
|
Heimkome |
|
05.07.2006 Dag 25: Endeleg heime att I kveld kom endeleg heltane våre heim att til Halsnøy. Det vil seia, tre av dei, for den fjerde er som kjent på vitjing hos Pekka og Toivonen, og han kan me difor ikkje venta heim på lange tider.
Velkomstkomiteen stod klar på Ranavik i halvsju-tida, med norske flagg, trompetar, ballongar, syklar og bilar. Og jubelen stod høgt under den nesten skyfrie himmelen. Til og med passasjerar og mannskap på Nordic Queen smilte frå øyra til øyra.
På biletserien til venstre ser du at dei kom i land saman med Gunnar Irgens, men det var berre eit slumpetreff, han var ikkje med på turen i år. Kanskje neste år?
Og Tor Bjelland serverte champagne, etter at han fyrst rista flaska godt og spruta innhaldet over raudrevane, i rein Monte Carlo-stil.
På biletet under ser du karane oppstilte bakom bilen som skulle frakta dei innover øya. Legg merke til den lett skrevande stilen hjå alle tre. Sjølv om dei fekk ordre om å stå rett, var dette det beste dei kunne prestera førebels.
Arne Gjerde las opp ”Ode til Firerbanden si heimkome”. Den kan du lesa nedafor. Han avslutta med å overlevera Viagra-injiserte kjøtkaker, der kjøtkakene var sponsa av Spar Sæbøvik og Viagraen av Halsnøyveven.
Og til slutt køyrde bilen med heltane bakpå, innover øya, med 10-15 tutande og flagrande bilar i kortesje på slep. Farten låg på 30 km i timen, og fleire stader stod familiar ute i hagane i det fine veret og smilte og vinka.
Halsnøy Red Foxes har verkeleg sett spor etter seg. Det er ein fantastisk prestasjon dei har utført, og me er alle mektig imponerte.
Hermed set Halsnøyveven strek for reportasjane frå den store sykkelturen.
Med mindre Sigval skulle hugsa noko frå opphaldet sitt hjå dei to vidgjetne finnane. Men det er det ingen som trur på. |








|
Ode til Firerbanden si heimkome frå sykkelturen Lindesnes-Nordkapp
Fire små limericks
Me helsar dykk skrevande karar som heim kjem frå spaning og farar. De let det gå sport i å sykla så fort at de oversåg kvinnfolk og barar.
Av dyr såg de gaupe og villrein, de vanta visst slagbjørn og gråbein. men i fylgje ein vev var det flust opp av rev. Ja, Red Foxes are riding again!
Men best som de sat der og tenkte, eit kjerald i vegkanten blenkte. "Den eine manns død, den andre manns brød", de sa, før de HB'en skjenkte.
"Kva skal me no få til salaten?" var ofte den daglege praten. "Men dersom ein snev av Viagra me krev, er kjøtkaker likaste maten!"
Kjøtkakene som de får overlevert er sponsa av Spar Sæbøvik. Sporstoff av Viagra i kjøtkakene er sponsa av Halsnøyveven.
|
|
www.halsnoy.no — www.perlo.no — www.basarholmen.no |