur i Ådnaviksneset.

 

For kort tid sidan skreiv dei om at det var mykje sniking i tunnelen, og at bompengeselskapet ikkje ville seia så mykje om kva som eigentleg føregår.

 

No får me ein vag mistanke om at det er rev som fer att og fram gjennom tunnelen om natta. Han dagpendlar vel han, som mange andre. Bur i ei ur i Ådnaviksneset om natta, og hentar levebrødet sitt på andre sida om dagen. Nett som Annvor. Utan samanlikning på andre måtar.

 

I dag vert det ein fin og roleg solskinsdag på Perlo. Neste laurdag er det nok meir ståhei, for då står Høylandsbygd og jakta "Oline" i fokus. Me vonar at halsnøybuen sluttar opp om Johannes'en sitt utrettelege arbeid for å dokumentera og synleggjera den store skipsbyggjartradisjonen me har på øya. Du kan lesa meir om arrangementet her.

 

Elles har me i dag opna opp ei ny spalte i Halsnøyveven; sogene av og om Argus. Link til desse finn du øvst i denne spalta, eller du kan klikka her.

 

Argus er ein kar som bur saman med kona Annemor på garden Feiteland. Stundom er han arg, som namnet seier, og stundom filosoferande. Han fortel ofte om sjølvopplevde ting, men innimellom lyg han så det renn av han.

 

Sogene om Argus er skrivne for innsida.no si papirutgåve, der du finn dei på baksida. Nokre veker etter at dei har stått der, kjem dei på Halsnøyveven.

 

Papirutgåva til innsida.no er ei gratisavis som går ut til alle husstandar i distriktet. Skulle du av ein eller annan grunn ikkje få dei, kan du gå inn på nettavisa deira og lasta ned pdf-versjonen av papirutgåva.

 

God helg!

 

Og ikkje gløym å gå på basar i samfunnshuset klokka fire i morgon sundag! Damene i Barnehjelpen loddar ut fine heimelaga vinstar, og dei sel heimelaga bakst i pausen. Nam-nam!

 

Gløym heller ikkje at i dag laurdag kan du mellom klokka 11 og 13 levera klede til Romania på Husnes. Ta med deg ein hundrelapp for kvar sekk du leverer, slik at dei får råd til å betala frakta ned.

 

29.08.2008

Dansekurs for dei spreke

Torsdag i neste veke skal folkehøgskulen starta eit dansekurs med danselærar Silje Dyrseth. Kurset går over 5 torsdagskveldar.

 

"Eit dansekurs fylt av energi, med inspirasjon frå jazzdans, hip hop og street dance", står det på plakaten deira, som du forresten kan få lov å lesa sjølv, her.

 

Ut frå ovanståande sitat kan ein forstå at kurset høver godt for dei energiske. Dei som er unge både i sinn og rørsler, med andre ord.

 

Me har lenge vore samde med ei god veninne av oss om at me saman burde ta oss saman og gå på eit swing-kurs. Det høver betre for dei som er meir dorske, men som likevel gjerne tek seg ein svingom i ny og ne. Det er synd og skam at folk som er over den aller fyrste ungdomen ikkje har lært seg å dansa skikkeleg swing.

 

Og no som Vassendgutane kjem til oss om berre sju dagar, hadde desse swing-kunnskapane vore gode å ha. Kanskje kunne nokon ta på seg å arrangera eit lynkurs i swing òg, ein kveld i veka som kjem?

 

24.08.2008

Tid for turar

Frå ein relativt kjend kar her på Perlo har me fått denne interessante meldinga:

 

"Halsnøybuen er eit reisande folkeslag, vert det sagt. I særleg grad må dette gjelda for dei aktive medlemmene i Røen og Sjøvangen Velforening, som har vore på busstur kvar einaste Kr. Himmelfartsdag i 11 år på rad!

 

Det er ikkje mange stader i Hordaland og Rogaland som ein ikkje har sett seg om i gjennom desse åra. Eit fast innslag på desse dagsturane er å eta ein god middag med dessert og kaffi, som vert servert, helst på ein tradisjonsrik og særprega gjestgjevargard langs ruta.  

 

Om mogeleg freistar ein og å ha med ein lokal guide på deler av turen, slik at ein kan få førstehands kunnskap og historiar frå staden ein vitjar både frå nyare og eldre tider.  

 

Dei to siste åra har imidlertid Kr. Himmelfartsdag falle saman med andre store høgtidsdagar, slik at ein har måtta leggja bussturen til eit anna tidspunkt.  

 

I år er vil turen gå av stabelen søndag 7. september, til Nordhordland, nærare bestemt Eksingedalen og Modalen. Turen er open for alle interesserte og det er enno nokre ledige plassar i bussen.  

 

Så har du lust på ein hausttur til eit område som vi sunnhordlendingar ikkje har så mykje kontakt med, kan du lesa meir her."

 

Me har sjølv vore med på desse turane tidlegare, og kan berre underskriva på at det er ein fabelaktig måte å få oppleva meir av Vestlandet på.

 

Hiv deg rundt og meld deg på!

 

22.08.2008

Jubileum

Det er ikkje berre folk som jubilerer her på øya for tida, det gjeld bedrifter med.

 

I dag feirer Adonis AS (tidlegare Adonis Data AS) 20-årsjubileum. Ikkje med brask og bram, men ei markering av dagen skal me ha. Sidan herverande redaktør var den som i si tid starta firmaet, er det ikkje unaturleg å nemna det i denne spalta.

 

Gratulasjonar tek me gjerne i mot. Kanskje burde me sett inn eit bankkontonr her, slik at du kunne gje ditt bidrag til feiringa?

 

Eigentleg var det i 1979 at det fyrste Adonis-firmaet vart starta. Det firmaet eksisterer den dag i dag. Det heitte lenge Adonis Konsult, og det stod for all programutvikling, fram til Adonis AS overtok dette ansvaret i 1996. Så kanskje det er duka for 30-årsfeiring alt til neste år?

 

Eit par andre Adonis-firma vart òg starta tidleg på åttitalet, med sine spesialoppgåver, men desse er borte for lenge sidan. Det eine hadde som oppgåve å selja datautstyr.

 

Dagens Adonis AS driv berre med utvikling og drifting av programvare for internasjonal shipping. Kundane er spreidde over heile verda, men hovudkontoret ligg framleis i vesle Sjøvangen på Perlo. Utviklingsavdelinga ligg i Ukraina, med rundt 10 tilsette. Les meir på firmaet si heimeside.

 

Som framleis aksjonær og styremedlem, men utan arbeidsoppgåver elles i firmaet i dag, ynskjer redaktøren dei tilsette til lukke med dagen! Måtte framtida verta like ljos som prognosane i dag tilseier!

 

Og til dykk andre: Er det andre halsnøyfirma som jubilerer, så er det lurt å tipsa Halsnøyveven om det!

 

På tampen: Hjarteleg til lukke med 50-årsdagen i dag, Ingemar!

 

21.08.2008

Det går mot ein lystig haust

Det er ikkje berre veret me tenkjer på, som framleis er så bra at det kan verta triveleg frametter.

 

Nei, me tenkjer mellom anna på at i kveld torsdag startar Strupebandet opp øvingane att etter ferien. Og det er jo ein lystig gjeng, som sikkert veit å setja sitt preg på hausten. På ein eller annan måte.

 

Klokka 1915 startar øvinga, og då er det fritt fram for deg òg å stilla opp i  samfunnshuset. For me treng songarar av stort format, både når det gjeld tal, vekt og volum. Ikkje minst røystevolum.

 

Serleg treng me menn, men damene er òg populære!

 

Og så tenkjer me på at på laurdag vert Høylandssundfestivalen arrangert for 35. gong. Det er vel ein slags verdsrekord vil me tru. Iallfall for fiskefestivalar i Sunnhordland.

 

Nytt av året er at du ikkje treng ha båt for å vera med. Det vert høve til å fiska frå land òg. Fiskekonkurranse for landkrabbar, med andre ord.

 

Men dette var berre starten på hausten. Ser du på Halsnøykalenderen finn du fort ut at det er mange som skal feira stor dag. Sjølv skal me visst vera med i sju ulike åremålsdagar, dei fleste av desse rundar eit halvt hundre.

 

Det kan verta hardt press både på fantasien, helsa og lommeboka. Men lystig, det vert det nok!

 

Elles stundar det mot hjortejakt, og i det høvet inviterer Høylandsbygd Skyttarlag til Jegerskyting no og då (les meir). Eit litt makabert namn, spør du oss. Rett nok ryk det med ein og annan jeger under jakta rundt omkring, men at ein stiller dei opp på skytebanen på førehand, det har me aldri høyrt om.

 

Me får tru at det berre er litt namneforvirring ute og går, og at det er jegrane som skal stå bakom børsa, og ikkje framom.

 

I så fall vert hausten lystig likevel!

 

17.08.2008

Halsnøy på kartet att II

I Grenda i går las me at GPS ikkje er brukande når du skal til Halsnøy. Tunnelen eksisterer ikkje i GPS-systemet, difor hamnar du framleis på Sunde ferjekai når du skal til Halsnøy.

 

Kanskje ikkje så dumt likevel då, å ha desse oppstillingsfilene ei stund til? Der kan ein stå parkert trygt og godt medan ein ringjer i aust og vest for å finna ut kvar i vide verda ein er, og kvar i vide verda ein skal køyra vidare. I vide verda. For å koma til Perlo.

 

Det burde vel stå eit skilt der som fortalde kvar ein skal ringja. Men det ville nok vera altfor opplysande. Meiner truleg vegkontoret.

 

Grenda fortel òg at rette vedkomande i vegvesenet ikkje var å få tak i. Han står truleg i ferjekø ein stad. Kan henda på Sunde.

 

By the way: Kanskje "Perlo" kunne vera eit passande namn å setja på skilta, no som vegvesenet skal sjå på dei med nye augo likevel?

 

15.08.2008

Halsnøy på kartet att

Det har vore mykje forvirring omkring skiltinga til Halsnøy dei seinaste åra.

 

Fyrst var det då ferja vart flytta frå Leirvik til Skjersholmane. Skilta som då vart sette opp hist og pist, var garantert plasserte for å villeia folk, slik at dei aldri skulle finna fram til Halsnøy. Nokre stadar stod det Sunde, andre stadar Ranavik, atter andre stadar Skjersholmane, og kanskje på einskilde skilt berre vegnummeret.

 

Dersom me hugsar heilt rett. Det gjer me kanskje ikkje, truleg var det endå verre.

 

I dag har folk flest funne ut av kvar dette ferjestøet ligg. Dels fordi dei har spurt seg fram, og dels fordi skiltinga har vorte litt betre. Langt frå god, men litt betre.

 

Så var det etter at Halsnøytunnelen kom, at same talentløysa gjorde seg gjeldande i Kvinnherad òg. Skiltet på Reset fortel rett nok at du skal køyra nedover mot Opsanger for å koma til Ranavik. Men når du kjem ned på flata og må svinga til høgre, står det ingen ting om det, slik at folk køyrer i hopetal rett fram, ned til den gamle ferjekaien.

 

Og der er skiltinga komplett idiotisk, for der har ein ikkje lov å køyra til høgre, slik ein vanlegvis har på ein ferjekai. Ein må køyra inn i oppstillingsfeltet, anten ein skal med ferja eller ikkje. Og det skal ein vanlegvis ikkje, serleg ikkje no etter at ferja er slutta å gå frå denne kaien.

 

Rett nok er det i fil 5 høgt oppe i lufta sett opp eit "stopp forbode"-skilt, men det står alltid ein bil eller to parkert i denne fila likevel, og stengjer vegen. Truleg fordi dei trudde at skiltet var mynta på fly og fuglar.

 

Og kven i vidaste (evt høgaste) verda er det som ser opp i lufta etter "stopp forbode"-skilt, som er tenkte å fortelja deg at her har du lov å køyra. Før du kan sjå skiltet, må du dessutan allereie ha køyrt inn på oppstillingsplassen.

 

Skulle du likevel klara å koma deg inn på rett kurs på Opsanger, møter du snart neste kryss, der det heller ikkje står noko om Ranavik. Då hamnar du gjerne nede i gamle Sunde sentrum, eller i Våge, eller på Kaldestad.

 

Ordet Halsnøy er ikkje nemnt nokon stad, på noko skilt. Likevel, hadde Ranavik vore skilta konsekvent, så kunne me ha fortalt framandfolk at dei skulle fylgja skiltinga til Ranavik.

 

Men i dag står det i Kvinnheringen at det er von om betring. For no skal vegvesenet iallfall sjå på saka. Det dei eigentleg burde sjå på var kven av dei tilsette i vegkontoret si skiltavdeling som burde skiltast. Av!

 

Og så burde dei tilsetja nye, etter å ha føreteke både intelligens- og synstest, pluss gjeve dei nokre få svært enkle spørsmål om geografi.

 

Og denne gongen bør ikkje kravet berre vera at dei har to-sifra IQ!

 

14.08.2008

Teljar med lange teljarsteg

Me nemnde for litt sidan at teljaren vår (som står rett under Halsnøykalenderen) ikkje var heilt i humør om dagen. Han sakka etter, og det verka som om han berre talde kvar gong han glytta litt på augneloka.

 

No har han brått vakna att, og det verkar som om han prøver å ta att det han forsømde i fellesferien. For no er det ikkje måte på kor mykje han tel. Det ser ut til at han tel både armar, bein og fingrar på dei som klikkar seg inn på Halsnøyveven.

 

Dei siste dagane har det i fylgje teljaren vore 7000 personar inne på Halsnøyveven! Kvar dag!

 

Kanskje er det framleis noko gale med han. Eller kanskje er det no han faktisk tel rett. Kan det tenkjast at så mange som 7000 er innom kvar dag?

 

Eller er det du Liv som står for brorparten av desse oppslaga? I så fall er det ikkje rart at du kallar deg for halsnøyvevkjerringa!

 

12.08.2008

Lagnadsveke for Halsnøyveven

Me har visst snakka om lagnadstime tidlegare, no strekkjer me det ut ei heil veke. For det er noko på gang med annonsar på veven vår.

 

Kanskje kan me halda fram likevel, men kravet er framleis at så godt som alle dei ledige annonsane på denne sida vert tekne i bruk permanent.

 

Og tusen takk til deg, Unni, for støtta du gjev i gjesteboka vår i dag. Det er viktig med støtte på alle måtar.

 

Men viktigaste støtta de alle kan gje, som gode halsnøyborgarar, er å senda inn stoff av og til. For der er de kort og godt for dårlege!

 

Det vert litt for mykje filosofering frå redaktøren si side, omkring heilt daglegdagse tema. Det ser ut for at folk likar slik "raling", som dei sa før i tida. Men det kan vera litt vanskeleg å fornya seg, difor hadde det gjort seg med nokre fleire innspel.

 

Du treng ikkje skriva ein tekst sjølv, berre kom med tips om eit tema, det skal ikkje så mykje til. Send heller eit dumt tips for mykje, enn eit klokt tips for lite.

 

Men de er flinke med å senda inn bilete til Halsnøyveven. Me har liggjande bilete frå i fjor framleis, som me har på lur til dei sju magre åra. Og sjølvsagt kan me plukka meir frå eige arkiv, eller frå Lars Magne sitt, men meininga var at dette fyrst og fremst skulle vera lesarane si spalte.

 

Dessutan er mange av dykk flinke med å senda inn tips til Halsnøykalenderen. Som de ser skal det verta ein festleg haust i år, med mange halvgamlingar som fyller år. Eller som gifter seg, det er ikkje berre dei unge som gjer det lenger.

 

Likevel undrar me oss litt over at ikkje fleire lag og organisasjonar bruker Halsnøykalenderen. Det er gratis, og praksis syner at det truleg er den mest effektive av alle kanalar for slike kunngjeringar.

 

Konklusjonen vår pr i dag er at det framleis er von i det same snøret!

 

08.08.2008

Ledige plassar i kulturskulen

Rektor Rolf Lothe seier fylgjande:

 

"Kulturskulen startar opp att måndag 18. august og det er nokre ledige plassar fleire stader i kommunen, også på Halsnøy med undervisning på Tofte skule.  Det gjeld danseleik (5-6 år), dans 7-8, jazz/moderne dans (frå 9), fiolin og piano (frå 9).

 

Kanskje Halsnøyveven kan slå eit slag for å fylla opp desse?"

 

Og det gjer me så gjerne. Du kan gå inn her og lesa meir.

 

07.08.2008

Tomrom

Det skjer lite på øya for tida. Kanskje ein slags blåmåndag etter den store festivalhelga, då alt skjedde på ein gong?

 

Eller blåmånad, er vel eit rettare ord, for tilstanden har vart lenge no. Ingen store åremålsdagar har det vore heller dei siste vekene. Ikkje ein einaste ein i Halsnøykalenderen. Trøysta får vera at det er utsikter til å verta mange fleire utetter hausten.

 

Og så er det ingen restaurantar att. Kva skal me finna på når kveldane vert mørkare? Det ligg eit stort ansvar på samfunnshuset no, og sjølvsagt ein stor sjanse til å eksponera seg.

 

Me vil tru at dei tek dette ansvaret på seg, og har merka oss at fredag 5. september skal Vassendgutane koma. Det er ein god start.

 

Men ikkje legg alle dei mest spanande arrangementa i tidsrommet 5. til 19. november, slik som de gjorde i fjor. For då har me vår årlege heilage ferie i Las Palmas.

 

Det er forresten mange halsnøybuar som har oppdaga denne perla av ein kanariby etter kvart. Treffest me kanskje der i år? I så fall er Hotel Reina Isabel besten staden.

 

06.08.2008

I gamle dagar

Alt var mykje betre før i tida! Du har sikkert høyrt dette mange gonger, serleg frå eldre folk som ikkje forstår seg på oss ungdomar, og på alle dei nymotens greiene som ein i dag må ta inn over seg.

 

Sanninga er vel at det meste går rette vegen, men at nokre få ting likevel går feil veg. Ikkje berre er det slik her på Perlo, men meir og mindre i heile verda.

 

Den lokale nettsida innsida.no har vorte svært populær mellom halsnøybuane. No har Haugesunds Avis overteke eigarskapen til denne nettavisa, og dermed også det tekniske og redaksjonelle ansvaret.

 

For få dagar sidan tok dei i bruk same tekniske løysinga som HA si eiga nettavis bruker. Den er i grunnen god, isolert sett, og dersom du ser litt på HA si nettside, finn du fort ut at dette er ei av dei betre som finst.

 

Såleis skulle ein tru at innsida.no òg vart betre når ho kom over på denne plattforma. Og dei la for nokre dagar sidan ut eit spørsmål til lesarane om korvidt dette er tilfelle eller ikkje.

 

For eigen del så måtte me diverre, til liks med fleirtalet av lesarane, svara nei på spørsmålet. Av fleire grunnar.

 

Ein grunn er at det no har vorte meir Sunnhordlands-profil på avisa. I utgangspunktet så meiner me at det er berre positivt. Det negative går ut på at det no er mykje vanskelegare å finna det hyperlokale stoffet.

 

Kanskje er dette berre ei vanesak, men me trur det ikkje. Den tabloide måten artiklane vert presenterte på no, gjer at du må opna kvar einaste artikkel for å sjå kva han faktisk går ut på. Og slikt tek tid. Altfor lang tid for oss travle.

 

Dette med kva plattform innsida.no har, er eigentleg ikkje ei Halsnøy-sak, og difor høyrer ho ikkje heime i denne spalta. Når me likevel tek saka opp i dag, er det fordi ei av dei andre negative sidene ved byte av plattform er at alle linkane på Halsnøyveven til artiklar på innsida.no er borte! Sporlaust!

 

Og det er ikkje få linkar me har lagt inn opp gjennom dei to siste åra. Klikkar du på dei i dag, får du som svar at sida ikkje eksisterer!

 

Mykje godt arkivstoff er borte for godt, altså. Vel og merkja, dersom ikkje HA syt for å leggja inn dei gamle filene i eit nytt arkiv, med same URL som dei gamle linkane hadde.

 

Kjære, snille, søte, gode Haugesunds Avis!

 

05.08.2008

Klosteret sluttar av sesongen

Det byrjar å skje noko på klosteret att. Det har det sjølvsagt gjort heile sumaren, me veit ikkje kor mange som har vore innom, men det er sikkert mange.

 

Det me tenkjer på i denne samanhengen er konsertar. Der har det vore nokolunde stilt i tida etter Klosterdagane, som nok må sjåast på som ein suksess denne gongen.

 

No stundar det mot haust, og då er det tid for nye konsertar, som avslutning på ein vellukka sesong. Den fyrste kjem allereie fyrstkomande sundag, den 10. august.

 

Då er det Ingrid Macody Lund Fraser,

opphaveleg frå Stord, som skal la oss få høyra sin vakre sopran. Som akkompagnatør har ho pianisten Irene Simonsen. Ho skulle òg vera kjend for mange her på Halsnøy.

 

Onsdag 13. august kjem så Andrea Rice og opptrer saman med sitt vesle ensemble. Ho har vore her fleire gonger før, og er svært populær på øya.

 

Les meir om utøvarane og programmet i klosteret si pressemelding.

 

30.07.2008

Førolympiske tider

Me skal slutta å klaga oss over varmen, trass i at det var 33 grader på Fatland i går, og me får nesten ikkje gjort det slag etter klokka eitt om dagen.

 

Då heng tunga langt ned på brystet, og me ser oss om etter næraste bar. Som ikkje finst på heile øya lenger, sjølv om me for kort tid sidan hadde heile to stykke av den sorten. Me må visst byggja vår eigen før neste sesong.

 

Nei, me skal ikkje klaga, for i går spurde me den bortkomne sonen, som for tida er i Beijing for å laga mat til halsnøybuar på videvanke, om varmen var like plagsam der nede. Han svara at det var 42 grader, og ikkje lett å jobba der heller. Men folk måtte ha mat, så det var berre å stå på til langt på natt.

 

Me vart i grunnen litt svar skuldig, og det var vanskeleg å snakka om mangel på arbeidslyst her heime som det er rundt ti grader kaldare. Sjølv om "kaldare" er eit ord det fell oss vanskeleg å nytta i desse tider.

 

Kanskje skal me berre stå endå tidlegare opp om morgonen, og starta arbeidet på ei tid når det er råd å få gjort noko. Fylgja kinesisk tid her heime òg kanskje?

 

Apropos OL og Kina. Ådnavikjo har altså sin representant under leikane. Er det andre halsnøybygder som er representert der, på ein eller annan måte? Kanskje berre med ein turist? Eller har du mistanke om at ein eller annan utøvar har slekt på Halsnøy?

 

Uansett så er dette stoff for Halsnøyveven. Men hugs at stoff og bilete må alltid vera Halsnøy-relaterte. Anten må biletet syna noko som har med Halsnøy å gjera, eller så må teksten vera skriven av ein halsnøybu, eller om Halsnøy.

 

Det burde vera ei enkel sak å få til i Beijing, vel?

 

29.07.2008

Olsokafta

På olsokafta pla me tidlegare brenna bål, nett som på jonsokafta.  Me vil vona at ingen finn på det i dag, med over 30 graders varme, og knusktørr mark overalt.

 

Noko lurare vil det vera å heller feira dagen med å ta turen til Fjelberg-kyrkja i kveld kl 1830. Der skal den tradisjonelle olsok-gudstenesta gå føre seg.

 

Olsokafta har òg vore ein populær dag å gifta seg på, serleg dei åra når dagen fell på ein laurdag. Slik var det for 8 år sidan, då dotter Vibeke og Ørjan sa ja til kvarandre i Fjelberg kyrkje.

 

Me hugsar korleis det dårlege veret brått forsvann denne laurdags-morgonen, og det skein opp og vart eit nydeleg ver, nett som i dag. Rett nok var det ikkje meir enn 27 grader i lufta den gongen, men det var meir enn varmt nok for alle.

 

Me nyttar høvet til å ynskja Vibeke og Ørjan til lukke med brudlaupsdagen!

 

Same ynskjet går òg til Anne-Sofie og Kjell, som gifte seg nokre år tidlegare! Og sjølvsagt til alle andre halsnøybuar som har brudlaupsdag i dag!

 

27.07.2008

Puh II

Me klaga oss fælt i går, og det var jamvel ein time før termometeret stoppa på 32 grader.

 

Me vil starta sundagsmorgonen i dag òg med å klaga, på forskot. For dagen i dag ser ut til å verta nett same sorten. Rett nok var minimum i natt 14 grader, medan det i går var tropenatt. Men himmelen ser så blå ut at det halve kunne vera nok.

 

Nei, me prøver ikkje å egla på oss alle solelskarane på øya. Me prøver berre å få solelskarane til å synast litt synd på oss som ikkje er det minste glade for klimaendringane.

 

Men me skal ikkje berre klaga heller. Ein positiv ting er at kundane våre òg held seg i ro no om dagane. Det er sjølvsagt kundane me lever av, og dei skal me hjelpa så langt me kan. Men så lenge me går rundt halvt i svime, er me ikkje til så mykje hjelp for nokon.

 

Ein annan positiv ting er at folk les tydelegvis Halsnøyveven som aldri før, trass i varmen. Og trass i at det har vore dårleg med oppdateringar i det siste.

 

Rett nok datt teljaren vår ned på to-sifra tal for eit par veker sidan, heilt nede på 20 var han ein dag. Men sidan me sjølv snakka med ei tylft personar som hadde vore innom veven den dagen, måtte me konkludera litt annleis.

 

Det ser ut som at teljaren ikkje fungerer slik han skal. Difor anar me ikkje kor mange som faktisk les Halsnøyveven. Og det er kanskje like godt, så lenge me veit at det er mange. Så me rettar like godt blikket framover.

 

Mot kjølegare ver ut i veka!

 

26.07.2008

Puh!

Nett no syner gradestokken 31 grader i skuggen utafor kontoret vårt. Sjølv om topptemperaturen vanlegvis ikkje kjem før om eit par timar. Så korleis skal dette enda?

 

Rett nok sa meteorologane frå i februar om at det neste halvåret kom til å verta ekstremt varmt. Og rett nok er menneskekroppen skapt slik at me toler meir varme med åra. Men dette vert likevel noko i meste laget for oss stakkarar som eigentleg liker det best rundt ti grader kaldare.

 

Det er kort og godt ein katastrofe!

 

Mest fordi me må gjera ferdig sjølvmeldinga denne helga, og me orkar knapt leita etter ein einaste frådragspost! Inntektene derimot, kjem av seg sjølv, for dei vert rapporterte inn frå aust og vest av folk som ikkje tykkjer det minste synd i oss.

 

Det at me er åleine heime i helga, skulle i det minste gje den aller beste arbeidsro. Men det spørst om det ikkje i staden gjev oss eit godt påskot for å skulka, og for å finna på noko heilt anna. Har du eit "heitt" tips?

 

Ha ei frykteleg varm helg!

 

23.07.2008

Von i hangande snøre

Det er framleis feriemodus i Halsnøyveven. Me skal ikkje ha ferie før i november, men nyttar høvet no til å gjera unna andre viktige oppgåver som har samla seg opp. I mengdevis.

 

Nokre ytterst få samfunnsstøtter freistar no skaffa annonsørar, slik at Halsnøyveven kan halda fram. Det er vel alltid slik at når noko viktig må gjerast, er det dei som har mest på seg frå før som må gjera tyngste jobben.

 

Greier i tillegg du å skaffa ein annonsør, kan me kanskje klara å koma i mål.

 

19.07.2008

Lagnadstime for Halsnøyveven

Les redaktøren sitt inntrengjande hjartesukk her.

 

19.07.2008

Vil du at Halsnøyveven skal leggjast ned?

 

Som redaktør av Halsnøyveven må eg få lov å stilla dette spørsmålet.

 

Ikkje fordi at eg lurer på kva svaret vert, for dagleg møter eg folk som seier at dette er den viktigaste av alle viktige nettsider. Det er denne dei slår opp på fyrst, og dersom dei har tid, så går dei deretter inn på andre.

 

Utflytta halsnøybuar fortel at dette er den einaste sida dei treng for å få nytt heimafrå.

 

Feriefolk i hopetal her på paradisøya har siste veka fortalt meg kor viktig denne sida er for dei. Og fastbuande halsnøybuar seier det på om lag same måten.

 

Ut frå det eg har skrive ovafor, skulle det difor ikkje vera trong for å stilla spørsmålet i det heile.

 

Men for eit par månader sidan fortalde eg dykk at eg har fleire oppgåver enn eg maktar for tida. Nokre av oppgåvene har vorte i største laget for ein som passerte 50 for mangfoldige månader sidan. Og som difor ikkje jobbar like fort og effektivt som før.

 

Eg bad om at ein ny redaktør måtte overta. Ingen har så langt meldt seg. Eit par spede freistnader på å leggja aldri så lite press på nokon, har berre resultert i svar om at "denne sida er så typisk deg, at ingen andre kan klara å gjera jobben".

 

Det siste må eg vel ta som ein stor kompliment, sjølv om det samstundes er eit dårleg kamuflert pålegg om at eg har berre med å driva meg sjølv like hardt som før.

 

Nokre personar som kjenner meg altfor godt, stolar faktisk på at eg ikkje har samvit til å leggja ned denne sida.

 

Det har eg!

 

Ikkje godt samvit kanskje, men samvit nok til å tenkja meir på helse, familie, kundar, og andre som lir under at eg ikkje får gjort alle oppgåvene mine.

 

Det finst kanskje likevel ein utveg, utan at eg vil garantera noko. Dersom eg byrjar å selja annonseplass på Halsnøyveven, og inntektene av dette vert store nok, kan eg sjå på dette arbeidet som ein del av jobben min.

 

Då skal eg vurdera å halda fram. Ja, eg kan til og med laga nokre reportasjar i ny og ne, slik at sida vert betre enn før. Men eg må likevel vurdera det opp mot dei andre oppgåvene eg har, før eg tek endeleg standpunkt.

 

Og dette standpunktet må eg ta tidleg i august!

 

På framsida ser du at eg har sett opp 9 annonse-banner. Dei er alle plasserte på ein slik måte at dei er godt synlege, samstundes som dei ikkje øydelegg for lesarane. Nettaviser lir nemleg ofte av dette, at annonsene kamuflerer informasjonen elles.

 

Eitt av desse bannera vil eg disponera sjølv, men dei aller fleste av dei andre må fyllast opp dersom eg skal halda fram. Då kan eg ha litt att for arbeidet, pluss for dei to åra som allereie har gått sidan Halsnøyveven starta.

 

Du skjønar sikkert teikninga? No freistar eg altså å flytta det dårlege samvitet over frå meg til deg!

 

Har du bruk for ein annonse som kvar dag vert sett av ei mengde trufaste halsnøybuar og halsnøyvener? Eller kjenner du nokon som har det, og som du kan bruka overtydingskunstene dine på? Det må ikkje absolutt vera halsnøyfirma, men dei bør vera såpass i nærleiken at annonsen kan vera mynta på halsnøybuar.

 

Sånn halvoptimistisk helsing

Arne Gjerde

 

15.07.2008

Sæbøvikfestivalen

Til helga brakar det laus att, med festival heile trio dagar til ende. Det startar torsdag med kaijazz, som vert inne i stovene dersom veret ikkje er prima.

 

Fredag er det Den store reke- og krabbefesten for heile familien. Dersom du trur at det tyder at då skal alle reka ned til Sæbøvik, for så å krabba heim att, så må du gjerne det. Både tru det, og eventuelt gjera det.

 

Laurdag er sjølve festivaldagen, med fiskekonkurranse og alskens underhaldning, grilling og kaffidrikking på land, til fengande trekkspelmusikk på kaien.

 

Og dans vert det sjølvsagt så det monar. I år er det dans både fredag og laurdag, båe dagane både i samfunnshuset og i teltet.

 

Sjølv har me i utgangspunktet sett av alle dagane/kveldane, med oppstart torsdag under kaijazzen og pubkvelden. Så får me sjå kor lenge helsa held.

 

Me snakkast vel i helga, då?

 

PS. Og midt oppe i alt dette så fyller Viggo 60 år. Ein ungdom i sin beste alder, altså. Til lukke med dagen, Viggo!

 

02.07.2008

Ferietid

Det kan nok henda at Halsnøyveven òg går inn i feriemodus no framover. Med oppdateringar berre ein gong innimellom. Ikkje fordi det er ferie her i garden, mest fordi det er altfor mange plikter å utføra, som trass alt er viktigare enn Halsnøyveven. Same kva du no måtte meina om den saka.

 

Synd er det sjølvsagt på ein måte, for teljaren vår syner at det er like mange trauste lesarar no som det var tidlegare. Kanskje kjem det av at Halsnøyveven er det einaste organet som er kjemisk fritt for agurkstoff? Eller dersom du måtte ha ei kjensle av at Halsnøyveven er det einaste organet som serverer agurksstoff året rundt, så er det eitt feitt for oss. Berre du les Halsnøyveven!

 

Me var saman med Strupebandet i Aurland og Lærdal for ikkje lenge sidan, for å setja ein spiss på starten av sumaren der oppe. Det har me visstnok gjort, noko du kan lesa meir om her.

 

 

www.halsnoy.no — www.perlo.no — www.basarholmen.no

Eldgamalt nytt

Arkiv over nyhende frå tidlegare år

 

Fyrste halvår 2008

Andre halvår 2007

Fyrste halvår 2007

Året 2006